
{"id":14,"date":"2017-10-26T23:42:25","date_gmt":"2017-10-26T22:42:25","guid":{"rendered":"http:\/\/home.uia.no\/ingrlm17uia-no\/?p=14"},"modified":"2017-11-03T09:25:57","modified_gmt":"2017-11-03T08:25:57","slug":"realistisk-og-fantastisk-om-tonje-glimmerdal","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/home.uia.no\/ingrlm17uia-no\/2017\/10\/26\/realistisk-og-fantastisk-om-tonje-glimmerdal\/","title":{"rendered":"Realistisk og fantastisk \u2013 om Tonje Glimmerdal"},"content":{"rendered":"<p>Ein kan skriva mykje om bokskatten \u00abTonje Glimmerdal\u00bb, eg vil gjerne f\u00e5 framheva dei <img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"size-medium wp-image-16 alignright\" src=\"http:\/\/home.uia.no\/ingrlm17uia-no\/files\/2017\/10\/aea00ba81131118f809a027687a15b64f4df4be1eeda86a890f5102c-233x300.jpeg\" alt=\"\" width=\"233\" height=\"300\" srcset=\"https:\/\/home.uia.no\/ingrlm17uia-no\/files\/2017\/10\/aea00ba81131118f809a027687a15b64f4df4be1eeda86a890f5102c-233x300.jpeg 233w, https:\/\/home.uia.no\/ingrlm17uia-no\/files\/2017\/10\/aea00ba81131118f809a027687a15b64f4df4be1eeda86a890f5102c.jpeg 300w\" sizes=\"(max-width: 233px) 100vw, 233px\" \/>elementa som eg personleg sette mest pris p\u00e5; Kontrastar, samspel og skildringar, og mangfaldet i historieforteljinga som ogs\u00e5 dreg inn anna barnelitteratur.<\/p>\n<p><strong>Poetisk og flytande, beint og r\u00f8ft<\/strong><\/p>\n<p>Forteljarstemma set umiddelbart temperaturen, ved \u00e5 henvende seg direkte til oss. Ei trygg og gjestmild vegforklaring, som \u00f3g indikerer at her bur det dessutan nokon som bryt litt med dette rolege inntrykket: \u00abOg dersom du har knust ruta i ei av campinghyttene hans med sprettert ein gong, sj\u00f8lv om det ikkje var med vilje,\u2026\u00bb \u2026og med dette er Tonje Glimmerdal indirekte og s\u00e5vidt introdusert.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<div id=\"attachment_18\" style=\"width: 310px\" class=\"wp-caption alignright\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-18\" class=\"size-medium wp-image-18\" src=\"http:\/\/home.uia.no\/ingrlm17uia-no\/files\/2017\/10\/Glimemrdalen-300x203.jpg\" alt=\"\" width=\"300\" height=\"203\" srcset=\"https:\/\/home.uia.no\/ingrlm17uia-no\/files\/2017\/10\/Glimemrdalen-300x203.jpg 300w, https:\/\/home.uia.no\/ingrlm17uia-no\/files\/2017\/10\/Glimemrdalen-768x519.jpg 768w, https:\/\/home.uia.no\/ingrlm17uia-no\/files\/2017\/10\/Glimemrdalen-1024x692.jpg 1024w, https:\/\/home.uia.no\/ingrlm17uia-no\/files\/2017\/10\/Glimemrdalen-400x271.jpg 400w, https:\/\/home.uia.no\/ingrlm17uia-no\/files\/2017\/10\/Glimemrdalen-444x300.jpg 444w, https:\/\/home.uia.no\/ingrlm17uia-no\/files\/2017\/10\/Glimemrdalen.jpg 1600w\" sizes=\"(max-width: 300px) 100vw, 300px\" \/><p id=\"caption-attachment-18\" class=\"wp-caption-text\">Kart over Glimmerdalen<\/p><\/div>\n<p>Spr\u00e5ket er b\u00e5de humoristisk, poetisk, r\u00f8ft og vart. Det synes eg underbyggjer stemninga iden vesle bygda Glimmerdalen, kor handlinga finn stad. Trass i at det er ytterst f\u00e5 fastbuande her (og med berre eitt einaste barn), er det nemleg ikkje noko monoton og einfaldig kvardag me snakkar om! Det er eit mangfaldig, morosamt og variert spr\u00e5k som tydeleggjer forfattaren sin kreativitet og glede over spr\u00e5k og historiefortelling. Det er poetisk utan \u00e5 vera pretensi\u00f8st, kanskje meir kvardagspoetisk? Her er nydeleg banning utan stygge ord, men som heilt tydeleg har kraft i seg. \u00abGlade gurkemeie\u00bb og \u00abSvartaste svartsvidde laurdagsgraut\u00bb verkar n\u00e6rast avv\u00e6pnande p\u00e5 aggresjonen som ofte ligg bak framf\u00f8ringa, avdi det vert humoristisk i staden for aggressivt. Ein befriande kontrast!