Talemål i skulen

I Noreg finnes det to målformer, nemlig skriftspråknormalane bokmål og nynorsk, medan vi har mange ulike dialektar. I dagens Noreg er det ein del dialektforskjeller som er i ferd med å viskas ut. Ein av grunnene til det er at menneskar med ulikt talemål bor i same område, kor dei påverkar kvarandre både språklig og sosialt. Blant kompetansemåla etter 4.årstrinn i skulen står dette: «Eleven skal kunne beskrive eget talemål og sammenligne med andres». Dette betyr at læraren i skulen skal vere med på å bevisstgjere elevane på korleis dei snakkar, og sjå på likskapar og ulikheiter i ulike talemål. Kvifor skal elevane kunne dette, og korleis kan ein arbeide med dette i skulen?

Mange føler at dei må tilpassa eller endra språket sitt så andre kan forstå dei, eller fordi at dei vil snakka likt andre. Eg tenkjer at det er viktig at elevane tar vare på sin eigen dialekt, og kan vere stolt av den. Dette med dialekt har noko å gjere med identiteten til elevane. Det er ein del av den dei er. Læraren kan være modell for elevane ved sjølv å vere opptatt av å ta vare på si eiga dialekt, og ved å fokusera på dei ulike talemåla som noko ein må vere stolt over. Men korleis kan ein arbeide med dette kompetansemålet i skulen?

Det å samtale om ulike dialektar i klassen er fint å gjere, fordi det er noko alle elevane kan vere med på. Alle elevane har ei dialekt, men det vil gjerne vere forskjellig kor mange ulike dialektar det er i ein klasse. Viss ein har fleire dialektar representert i ein klasse, kan ein blant anna ta opp ulike ord å sjå korleis dei uttalas på dei ulike dialektane. Er det få dialektar representert i ein klasse, kan ein for eksempel høyre på lydprøvar på internett, og samanlikne det med kva elevane seier. For at elevane skal kunne beskrive eiget talemål, må læraren blant anna ta opp kva som kjenneteiknar dei ulike stadane elevane kommer frå. Dialektar vil gjerne vere noko elevane synest er gøy å arbeide med, og har lyst til å lære meir om, nettopp fordi dialekt er noko alle har.

 

Kjelder:

http://p3.no/poppeloppe-kokkelur-pledd-og-floke/

http://analytikerne.blogspot.no/2011/04/etnografi-og-de-fem-lektene.html