Forlag som metode

I dette blogginnlegget vil eg skriv om ei didaktisk iscenesetjing som eg har tru på. Eg vil da skriv om forlag som metode på 3.trinn. Dette er ein metode som eg trur alle elevane kan føle at dei mestrer, og som dei aller fleste også synast er gøy. I ein slik undervisningsmetode er gjerne læraren forlagssjef og elevane forfattarar. Når elevane er forfattarar, lagar dei bøker som er bretta saman av A4-teikneark og som dei skriv og teiknar i. Det at læraren omtalar seg sjølv som forlagssjef er noko av det leikeprega ved metoden, men det vil også gi han ein viss autoritet. Forlagssjefen skal ikkje vera ein person som skjenna på elevane, men ein person som inspirerer til å skrive, og som set nokre krav i høve til skrivinga og ikkje åtferda. Elevane kan enten skrive bok åleine eller dei kan skrive saman med andre. Eg tenkjer at viss elevane kan bestemme tema sjølv, vil det vere med på å gi fleire elevar motivasjon til å skrive. Det at dei får lov å skrive om noko som dei interesserar seg i. Men nokon gonger kan også forlagssjefen bestemme skriveprosjektet. Eg tenkjer at dette er ein veldig bra metode i forhold til tilpassa opplæring. Forlaget gir rom for elevane sine ulike skriveprosessar. Elevane er på ulike nivå i skriveutviklinga, og i forlaget har ein høve til å la elevane utvikla seg vidare i si eiga takt. Og ikkje minst, har læraren også høve til å vera støttande stillas og støtta opp om eleven si utvikling.

Clipart Om Skole B&oslashrn Og L&aeligrere I Skolerne At Have Frikvarter Clipart

Det å ha tilgang til datamaskiner med enkle skriveprogram i klasserommet under forlagsøktene er noko som kan vera til stor hjelp for mange elevar.  Det å skrive på data har fleire fordeler, men blant anna at ei dataskriven tekst gir eit autentisk preg og liknar i større grad på andre tekstar som elevane omgir seg med. Dette kan gjerne gjere noko med den gode sjølvkjensla som ligg i det å få eit fint skriveprodukt. Elevane kan få hjelp av forlagssjefen i skriveprosessen, men dei kan også hjelpe kvarandre. Når dei skriv slike forfattarbøker, vil elevane ofte engasjere seg i kvarandre sine skriveprosjekt. Dei vil da gjerne også vere interessert og ivrige til å gi respons, og vere til hjelp for kvarandre. Når tekstane til slutt er godkjende av forlagssjefen, er det gjerne tid for framføring. Det er vanleg at forlagssjefen da les opp eleven si bok, men eleven kan også få tilbod om å lesa sjølv dersom han ønskjer det. Men det er viktig å huske på at Forlag som metode i utgangspunktet ikkje er ei leseopplæring, men skriveopplæring. Derfor er det ikkje så viktig om sjølv ikkje flinke lesarar les tekstane sine sjølv. Elevane skal også gi kvarandre respons, som i hovudsak skal vera positiv, sidan boka er ferdig. Denne positive tilbakemeldinga på tekst, kan også smitta over på det sosiale miljøet i klassen. Det sosiale rundt Forlaget vert veldig viktig for fagleg utvikling, og dei positive tekstspesifikke kommentarane vil stimulere også tilbakemeldingar på meir personlege områder.

Kjelder:
– Håland, Anne og Rutt Trøite Lorentzen. 2007. Dialogar om tekst. Praktisk arbeid med elevtekstar i norskfaget. Oslo: Universitetsforlaget.

– Bilete: http://www.cliparthut.com/clipart-om-skole-b&oslashrn-og-l&aeligrere-i-skolerne-at-have-frikvarter-clipart-ejWlWb.html

 

Himmelen bak huset

I dette innlegget vil eg peike på nokon narratologiske skilnader og likskapar mellom Gaute Heivolls biletbok Himmelen bak huset og filmadaptasjonen av boka. Samandrag ifrå boka finner du her, og filmen finner du her.

Det er nokon kjernefunksjoner frå den litterære teksta som bør vere med i filmen. Disse kjernefunksjonane meiner eg er karakterane, den raude tråden, huset og eit område bak huset. Det som også bør være med i filmen er at guten følgjer den raude tråden ut i skogen, viss ikkje vil det bli ei heilt anna forteljing. Alle desse kjernefusjonane synast eg at filmen har ivareteke på ein bra måte.

I både filmen og boka har vi å gjere med ein fystepersonsforteljar,  der forteljaren deltar som hovudperson i den historia som blir fortalt. Vi har også å gjere med ein intern synsvinkel, som er forankra i guten Jon. Diskursen i filmen og boka er noko annleis. I byrjinga av filmen får vi eit frampeik, ein prolepse. Det starter med at den lille guten, Jon, er ute i skogen ved trehytta. Der får vi høyre at mora hans pleier å komme til han om natta, men at ho ikkje kom denne natta som nettopp har vært. Det går så tilbake i tid, der vi får sjå kva som hendte den kvelden ho ikkje kom. I boka er det derimot her byrjinga starter, og vi får ei lang innleiing før Jon fortel at mora ikkje kom denne natta. Eg tenkjer at det er bra at filmen ikkje bruker så mykje tid på innleiinga som det er i boka. Det ville da ha teke litt for lang tid før handlinga kjem i gang, med tanke på filmpublikum. Det å bruke ein prolepse i starten skaper dynamikk og spenning, og etablerer nokon forventningar om kva som vil komme.

I boka får vi innsyn i mange tankar Jon har, noko det er lite av i filmen. Men filmen har fått med nokon få innslag av Jon sine tankar ved å bruke voiceover. Det er ikkje brukt så mykje av dette i filmen, men dette er kanskje ikkje så rart, sidan det er eit meir litterært grep. I boka får vi også høyre om bevegelege klede, noko som ikkje kjem frem i filmen. Dette kan vere ein utfordring å få til å skape i filmen, og blir løyst ved å visa nokon skikkelsar i staden for. Desse skikkelsane i filmen er også med på å gjere filmen mykje skumlar enn boka. I filmen får dei også med tydelig at det var ein drøym Jon hadde, mens i boka blir det derimot ståande litt meir opent om det er ein drøym eller verkelegheit, noko eg tenkjer kanskje kan vere ein trøyst for barn.

Dette var bare nokon få skilnadar og likskapar, men alt i alt syntast eg at filmen er ein vellykka adaptasjon av boka!

Kjelder:
– Boka Himmelen bak huset av Gaute Heivoll
– Boka Fortellerens hemmeligheter – Innføring i litterær analyse av Rolf Gaasland.
– Filmatiseringa av boka Himmelen bak huset, regissert av Steffan Strandberg.

Bilder:
https://asnefl.files.wordpress.com/2014/09/desktop-3.jpg
http://www.nfi.no/92296/himmelen-bak-huset