Fagblogginnlegg: Nabospråk og nabospråkundervisning

Språgpiloters logo henta frå

http://www.sprogpiloter.org/2016/

04/indtryk-fra-sprogpiloternes-konference.html

Nye Nordiske Språgpiloter  søkast

Omfanget  av kompetansemåla i norsk etter Vg3 og påbygging til generell studiekompetanse kan opplevast av mange nyutdanna lærarar som utfordrande, kanskje til og med skremmande. I kantina over ein kopp varm kaffi høyrer ein ofte norsklærarar sukke over umåteleg utval av tema og kompetansar som elevane skal kunne og gjere greie for i faget. Det er særleg to kompetansemål frå læreplanen i norsk som får norsklærarar på vidaregåande skuler til å gruble, her er det snakk om kompetansemål knyt til nordiske språk og nordiske tekstar. Eleven skal kunne

  • gjøre rede for noen sentrale likheter og forskjeller mellom de nordiske språkene
  • presentere et utvalg oversatte og originale nordiske tekster

Vg3 og påbygging til generell studiekompetanse er avsluttande trinn med obligatorisk eksamen i faget norsk. Utfordringa med desse kompetansemåla er at nordiske språk ikkje er representerte på noko vis i læreplanar på tidlegare tidspunkt. Sjølvsagt treng dette ikkje å vere eit problem dersom elevane var heldige med å ha gått gjennom denne delen av pensumet med ein engasjert lærar på ungdomsskulen eller dersom der er ein god dialog mellom norsklærarar på vidaregåande skule som utarbeidar alle planane for vg1, vg2 og vg3 i lag. Ein kan òg søke råd hos Nasjonal digital læringsarena, men arsenalet av materialet i nabospråk er ganske avgrensa hos NDLA. Kor skal ein fersk lærar med lite kompetanse i nabospråka starte, viss han eller ho må løyse utfordringa på eiga hand?

Om du ønsker at elevane dine skal meistre språk, kultur og litteratur til nabolanda finn du støtte, inspirasjon og ressursar hos Nordiske Språgpiloter. Prosjektet ble etablert i 2007 og er finansiert av  Nordisk Ministerråd og fleire bilaterale nordiske institusjonar. Målet til Nordiske Språgpiloter-prosjektet er å styrke nabospråkforståing gjennom tverrnasjonalt arbeid. Nordiske Språgpiloter var opphaveleg utarbeidd for lærarar i grunnskulen, men sidan 2015 har organisatorane til prosjektet òg teke seg av vidaregåande skulen.

Prosjektet inneber deltaking i eit gratis, utanom reiseutgifter, fire-dagars intensivt kurs med fokus på didaktisk etterutdanning i nabospråka for språklærarar i nordiske land. Året 2017 skal kurset haldast frå 1. til 5. april i København, kursspråka skal vere norsk, dansk og svensk. Påmeldingsfrist er 1.  mars 2017 og påmeldinga kan ein sende til Lis Madsen, leiaren til Nordiske Språgpiloter, lima@ucc.dk. Meir informasjon om kurset kan ein finne på heimesida.

For dei som ikkje har anledning til å delta i kurset byr Nordiske Språgpiloter  på et utval av ressursar til nabospråkundervisning. Førebels  passar dei fleste ressursane publiserte på websida best for grunnskulen, men Nordiske Språgpiloter oppdaterer stadig ressursbanken. Sånn som det er i dag har ein tilgang til ei god blanding av digitale hjelpemiddel som kan utruste ein norsklærar i møtet med kompetansemåla om nordiske språk.

Til dømes inviterer Nordiske Språgpiloter til å besøke ein fri undervisningsressurs Nordiskesprak som fokuserer på arbeid med kunnskapsfilmar for ungdommar om nabospråka og byr på aktivitetar kor elevane skal lære om likskapar og forskjellar mellom hovudsakeleg dansk, norsk og svensk, men også islandsk og færøysk.

Fleire døme på ressursar frå Nordiske Språkpiloter som kan gjere nytte for seg på vidaregåande nivå er Nordeniskolen som mellom anna gjer det mogleg å etablere venskap mellom klassane frå forskjellige nordiske land og byr i tillegg på ei minilydordbok med uttale av orda på bokmål, nynorsk, dansk og svensk. Eit stort utval av nordiske fagbøker tilgjengelege online finn ein på Atlantbib. Prosjektet er i utgangspunktet retta mot grunnskule, men ein med interesse for likskapar og forskjellar mellom nordiske språk kan godt nytte anledninga å lese og høyre på korte fortellingar om alt frå Nordens flagg til Pokemon på fem nordiske språk.

“Nordiske Språgpiloter” inviterer deg til å bli med.

Kjelder

Atlantbib: Små nordiske fagbøker (2015). Henta frå http://atlantbib.org/nn

Kalambur: Krutoe pike. (1996). [Videoklipp]. Henta frå https://www.youtube.com/watch?v=O64__5ZsbMw

Logo til prosjektet Nordiske Språgpiloter. [Bilete] (Sist modifisert 02.02.2017). Henta frå http://www.sprogpiloter.org/

Nasjonal digital læringsarena. (2009.07.04). Nordiske språk og litteratur. Henta frå https://ndla.no/nb/node/15688?fag=27

Norden i skolen. (Sist besøkt 2017.23.02). Spåk og kultur. Henta frå http://nordeniskolen.org/nn/spraak-kultur/vidaregaaande/

Nordiske språk. (Sist besøkt 2017.19.02). Om Nordiske språk. Henta frå http://nordiskesprak.net/om-nordiskesprak/

Utdanningsdirektoratet. (2006.01.08). Læreplan i norsk: Kompetansemål. Henta frå https://www.udir.no/kl06/NOR1-05/Hele/Kompetansemaal