Monthly Archives: november 2015

Munnleg forteljing i praksis – forteljinga om dei tre brødrane

Oppgåva me fekk denne praksisperioden var å fortelje eit eventyr eller ei historie frå den munnlege kulturen. Me skulle øve oss på å bruke ulike forteljarteknikar og måtte tenkje øve korleis me ønska å arbeide med forteljinga etter å ha fortalt den for klassen. Eg vil i denne bloggposten fortelje om mine tankar rundt arbeidet med munnleg forteljing og forklare kva for nokre val eg tok og kvifor eg valde slik eg gjorde.

Eg hadde praksis på 6. trinn ved ein skule som nyttar seg av den opne klasseromløysinga. I arbeidet med munnleg forteljing var det utfordrande å finne nok timar til at alle studentane kunne få fortelje si forteljing og det blei til at me delte elevgruppa i fire. Eg fekk difor ei gruppe på 15 elevar. Vidare blei det til at me valde ei relativt kort økt, den varte ikkje meir enn 40 minuttar. Med dette i tankane blei det til at eg valde forteljinga om dei tre brødrane, som me finn i eventyrboka the Tales of Beedle the Bard. Det er riktig nok ikkje ei historie frå vår munnlege kultur, men eg meiner det fullt ut er ei forteljing mange elevar har møtt gjennom bøkene og filmane om Harry Potter. Eg valde denne forteljinga fordi eg ønska å fortelje om noko som kunne appellere til elevar i 6. klasse. Eg var ganske usikker på om elevane kom til å kjenne att forteljinga, noko eg kjem tilbake til seinare.

Kort fortald handlar forteljinga om tre brødrar. Dei er på veg heim etter ei lang reise, og på vegen oppstår det eit problem – dei må krysse ei elv som er så djup og med så sterke straumar at alle som prøvar å krysse den døyr. Brødrane har magiske kreftar og tryllar fram ei bru, men etter kvart møter dei døden som meiner dei tre brødrane har lurt ham for tre nye offer. Det endar med at dei tre brødrane får eit ønske kvar. Forteljinga endar med komplikasjonar for dei to fyste brødrane og den har ei tydeleg moral.

Førebuing

Det fyste er gjorde etter å ha valt forteljing var å omsetje det til norsk. Dette tok ganske lang tid, med tanke på at eg ønska å få med dei poetiske verkemidla forteljinga hadde på engelsk, og som er nokso vanskeleg å omsetje til norsk. Etter å ha omsett forteljinga følte eg at den satt ganske godt. Men eg hadde fortsatt ein del igjen å gjere. Eg valde å lese gjennom omsetjinga min eit par gonger før eg lagde ei teikneserie ut av det. Eg valde å korte det ned til 6 ruter. Eg brukte lang tid på å lage teikneserien mi, noko det er fleire grunnar til. Eg hadde problem med å korte forteljinga ned til 6 punkt, samstundes som eg visste eg måtte ta med det aller viktigaste. Etter å ha teikna ned forteljinga valde eg å gå gjennom den nokon gonger med hjelp av teikneserien. Til slutt stod eg framfor spegle heime og las det høgt for meg sjølv. Vidare fann eg nokre små rekvisita eg ønska å ha med i forteljarstunda. Mest for min eigen del, då eg følte det var ei god støtte å ha noko konkret framfor meg. Eg valde ein svart blyant som skulle førestille tryllestaven. Eit kvitt viskelær som skulle være steinen og eit svart sjal som skulle være usynlegheitskappa. Altså ikkje noko avansert.

Gjennomføring

Til slutt måtte eg bestemme meg for kva som skulle være meininga med forteljarstunda. For meg var det viktig at det skulle være ei fin stund for både elevane og meg, der fokuset skulle være på forteljinga. Ettersom timen var såpass kort blei det til at eg droppa mykje eg kunne tenkje meg å ha med. Eg bestemte meg for å starte økta med å begynne rett på forteljinga, vidare skulle me samtale om den. Eg bestemte meg for at klassen saman med meg skulle kome fram til dei 6 punkta me meinte var viktigast, og til slut skulle elevane få arbeide med si eigen teikneserie. Eg var veldig usikker på kor god tid eg kom til å ha. Om eg fekk god tid var planen å la elevane få fortelja forteljinga for kvarandre etter dei hadde teikna den ned. Om eg fekk dårleg tid hadde eg tenkt å la elevane få arbeide med teikneserien.

No vil eg fortelje korleis det gjekk å gjennomføre forteljinga. Timen starta med at elevane kom inn i klasserommet relativt raskt. Den einaste beskjeden eg gav da dei kom inn, var at dei som satt langt bak måtte sette seg ved dei ledige pultane lengre framme. Etter at dei hadde gjort det venta eg til det vart heilt stille før eg byrja å fortelle. Eg valde å bruke heile området framfor pultane og gjekk roleg rundt mens eg fortalde. Vidare stoppa eg opp der eg følte det var naturleg med pausar. Eg tok også i bruk rekvisittane mine, og det verka som om elevane likte desse. Ei plass i forteljinga, då eg fortalde om korleis den eine broren var drepen, kviskra ein av elevane kva er ein strupe? Eg responderte på dette og ser i ettertid at eg kanskje kunne ha dramatisert enda meir. Etter at forteljinga var slutt spurde eg elevane om dei hadde hørt forteljinga før. Eit par rakk opp handa, og då ein av dei fortalde at det var frå Harry Potter, såg eg at fleire elevar nikka. Vi samtala om teksten og skreiv opp 6 punktar me saman kom fram til på tavla. Vidare såg eg at vi hadde om lag 10 minuttar igjen og valde difor å la elevane få kose seg med å lage teikneserie ut frå forteljinga. Eg ønska ikkje at resten av økta skulle bli ein stressande oppleving. Då timen var øve viste fleire av elevane stolt fram resultata sine, før dei gjekk ut til friminutt.

Nokre refleksjonar

Eg er glad eg fekk prøve ut å arbeide med munnleg forteljing. Munnleg forteljing er noko eg kjem til å ta med meg i arbeidet som lærar. Eg var på førehand spent på om elevane kom til å synes timen var barnsleg, men det gjorde dei ikkje. Alle satt med store auge og følgde med og det var heilt stille i klasserommet. Eg trur absolutt det er ein arbeidsform man kan nytta i mange ulike samanhengar i skulen.

 

Bilder frå:

http://blog.crdp-versailles.fr/trainyourears/index.php/post/28/02/2015/The-Tale-of-the-Three-Brothers-Ree

http://harrypotter.wikia.com/wiki/File:DH1_The_Tales_of_Beedle_the_Bard_1st_page,_Deathly_Hallows_symbol.jpg

http://thepostmodernpottercompendium.tumblr.com/post/93152843075/they-heard-the-news-first-on-the-6th-of-july

https://hilery.files.wordpress.com/2012/03/taleofthreebrothers.jpg

1 Comment

Filed under NO 148