I kompetansemåla vi finn i Kunnskapsløftet er det retta fokus mot talemål. Der står det følgjande etter 4. årstrinn: elevene skal kunne beskrive eget talemål og sammenligne med andres. Etter 7. årstrinn står det: elevene skal kunne sammenligne talemål i eget miljø og med noen andre talemålsvarianter og med de skriftlige målformene bokmål og nynorsk. Elevane i norsk skule skal altså både kunne fokusere på eige talemål, men også rette fokus mot andre talemålsvariantar. Samstundes skal dei kunne samanlikne forskjellige talemål med bokmål og nynorsk. Med dette som utgangspunkt vil eg komme med nokre refleksjonar rundt det å sjølv være innflyttar til ein stad med eit heilt forskjelleg talemål enn mitt eige og også komme med tankar eg har rundt talemålsundervisninga i norsk skule i dag. Til slutt vil eg i korte trekk forklare korleis eg ville arbeida med talemålsundervisning i 4. klasse.
Talemål er eit tema eg sjølv via mykje interesse i barndomen. Noko av grunna til dette er nok at eg som 7-åring flytta frå Bergen til Sørlandet og da skilde meg ut med min karakteristiske måte å snakke på. I min klasse snakka alle elevane ein eller anna form for sørlandsk, og i friminutta blei eg fort kjend som jenta som snakka bergensk. Dei fleste elevane på småtrinna visste etter kort tid kven eg var. Til og med lærarane kommenterte dialekta mi. Det oppstod gjerne snåle situasjonar dei fyste månadene i ny klasse. I Bergen pleidde eg å disse i friminutta, mens dei her på Sørlandet ronsa. Men eg lærte raskt å tilpasse meg talemålet til klassekameratane mine. Noko eg i ettertid har tenkt over, er det faktum at norsklæraren min aldri brukte meg og mitt talemål som ein ressurs i undervisninga. Eg kan heller ikkje huske å ha lært noko om forskjellige talemål før mykje seinare i skulegangen.
Som eg innleiingsvis skreiv, står det i Kunnskapsløftet at elevane skal lære om talemål i skulen og tileigne seg kunnskap om dette. Talemål er eit spennande tema man kan vie mykje tid i klasserommet og eg trur dei aller fleste elevane har ein eller anna erfaring med andre talemål enn sitt eige. Elevane vil difor kunne bidra mykje sjølv i ein diskusjon om talemål. Eg vil vidare kommentere korleis læraren kan arbeidet med talemål i ei undervisningsøkt i 4. klasse.
Læraren kunne introdusert temaet med å starte ei samtale om kva omgrepet talemål betyr. Ho kunne starta med norsk språkhistorie, da spesielt Ivar Aasen og Knud Knudsen og deira arbeid med skriftspråka bokmål og nynorsk. Eg ville ikkje brukt meir tid enn nødvendig på dette. Læraren måtte sjølvsagt forklart kor dei forskjellige talemåla er frå og burde da rette fokus mot dei fire dialektområda i Norge som er: nord-norsk, austnorsk, vestlandsk og trøndersk. Eg ville sjølvsagt poengtert at det innanfor desse områda er store variasjonar i talemålet. Vidare kunne elevane få diskutera saman to og to for å finne ut av kva slags talemål dei sjølv har. Resultata av dette kunne læraren skrevet opp på tavla, slik at ein kunne sjå mangfaldet i klassen. Avsluttande kunne det blitt vist ein episode av nettserien Dialektlandskapet som finns på NRK sine nettsider. Sjølv ville eg prøvd å finne ein episode som omhandlar eit talemål som er tilnærma likt talemålet i regionen skulen held til. Aller sist kunne elevane fått i lekse å finne ut av kor foreldra deira er frå og om dei har ein anna dialekt enn dei sjølv har. Dette kunne vi arbeida vidare med i neste norskøkt.
Bilder frå:
http://www.nrk.no/kultur/stem-pa-din-dialekt-favoritt_-1.6429817
http://ndla.no/nb/node/70081