Kvifor les vi skjønlitteratur i skulen?
Det kan finnes mange gode grunnar til at elevane bør lese skjønlitteratur i skulen. Eg vil her nemne nokon av dei. Det seiast blant anna at lesing og skriving henger saman. Viss elevane leser mykje, vil ordforrådet deira bli betre, og dei vil bli betre til å skrive. Å lese skjønlitteratur kan også vere med på å gjere at elevane får ein betre fantasi. Ved å lese kva andre skriv, kan dei få innspel når dei sjølv skal skrive fortellingar eller legnande.
Skjønlitteratur appellera ofte til kjenslene våre. Ved å lese ei bok kan vi bli glade, triste, nysgjerrige, sinte, skremt og meir. Elevane kan gjerne kjenne seg igjen i noko dei les, og identifisera seg i det som skjer. For nokon eleva tenker eg at nokon skjønlitterære tekster kan være med på å bearbeide vanskelege hendingar i live deira. Dei kan også gjerne få innsyn i andre kulturar, og andre måtar å vere på. Noko som eg igjen tenkar kan medføre til at elevane får ein større forståing for andre menneskars måtar å vere på, ulike dei sjølv.
Det er viktig at læraren i skulen prøv å hjelpe elevane til å finn skjønnlitteratur som kan passa for kvar enkelt. Viss elevane finn skjønlitterære tekstar som dei synes er spennande, og som appellera til dei, vil det gjerne gi motivasjon til å lese meir. For at elevane nettopp skal utvikle leseferdighetane, er det også viktig at dei les mykje. Dessutan er også lesing ein av dei grunnleggande ferdigheitene i skulen. Skjønnlitterære tekster kan også vere ein form for underhaldning. Det kan vere ein måte å drøyme seg inn i ein annan verden på.
Lenke til bilete: http://www.brainpickings.org/2013/08/07/alice-in-wonderland-cookbook/
Det fysste som slår meg når eg les dett innlegget, Caroline, er at me har å gjere med ei dame som veit kva ho snakkar om, samme kva Liv Signe Navarsete måtte meine. Eit imponerande stykkje arbeid!
Tenkjer også at litteraturlesing kan stimulere til ein rikare fantasi!
By the way; er det berre ein tilfeldigheit at både du og Miriam tek i bruk Allice in wonderland i bloggen dykkar? Eller er ho rett og slett ein så stor kultfigur blant kvinnelege litteraturelskarar at ho er å rekne for like obligatorisk som morgondagen er for oss NO-148-studentar?
Hei Caroline! Gøy å lese dine tankar om skjønlitteratur i skulen. Eg er enig at lesing og skriving heng saman. Det er derfor det er så viktig at elevane les mykje, slik at blant anna ordforrådet blir betre. Eg syns også det er bra at du har fått med at skjønlitterære tekstar kan brukes til å bearbeide vanskelige hendingar i livet deiras. Eg gler meg til neste innlegg 🙂
Her har du poengert viktige og ulike moment for kvifor ein les skjønlitteratur i skulen. Eg liker spesielt at du trekker fram at læreren må hjelpe elevane til å finne skjønlitteratur som kan passe til kvar elev. Her snakker ein jo om tilpassa opplæring, noko som er heilt sentralt i skulen i dag. Det du skriv om at skjønlitteratur kan vere med på å handtere vanskelege hendingar i livet, er også eit godt poeng. Måten du skriv på er også bra. Godt jobbet! 🙂