I dette innlegget vil eg peike på nokon narratologiske skilnader og likskapar mellom Gaute Heivolls biletbok Himmelen bak huset og filmadaptasjonen av boka. Samandrag ifrå boka finner du her, og filmen finner du her.
Det er nokon kjernefunksjoner frå den litterære teksta som bør vere med i filmen. Disse kjernefunksjonane meiner eg er karakterane, den raude tråden, huset og eit område bak huset. Det som også bør være med i filmen er at guten følgjer den raude tråden ut i skogen, viss ikkje vil det bli ei heilt anna forteljing. Alle desse kjernefusjonane synast eg at filmen har ivareteke på ein bra måte.
I både filmen og boka har vi å gjere med ein fystepersonsforteljar, der forteljaren deltar som hovudperson i den historia som blir fortalt. Vi har også å gjere med ein intern synsvinkel, som er forankra i guten Jon. Diskursen i filmen og boka er noko annleis. I byrjinga av filmen får vi eit frampeik, ein prolepse. Det starter med at den lille guten, Jon, er ute i skogen ved trehytta. Der får vi høyre at mora hans pleier å komme til han om natta, men at ho ikkje kom denne natta som nettopp har vært. Det går så tilbake i tid, der vi får sjå kva som hendte den kvelden ho ikkje kom. I boka er det derimot her byrjinga starter, og vi får ei lang innleiing før Jon fortel at mora ikkje kom denne natta. Eg tenkjer at det er bra at filmen ikkje bruker så mykje tid på innleiinga som det er i boka. Det ville da ha teke litt for lang tid før handlinga kjem i gang, med tanke på filmpublikum. Det å bruke ein prolepse i starten skaper dynamikk og spenning, og etablerer nokon forventningar om kva som vil komme.
I boka får vi innsyn i mange tankar Jon har, noko det er lite av i filmen. Men filmen har fått med nokon få innslag av Jon sine tankar ved å bruke voiceover. Det er ikkje brukt så mykje av dette i filmen, men dette er kanskje ikkje så rart, sidan det er eit meir litterært grep. I boka får vi også høyre om bevegelege klede, noko som ikkje kjem frem i filmen. Dette kan vere ein utfordring å få til å skape i filmen, og blir løyst ved å visa nokon skikkelsar i staden for. Desse skikkelsane i filmen er også med på å gjere filmen mykje skumlar enn boka. I filmen får dei også med tydelig at det var ein drøym Jon hadde, mens i boka blir det derimot ståande litt meir opent om det er ein drøym eller verkelegheit, noko eg tenkjer kanskje kan vere ein trøyst for barn.
Dette var bare nokon få skilnadar og likskapar, men alt i alt syntast eg at filmen er ein vellykka adaptasjon av boka!
Kjelder:
– Boka Himmelen bak huset av Gaute Heivoll
– Boka Fortellerens hemmeligheter – Innføring i litterær analyse av Rolf Gaasland.
– Filmatiseringa av boka Himmelen bak huset, regissert av Steffan Strandberg.
Bilder:
https://asnefl.files.wordpress.com/2014/09/desktop-3.jpg
http://www.nfi.no/92296/himmelen-bak-huset
Caroline frå Flekkefjord
Kan verkelig blogge med fine ord
Eg er einig i mykje av det du skriv
Håpar du fer eit godt lærarliv
Du jobba nok med oppgåva med stor flid
og har nok venta på denne kommentaren ei god tid
På veg mot stjernene, på veg mot ”fame”
Sett ljos i lanternene, lat dei ljose heim
Eg lurar no på, kva blir det neste?
Stemmar. ”Ag vi skriva om søde heste”
Eg ser at du viser til fleire likskapar og skilnader mellom bok og film. Du bruker viktig uttrykk fra narratologien og forklarar disse. Ryddig og strukturert innlegg. Gler meg til neste innlegg, Caroline! 🙂
Eg meiner du har fått fram fleire gode eksempel på både likskapar og skilnader mellom bok og film. Du peiker på fleire funksjoner frå boka som du meiner også bør vere med i filmen. Dei punkta du viser til vil eg seie meg einig i, disse er viktige for at ikkje handlinga skal miste sitt hovudinnhald. Også fint at du leggjer med lenkje til både samandrag av boka og til filmen. Du skriv bra, Caroline 🙂