<\/p>\n<p>Den litt r\u00f8ffe tonen i fleire av dialogane, alt som stadig skjer av fart, spaning og humor, gjer at dei gongane det kjem inn varsame, vakre vendingar og superlativ, vert det n\u00e6rast magi.<\/p>\n<p>Eg er s\u00e6rleg glad i denne typen skildrande spr\u00e5k der val av verb og substantiv speler ei viktig rolle, framfor at det vert ei \u00abadjektivhistorie\u00bb:<\/p>\n<p>\u00abHeldigvis er Glimmerdalens vesle <i>keisarinne<\/i>\u2026\u00bb<\/p>\n<p>\u00ab<i>L\u00f8vekr\u00f8llene<\/i> legg seg i ei vill <i>vifte<\/i> kring hovudet hennar\u00bb<\/p>\n<p>\u00abTonje vert <i>klistra<\/i> utover vegen s\u00e5 lang ho er.\u00bb<\/p>\n<p>\u00ab\u2026og plaffar ned m\u00e5sar som om dei var leirduer.\u00bb<\/p>\n<p>\u00abDei krabbar lydlaust gjennom nypehekken til Sally og f\u00e5r seg nokre dugelege risp. S\u00e5 pilar dei over Glimmerdalsbrua som to galne kaninar\u00bb<\/p>\n<p>Me finn eit stort mangfald i m\u00e5tar \u00e5 skildra p\u00e5, og n\u00e5r det er beskrive indirekte, vert det ofte poetisk:<\/p>\n<p>\u00abSola skin lenger kvar dag, og i lufta ligg eit drag av v\u00e5r som f\u00e5r det til \u00e5 krible i beina. Men det er ikkje alle som har det slik. I Gunnvald er det akkurat som om vinterm\u00f8rkret har hengt seg fast og ikkje vil sleppe\u00bb.<\/p>\n<p>\u00abTonje rettar ryggen og sukkar medan skjennepreika fyller vinterlufta\u00bb.<img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"wp-image-22 size-medium alignright\" src=\"http:\/\/home.uia.no\/ingrlm17uia-no\/files\/2017\/10\/person-1163170_1280-300x200.jpg\" alt=\"Bilete fr\u00e5 Pixabay\" width=\"300\" height=\"200\" srcset=\"https:\/\/home.uia.no\/ingrlm17uia-no\/files\/2017\/10\/person-1163170_1280-300x200.jpg 300w, https:\/\/home.uia.no\/ingrlm17uia-no\/files\/2017\/10\/person-1163170_1280-768x512.jpg 768w, https:\/\/home.uia.no\/ingrlm17uia-no\/files\/2017\/10\/person-1163170_1280-1024x683.jpg 1024w, https:\/\/home.uia.no\/ingrlm17uia-no\/files\/2017\/10\/person-1163170_1280-400x267.jpg 400w, https:\/\/home.uia.no\/ingrlm17uia-no\/files\/2017\/10\/person-1163170_1280-450x300.jpg 450w, https:\/\/home.uia.no\/ingrlm17uia-no\/files\/2017\/10\/person-1163170_1280.jpg 1280w\" sizes=\"(max-width: 300px) 100vw, 300px\" \/><\/p>\n<p>\u00abOm vinteren lagar skispora og fotspora til Tonje krusedullar og strekar over heile<br \/>\nGlimmerdalen\u00bb.<\/p>\n<p>Avsnitta om d\u00e5 mora br\u00e5tt kjem heim etter \u00e5 ha vore lenge p\u00e5 kysten p\u00e5 jobb er r\u00f8rande. Saknet etter mamma er ikkje s\u00e5 framtredande f\u00f8r ho plutseleg kjem att, og \u00abst\u00e5r der med sollyset rundt seg\u00bb (som ein engel!), og alt verkar \u00e5 felle p\u00e5 plass for b\u00e5de Tonje og pappaen. Det er lett \u00e5 forst\u00e5 at dei har sakna kvarandre forferdeleg, sj\u00f8lv om det ellers ikkje er ein dominerande konflikt i boka. Setninga \u00abEir har sagt at ingen kan rope \u00abmamma\u00bb som Tonje\u00bb, malar ut saknet indirekte, men tydeleg.<\/p>\n<p><strong>Karakterar, direkte og indirekte\u00a0<\/strong><\/p>\n<p>Boka er hogd ut med tydelege karakterar som likevel ikkje vert stereotype. Dei b\u00e5de overraskar og tiltrekkjer seg sympati. Persongalleriet vert ogs\u00e5 gjerne skildra indirekte, til d\u00f8mes gjennom andre karakterar som fortel historiar. Ogs\u00e5 gjennom dialog ser me til d\u00f8mes her kva for typar Gunnvald og Tonje er.