Munnleg forteljing i skulen

I dette blogginnlegget skal eg skriv om eit undervisningsopplegg med munnleg forteljing, som eg nettopp gjennomførte med elevar på 6.trinn. Undervisningsopplegget eg gjennomførte var med 14 elever frå 6.trinn. Vi hadde det i ein time som var på ca. 40 minuttar. Det var altså ei lita gruppe, og ein kort time.

Før eg skulle gjennomføre dette opplegget, brukte eg litt tid på å finne ut kva for ein forteljing eg skulle fortel for elevane. Eg falt til slutt på forteljinga «Kongen med eselørene». Ein av grunna til at eg valte den forteljinga, var for at eg sjølv likte den veldig godt. På denne måten ville eg sjølv klare å fortelje den for elevane med meir engasjement, og lettare leve meg inn i den. Det ville da også vere lettare for meg å gjere elevane motivert til å høyre etter. Eg var også opptatt av at det skulle vere ein forteljing som elevane kunne like, noko eg trudde dei fleste kunne ved å velje denne.

Noko som er avgjørande for å fortelje godt er at man husker kva man skal fortelje, og at man har forteljinga under huda. Etter at eg hadde valt forteljinga, begynte eg å øve på den. Først leste eg igjennom den ein del gangar. Så tok eg i bruk Fridunn Tørå Karsrud sin metode ifrå boka «muntlig fortelling i norskfaget». Denne metoden består av tre etappar: memoreringsteknikk i punkter, visualiseringsteknikk og øving. I den første etappen starter man med å konsentrere seg om dei viktigaste hendingane i eventyret, det vil sei det som driver handlinga vidare. Man finner altså hovudpunktane i forteljinga. Deretter skal man plukke ut fem substantiv, fem verb, og til slutt sjå på kvifor nokon følelsar vi kan kjenne på i forteljinga. Neste etappe er å visualisere forteljinga ved å lage ein teikneserie. Helt til slutt øver man, og kan gjerne fortel forteljinga høgt for seg sjølv nokon gangar til flyten er der. Når eg hadde gjort dette, følte eg at forteljinga satt nokså godt. Eg syntes spesielt det med å lage teikneserie var veldig bra for å huske, sidan eg på denne måten kunne huske bildane i hovudet.

Når timen med elevane starta, begynte eg rett på å fortel forteljinga. Eg sa ikkje nokon ting til elevane, men starta altså rett på «Det var en gang…». Eg var veldig spent på om elevane ville høyre etter, eller korleis dei ville reagere. Eg blei heilt overraska over kor liten tid det tok før alle elevane blei heilt stille. Det tok ikkje lang tid før alle øyene var retta mot meg, og eg kunne sjå på elevane at dei høyrte godt etter. Når eg var ferdig med å fortel, spurte eg elevane om kva dei tenkte på når dei høyrte denne forteljinga. Elevane hadde litt ulike svar, og vi snakka litt saman om det.

Så gjekk eg over til noko anna. Eg hadde med meg ein pose med ulike ting, blant anna klovnemaske, saks, kjevle, hanska, leikepengar, skjelett, nøkkel og meir. Eg tok opp 4 ting å la det på eit bord som stod framfor der elevane satt. Elevane blei tidlig ivrige og lurte på kva vi skulle gjere. 4 elever skulle komme frem til bordet, og stå framfor resten av gruppa. Ein av desse elevane skulle starte med å velje ein ting, og så starte på ein forteljing. I forteljinga skulle den tingen eleven valte være nemnt. Så skulle den neste ta opp ein ny ting, og fortsette på den førre sin forteljing, der denne nye tingen skulle være nemnt. Slik fortsetta det. Eg var veldig spent på korleis dette skulle gå. Dette fordi eg ikkje visste heilt om det å stå framfor ei gruppe å fortel ein forteljing der og da, ville vere noko elevane syntes var flaut eller gøy. Eg gav tydelig beskjed før elevane fekk begynna, at dette var noko som skulle vere gøy. Også at det ikkje var noko som var rett eller galt, og at det som gjaldt her var å bruke fantasien. Det var også opp til kvar enkelt kor mykje ein ønska å fortelje. Det viste seg fort at dette var et opplegg som elevene likte. Det kom mange hender opp i været fra elever som ønska å komme fram å fortelje. Sjølv dei elevane eg visste var litt meir sjenerte, og gjerne strevde litt meir med det faglige, var ivrige. Fleire grupper var fremme å fortalte, nokon fortalte meir enn andre. Dette er nettopp noko som eg syntes er veldig bra med denne metoden. At det er opp til kvar enkelt om dei vil sei ein setning eller mykje meir. Det eina er ikkje meir rett enn det andre. Nettopp derfor trur eg at det er ein metode som fleire elevar tør å delta i. 

Før eg skulle gjennomføre dette opplegget, var eg veldig usikker på korleis det skulle gå. Eg var usikker på om elevane i 6.klasse var for store til å høyre etter på eventyr. Eg var også som nemnt veldig usikker på om dei turte å stå framfor gruppa og komme på ein forteljing der og da. Etter denne timen sit eg igjen med mange erfaringar. Eg fikk blant anna erfart at elevane syntes det var spennande å få fortalt ein forteljing. At dei slett ikkje er for store for det. Eg fikk også erfart at elevane tok det å stå framfor gruppa å fortel, veldig greitt. Det verka som at dei storkoste seg. Men eg vil seie at sjølv om eg var usikker på korleis dette skulle gå, syntes eg sjølv at det var et veldig gøy opplegg. Eg koste meg veldig då eg fortalte forteljinga, og eg gleda meg veldig til at elevane skulle fortelje. Dette trur eg nok gjerne også smitta over på elevane.

Alt i alt gav altså det å arbeide med munnleg forteljing meirsmak, og er absolutt noko eg kjem til å ta i bruk som ferdig utdanna lærar!

 

Kjelder:
– Karsrud, F. (2010). Muntlig fortelling i norskfaget: En vei til tekst tolkningskompetanse. Oslo: Cappelen Akademisk.

– https://no148.wordpress.com/2014/11/11/munnleg-forteljing/

– http://www.bjoroyskule.no/forskuledag-fredag-07-juni/

– http://earthoceanskyredux.com/2015/01/28/raise-your-hand-if-you-have-no-idea-what-day-it-is-today/

 

Legg igjen en kommentar