Kvifor les vi skjønlitteratur i skulen?

Noko av det beste eg visste som barn, var å setje meg ned med ei god bok. Eg hugsar enno korleis eg sperra ute heile den verkelege verda, medan eg las side etter side i full konsentrasjon. Eg har ikkje alltid vore glad i å lese, det er noko eg har måtte lære meg å like. Men da eg først fatta interesse for lesing, vart det vanskeleg å leggje bøkene til side.

Eg meiner ei av dei viktigaste grunnane til at vi les skjønlitteratur i skulen er at det kan skape leseglede og leselyst. Om elevane les gode tekstar som fengjer, vil det kunne gjere leseopplevinga spennande og meiningsfylt, noko som igjen kan føre til at elevane blir betre lesarar. Nettopp det å bli betre lesarar trur eg er eit av hovudpunkta til at vi les skjønlitteratur i skulen. Vi blir aldri heilt utlærte lesarar, det å lese er noko vi alltid kan bli betre til! Samtidig skal vi ikkje lese berre for å bli dyktige lesarar. Skjønlitteraturen kan ogso vere med på å byggje opp vår kreativitet og fantasi. I skjønlitteraturen er jo alt lov.

Som framtidig lærar håpar eg at eg klarar å formidle noko av mi eiga leseglede over til mine elevar. Eg veit sjølv kva for eit stort utbyte eg fekk av å lese skjønlitteratur. Gjennom lesing av gode skjønlitterære verk, trur og håpar eg mange elevar får gode leseopplevingar. Det er noko heilt eige å oppdage dei behagelege og gode opplevingane ein får av å lese ei god bok.

Bilde fra: http://flavorwire.com/392753/the-20-most-beautiful-libraries-on-film-and-tv

 

 

Leave a Comment

Filed under NO 148

Legg igjen en kommentar