I dette blogginnlegget vil eg skriv om ei didaktisk iscenesetjing som eg har tru på. Eg vil da skriv om forlag som metode på 3.trinn. Dette er ein metode som eg trur alle elevane kan føle at dei mestrer, og som dei aller fleste også synast er gøy. I ein slik undervisningsmetode er gjerne læraren forlagssjef og elevane forfattarar. Når elevane er forfattarar, lagar dei bøker som er bretta saman av A4-teikneark og som dei skriv og teiknar i. Det at læraren omtalar seg sjølv som forlagssjef er noko av det leikeprega ved metoden, men det vil også gi han ein viss autoritet. Forlagssjefen skal ikkje vera ein person som skjenna på elevane, men ein person som inspirerer til å skrive, og som set nokre krav i høve til skrivinga og ikkje åtferda. Elevane kan enten skrive bok åleine eller dei kan skrive saman med andre. Eg tenkjer at viss elevane kan bestemme tema sjølv, vil det vere med på å gi fleire elevar motivasjon til å skrive. Det at dei får lov å skrive om noko som dei interesserar seg i. Men nokon gonger kan også forlagssjefen bestemme skriveprosjektet. Eg tenkjer at dette er ein veldig bra metode i forhold til tilpassa opplæring. Forlaget gir rom for elevane sine ulike skriveprosessar. Elevane er på ulike nivå i skriveutviklinga, og i forlaget har ein høve til å la elevane utvikla seg vidare i si eiga takt. Og ikkje minst, har læraren også høve til å vera støttande stillas og støtta opp om eleven si utvikling.
Det å ha tilgang til datamaskiner med enkle skriveprogram i klasserommet under forlagsøktene er noko som kan vera til stor hjelp for mange elevar. Det å skrive på data har fleire fordeler, men blant anna at ei dataskriven tekst gir eit autentisk preg og liknar i større grad på andre tekstar som elevane omgir seg med. Dette kan gjerne gjere noko med den gode sjølvkjensla som ligg i det å få eit fint skriveprodukt. Elevane kan få hjelp av forlagssjefen i skriveprosessen, men dei kan også hjelpe kvarandre. Når dei skriv slike forfattarbøker, vil elevane ofte engasjere seg i kvarandre sine skriveprosjekt. Dei vil da gjerne også vere interessert og ivrige til å gi respons, og vere til hjelp for kvarandre. Når tekstane til slutt er godkjende av forlagssjefen, er det gjerne tid for framføring. Det er vanleg at forlagssjefen da les opp eleven si bok, men eleven kan også få tilbod om å lesa sjølv dersom han ønskjer det. Men det er viktig å huske på at Forlag som metode i utgangspunktet ikkje er ei leseopplæring, men skriveopplæring. Derfor er det ikkje så viktig om sjølv ikkje flinke lesarar les tekstane sine sjølv. Elevane skal også gi kvarandre respons, som i hovudsak skal vera positiv, sidan boka er ferdig. Denne positive tilbakemeldinga på tekst, kan også smitta over på det sosiale miljøet i klassen. Det sosiale rundt Forlaget vert veldig viktig for fagleg utvikling, og dei positive tekstspesifikke kommentarane vil stimulere også tilbakemeldingar på meir personlege områder.
Kjelder:
– Håland, Anne og Rutt Trøite Lorentzen. 2007. Dialogar om tekst. Praktisk arbeid med elevtekstar i norskfaget. Oslo: Universitetsforlaget.
Skulle forresten vere «elevane» og ikkje «elevene» som eg skreiv.. jaja, sånn kan det gå! 🙂
Hei Caroline 🙂 Utruleg fint at du teke fram at metoden er bra i forhold til tilpassa opplæring. Du skriv også at læraren kan vere støttande stillas, noko som er viktig å tenkje på når ein planlegg ei økt. Metoden gjer rom for tilpassingar også i forhold til valg av tema og som du seier, vil nok dette vere med på å øke elevenes motivasjon. Metoden høyrast gøy ut og du skriv på ein måte som gjer at eg har lyst til å prøve han sjølv. Eg vil tru metoden også kan vere bra for det sosiale i klassa, som du sa 🙂 Eg gler meg til neste innlegg!