I denne oppgåva til eg peke på narratologiske skilnader og likskapar mellom Gaute Heivolls biletbok Himmelen bak huset og filmadaptasjonen av boka. Fyrst vil eg gi eit innblikk i bokas innhald.
I Himmelen bak huset møter me den vesle guten Jon og far hans i huset deira. Mor til Jon er død, noko som er eit gjennomgåande tema i boka. Sjølv om ho er død, kjem ho inn til han kvar kveld etter han har lagt seg. Mein ein kveld kjem ho ikkje, noko som føyrer til at Jon ikkje får sove. Svarte fingrar opnar skapdørene og ut kjem kleda hans, men dei har ikkje ansikt. Da far til Jon finn ut at han er redd, tek han Jons gamle, øydelagde genser og raknar den opp. Til slut har dei et raudt nøste. Dei knyt tråden rundt fars tå og om Jon vert redd kan han dra i tråden. Midt på natta vaknar Jon og drar i tråden, men far kjem ikkje. Jon listar seg ut av rommet, men tråden leder ikkje til far. Den leder Jon ut i mørket og til trehytta. Der møter Jon mor, far og kleda som no har fått ansikt.
Å lage ein filmversjon av ei bok kan by på mange utfordringar. Vidare vil eg trekke fram det eg meiner kunne vore problematisk da dei skulle lage filmversjon ut av boka Himmelen bak huset. Eg vil også kommentere korleis er sjølv synast dei klarte å løyse desse utfordringane.
Bokversjone av Himmelen bak huset har noko nostalgisk øve seg, den er mørk både visuelt og i innhald. Det å skulle overføre det mørke til lerretet kan være problematisk da mørket kan gjere det uoversiktleg. Eg synast ikkje filmskaparane har overført like mye av mørket over til filmen. Her er det musikken som kallar fram mykje av stemninga me i boka får gjennom dei dystre, skyggefulle bileta.
Mens litteraturen sitt store fortinn er å formidle tankar kan dette være vanskeleg på film. I boka får me med oss Jon sine tankar, han er ein eg-forteljar. Dette kan også være problematisk da det sjeldan funkar å ha ein eg-forteljar på film. Filmskaparane har valt å løyse dette ved å ha ei forteljarstemme som forklarar og gir oss tankane sine.
Heile filmen startar med eit frampeik, ein prolepse, ved at Jon går ut av huset og inn i skogen til trehytta si. På vegen forklarar han med forteljarstemma si at mora ikkje kom inn til han kvelden i førevegen, noko ho pleiar. Frampeiket skapar dynamikk og spenning rundt det som seinare kjem i filmen. Musikken spelar, som eg tidlegare har fortalt, ei viktig rolle her. Den er med på å skape kjensler ein vanskeleg kan få forklart berre med teksta si formidling. Med hjelp av frampeiket, musikken og scena der Jon og faren sit i stua og ser på fjernsyn og teiknar blir det enklare for mottakarane å forstå at mora er død. Eg meiner filmskaparane har løyst dette på ei god måte, spesielt med tanke på kor vanskeleg det kan være å overføre noko frå ein tekst til skjermen.
Bildane i bokversjonen er i svart-kvitt og består av mange skygger, det einaste som stikker seg fram er den raude tråden. Den kan ses som eit paratekstuelt rammeverk, ein gjennomgåande raud tråd. Den går igjen gjennom heile boka, ikkje bare på bildane og i teksten, men også fysisk ved at den er som eit bokmerke i boka. Tråden kan også ses som bokas bærande symbol. I filmversjonen er den raude tråden ein kjernefunksjon, om ikkje Jon hadde følgd den raude tråden ut i skogen, ville det ikkje lenger vore ein adaptasjon av boka. Filmversjonen visar ultranære innstillingar, da spesielt med tanke på tråden.
Bilder fra:
http://nydalenbokstue.no/produkt/barne-og-ungd-boker/himmelen-bak-huset-gaute-heivoll
http://www.nrk.no/sorlandet/pris-til-_himmelen-bak-huset_-1.7856505