GIMP er eit biletredigeringsprogram som kan brukast på mange plattformer. Namnet GIMP står for GNU Image Manipulation Program . Altså eit biletbehandlingsprogram som følgjer GNU-reglane for fri distribusjon. GIMP kan nyttast til det aller meste innan biletbehandling, frå å retusjera foto til å lage eigne teikningar.
GIMP har mange ulike eigenskapar, og kan nyttast som eit enkelt teikneprogram, som avansert program for å manipulera fotografi, lage biletsamlingar for Internett, tilpasse bilete for masseproduksjon, endre biletformat, og mykje meir.
GIMP kan lett utvidast med tilleggsprogram («plug-ins») og andre utvidingar du måtte ha behov for. Du kan også lage eigne skript ved hjelp av det innebygde skriptprogrammet. |