<\/p>\n<p>\u00ab-Dritkjelke, seier Tonje d\u00e5 ho kjem opp att til Gunnvald.<\/p>\n<p>-Dritsj\u00e5f\u00f8r, svarar Gunnvald.<\/p>\n<p>-L\u00e6r meg d\u00e5! ropar Tonje sint.\u00bb<\/p>\n<p>Gunnvald sitt overraskande svar til den vesle jenta vert vittig, og det er g\u00f8y at ho viser s\u00e5nt umiddelbart p\u00e5gangsmot i staden for \u00e5 verte snurt og gi opp. Den t\u00f8ffe tonen vert dessutan avl\u00f8yst av at Gunnvald sj\u00f8lvsagt l\u00e6rer bestevennen alt han kan innan kjelkek\u00f8yring.<\/p>\n<p>Det litt uvanlege venskapet i ytre faktorar vert skildra som det mest naturlege i verda. Her er det tydeleg kj\u00e6rleik i ein likeverdig og respektfull venskap mellom Gunnvald og \u00abdunderet\u00bb, og spr\u00e5ket og den direkte tonen dei somme tider har seg i mellom, er ein morosam og verknadsfylt kontrast til dette. \u00abDu er den st\u00f8rste tosken eg kjenner! hulkar ho. [\u2026] Men han er no bestevennen hennar likevel, og ho har sakna han s\u00e5 det er rart ho ikkje har d\u00f8ydd av det\u00bb.<\/p>\n<p>Her er stadige kontrastar i tone og tempo, slik at det vert variasjon mellom vittig, temperamentsfullt og raskt, og andre tider roleg og s\u00e5rt.<\/p>\n<p><strong>Tradisjonsrik, realistisk fantasi<\/strong><\/p>\n<p>Boka formidlar friheit fr\u00e5 2000-talet sine mange uskrivne reglar om &laquo;overdriven sikkerheit&raquo; og barneoppseding, i fr\u00e5 materialisme, fordommar, og det \u00e5 setje folk i b\u00e5s, og fr\u00e5 \u00e5 alltid \u00abtr\u00e5 varsomt\u00bb og korrekt h\u00f8fleg i kommunikasjon med andre.<\/p>\n<p>\u00ab<i>Tonje Glimmerdal<\/i>\u00bb kan seias \u00e5 ha r\u00f8ter og referansar heilt fr\u00e5 opplysningstida og Jean-Jeaques Rosseau (<i>Emile &#8211; eller om oppdragelsen<\/i> (1762), vidare inn i romantikken med <i>Heidi<\/i> av Johanna Spyri (1880), og heilt fram til den ber\u00f8mte \u00abetterkommaren\u00bb <i>Ronja R\u00f8verdatter<\/i> hundre \u00e5r seinare (1981). I desse b\u00f8kene har me det naturelskande, reflekterte barnet, som til slutt bergar den vaksne og representerer h\u00e5p for framtida. Dei skriv seg alle inn i den vestlege f\u00f8restillinga om ei skarp skilnad mellom barneliv og vaksenliv. Barnet stod for ein autentisitet som ein meinte dei vaksne hadde fjerna seg fr\u00e5. Naturen er l\u00e6remeister til barnet, og vidare skal barnet l\u00e6ra opp igjen den vaksne, som alts\u00e5 ikkje er s\u00e5 naturleg lengre.<\/p>\n<p>Eigenaktivitet og leik i eit landleg milj\u00f8, er ogs\u00e5 gjennomg\u00e5ande element i denne tradisjonen. Barna er barn, og samtidig kloke og empatiske. Som Tonje til Klaus Hagen, som ho veit <i>mislikar<\/i> barn: \u00abEr du ikkje glad for at eg begynner \u00e5 drage p\u00e5 \u00e5ra? sp\u00f8r Tonje oppriktig. Det m\u00e5 d\u00e5 vere gode nyhende for Klaus Hagen at ho har litt mindre igjen av barndommen.\u00bb<\/p>\n<p>Mest av alle Lindgren-barna, synes eg Tonje Glimmerdal minnar om Emil i L\u00f8nneberget. Emil er ogs\u00e5 inderleg god og velmeinande. Begge er kreative, kjappe, usj\u00f8lviske og handlekraftige i si probleml\u00f8ysing med \u00e5 (ofte) hjelpa andre, men dette vert som regel misoppfatta som rampestrekar. Dei finn begge p\u00e5 sprell for \u00e5 hjelpa andre, og utfordrar seg sj\u00f8lv og eigne redlser p\u00e5 vegen mot m\u00e5la. Andre likskapar i b\u00f8kene er at det er f\u00e5 andre barn \u00e5 leike med, og at m\u00f8drene anten er daude, eller mindre framtredane som omsorgperson i historia.