Monthly Archives: september 2015

Forlag som metode

I denne oppgåva vil eg ta for meg den didaktisk iscenesetjinga forlag som metode. Eg har tatt i bruk boka Dialogar om tekst (Håland og Lorentzen, 2007). Eg vil i oppgåva forklare kva eg meine er bra med metoden og kvifor eg trur på den. Fyrst vil eg kort gjere greie for kva forlag som metode er.

Forlag som metode går ut på at elevane får moglegheit til å skape eigne tekstar og bøker. Elevane og læraren har ulike rollar, der læraren trår inn i rolla som forlagssjef, medan elevane er forfattarar. Forlaget integrerer fire av dei fem grunnleggjande dugleikane: lese, skrive, bruk av digitale verktøy og munnleg bruk av språket. Når elevane skal skape eigne tekstar, kan det være dei hentar inspirasjon frå forskjellige fag. Då må dei kunne lese i fleire fag. Dei må kunne samtale om tekstane sine med forlagssjefen og andre elevar i klassen. Inspirasjon kan hentas frå internett, og om det er moglegheit for det, kan elevane få bruke PC. Ikkje minst må elevane kunne skrive, då dette er noko forlaget framfor alt fremjar. 

 

 

Leikekonseptet

Leiken er eit viktig konsept i denne metoden og læraren står framfor mange val i planlegginga av forlaget og korleis det skal fungere. Ynskjer læraren å byte namn når ho går inn i rolla som forlagssjef og vil ho ta i bruk kostymer? Som forlagssjef får dessutan læraren ein viss autoritet. Forlagssjefen kan ta avgjersler utan at dette vert teken som kritikk. Trykkeriet er ein fin plass for forlagssjefen og forfattarane å få i gang gode dialogar. Trykkeriet har eit høgtideleg preg over seg. Forlagssjefen har siste ordet, men det er viktig å hugse på at forfattarane skal få være med å bestemme over sine eigne prosjekt.

Noko eg meine er veldig viktig er at forlagssjefen ikkje skal skjenne på elevane. Forlagssjefen må være ein person som inspirerer til skriving og set krav til sjølve skrivinga, ikkje elevanes åtferd. Om det er ein klasse prega av åtferdsvanskar, tenkjer eg at læraren på forhand kan samtale med elevane om korleis dei ynskjer å ha det i forlaget sitt, og kva forlagssjefen forventar av forfattarane.

 

Støttande stillas

Under skriveøkta kan elevane søke råd og rettleiing hos forlagssjefen, eller hos dei andre elevane i klassen. Her kan dei få hjelp til å stave ord, eller så kan forlagssjefen komme med forslag til korleis dei kan gjere boka enda betre. Dessutan kan det være bra for elevane å få idémyldre både med andre elevar og med læraren.

Det kan være lurt å ta i bruk ein responskrok i klasserommet. Her kan elevane søke råd hos forlagssjefen eller hos andre elevar som er ute i same ærend som dei sjølv er. Om elevane søker råd hos kvarandre kan dette skape spontan respons, og elevane kan være til hjelp for kvarandre på ulike nivå. Mykje av elevanes læringspotensial, i denne måten å arbeide på, ligg i den tida ein har til å samtale med elevane om tekstene deira.

 

Arbeidet blir verdsett

Når ein elev er ferdig med boka si, gjev eleven boka til forlagssjefen. Det er forlagssjefen sitt ansvar å stifte boka saman til nesten økt og å godkjenne den. Etter godkjenninga skal teksten framførast. No er det kvar enkelt elev sin tur til å være synleg og i sentrum i klasserommet. Eg tykkjer det verkar lurt å la forlagssjefen lese opp dei ferdige resultata. Forlag som metode er i hovudsak skriveopplæring, og det kan være fint for elevane å få høyre sine eigne tekstar lest opp. Ved å lese opp alle elevane sine ferdige resultat, får elevane ei kjensel av at det dei arbeidar med på skulen er viktig, og dei får ei kjensel av å være verdsette. Dette meiner eg er utruleg viktig. Det er lite motiverande å arbeide med noko over lengre tid, om det blir stua bort bakarst i hylla.

Kjelder:

Håland, A., & Lorentzen, Rutt Trøite. (2007). Dialogar om tekst : Praktisk arbeid med elevtekstar i norskfaget. Oslo: Universitetsforlaget.

Bilder frå:

http://www.studenttorget.no/index.php?show=5192&expand=4631,5192&yrkesid=241

http://www.bestcollegesonline.com/blog/2012/07/02/the-top-100-creative-writing-blogs-updated/

http://www.forlagsliv.no/pocketprat/files/2011/12/skrive__forfatter___564132p.jpg

1 Comment

Filed under NO 148

Himmelen bak huset

I denne oppgåva til eg peke på narratologiske skilnader og likskapar mellom Gaute Heivolls biletbok Himmelen bak huset og filmadaptasjonen av boka. Fyrst vil eg gi eit innblikk i bokas innhald.

Himmelen bak huset møter me den vesle guten Jon og far hans i huset deira. Mor til Jon er død, noko som er eit gjennomgåande tema i boka. Sjølv om ho er død, kjem ho inn til han kvar kveld etter han har lagt seg. Mein ein kveld kjem ho ikkje, noko som føyrer til at Jon ikkje får sove. Svarte fingrar opnar skapdørene og ut kjem kleda hans, men dei har ikkje ansikt. Da far til Jon finn ut at han er redd, tek han Jons gamle, øydelagde genser og raknar den opp. Til slut har dei et raudt nøste. Dei knyt tråden rundt fars tå og om Jon vert redd kan han dra i tråden. Midt på natta vaknar Jon og drar i tråden, men far kjem ikkje. Jon listar seg ut av rommet, men tråden leder ikkje til far. Den leder Jon ut i mørket og til trehytta. Der møter Jon mor, far og kleda som no har fått ansikt.

Å lage ein filmversjon av ei bok kan by på mange utfordringar. Vidare vil eg trekke fram det  eg meiner kunne vore problematisk da dei skulle lage filmversjon ut av boka Himmelen bak huset. Eg vil også kommentere korleis er sjølv synast dei klarte å løyse desse utfordringane.

Bokversjone av Himmelen bak huset har noko nostalgisk øve seg, den er mørk både visuelt og i innhald. Det å skulle overføre det mørke til lerretet kan være problematisk da mørket kan gjere det uoversiktleg. Eg synast ikkje filmskaparane har overført like mye av mørket over til filmen. Her er det musikken som kallar fram mykje av stemninga me i boka får gjennom dei dystre, skyggefulle bileta.

Mens litteraturen sitt store fortinn er å formidle tankar kan dette være vanskeleg på film. I boka får me med oss Jon sine tankar, han er ein eg-forteljar. Dette kan også være problematisk da det sjeldan funkar å ha ein eg-forteljar på film. Filmskaparane har valt å løyse dette ved å ha ei forteljarstemme som forklarar og gir oss tankane sine.

Heile filmen startar med eit frampeik, ein prolepse, ved at Jon går ut av huset og inn i skogen til trehytta si. På vegen forklarar han med forteljarstemma si at mora ikkje kom inn til han kvelden i førevegen, noko ho pleiar. Frampeiket skapar dynamikk og spenning rundt det som seinare kjem i filmen. Musikken spelar, som eg tidlegare har fortalt, ei viktig rolle her. Den er med på å skape kjensler ein vanskeleg kan få forklart berre med teksta si formidling. Med hjelp av frampeiket, musikken og scena der Jon og faren sit i stua og ser på fjernsyn og teiknar blir det enklare for mottakarane å forstå at mora er død. Eg meiner filmskaparane har løyst dette på ei god måte, spesielt med tanke på kor vanskeleg det kan være å overføre noko frå ein tekst til skjermen.

Bildane i bokversjonen er i svart-kvitt og består av mange skygger, det einaste som stikker seg fram er den raude tråden. Den kan ses som eit paratekstuelt rammeverk, ein gjennomgåande raud tråd. Den går igjen gjennom heile boka, ikkje bare på bildane og i teksten, men også fysisk ved at den er som eit bokmerke i boka. Tråden kan også ses som bokas bærande symbol. I filmversjonen er den raude tråden ein kjernefunksjon, om ikkje Jon hadde følgd den raude tråden ut i skogen, ville det ikkje lenger vore ein adaptasjon av boka. Filmversjonen visar ultranære innstillingar, da spesielt med tanke på tråden.

Bilder fra:

http://nydalenbokstue.no/produkt/barne-og-ungd-boker/himmelen-bak-huset-gaute-heivoll

http://www.nrk.no/sorlandet/pris-til-_himmelen-bak-huset_-1.7856505

Leave a Comment

Filed under NO 148