<\/p>\n<p>Eit interessant element, er at me no gjerne tykkjer den fridomen og tilliten som Tonje f\u00e5r, og det \u00e5 ikkje til ei kvar tid vite kvar borna er, var mykje meir vanleg p\u00e5 60-talet d\u00e5 Astrid Lindgren skapte sitt herlege univers. Eg tenkjer at Lindgren sine milj\u00f8skildringar var meir realistiske for si tid, medan i 2009 (eller 2017), er det same n\u00e6rast for fantastisk litteratur \u00e5 rekne. I dag ville mange ha utstyrt jenta med mobiltelefon og fleire formaningar.<\/p>\n<p>Det er dessutan befriande at b\u00e5de forfattar Maria Parr, og Tonje sj\u00f8lv, ser p\u00e5 Tonje som eit barn, f\u00f8rst og fremst, og ikkje som jente, med avgrensningar i korleis ho burde oppf\u00f8re og te seg. Forfattar Maria Parr viar ikkje dette mykje merksemd i boka anna enn at guten fr\u00e5 \u00abbydn\u00bb freser indignert: \u00ab-Forresten s\u00e5 sl\u00e5ss du som ei jente! [\u2026]<\/p>\n<p>-Eg <em>er<\/em> ei jente! gaular Tonje rasande etter han.\u00bb<\/p>\n<p>D\u00e5 <i>m\u00e5<\/i> eg berre tenka p\u00e5 denne reklamen fr\u00e5 Always: <a href=\"https:\/\/www.youtube.com\/watch?v=XjJQBjWYDTs\">https:\/\/www.youtube.com\/watch?v=XjJQBjWYDTs<\/a>\u00a0 \u00abLike a Girl\u00bb.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>Svar p\u00e5 oppgave C, leksjon 2<\/p>\n<p>Kjelder:<\/p>\n<p>-Barnelitteratur (Birkeland og Mj\u00f8r, 2012)<\/p>\n<p>-Tonje Glimmerdal (Parr, 2009)<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Ein kan skriva mykje om bokskatten \u00abTonje Glimmerdal\u00bb, eg vil gjerne f\u00e5 framheva dei elementa som eg personleg sette mest pris p\u00e5; Kontrastar, samspel og skildringar, og mangfaldet i historieforteljinga som ogs\u00e5 dreg inn anna barnelitteratur. Poetisk og flytande, beint &hellip; <a href=\"https:\/\/home.uia.no\/ingrlm17uia-no\/2017\/10\/26\/realistisk-og-fantastisk-om-tonje-glimmerdal\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1469,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_exactmetrics_skip_tracking":false,"_exactmetrics_sitenote_active":false,"_exactmetrics_sitenote_note":"","_exactmetrics_sitenote_category":0,"footnotes":""},"categories":[4],"tags":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/home.uia.no\/ingrlm17uia-no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/14"}],"collection":[{"href":"https:\/\/home.uia.no\/ingrlm17uia-no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/home.uia.no\/ingrlm17uia-no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/home.uia.no\/ingrlm17uia-no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1469"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/home.uia.no\/ingrlm17uia-no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=14"}],"version-history":[{"count":7,"href":"https:\/\/home.uia.no\/ingrlm17uia-no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/14\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":54,"href":"https:\/\/home.uia.no\/ingrlm17uia-no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/14\/revisions\/54"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/home.uia.no\/ingrlm17uia-no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=14"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/home.uia.no\/ingrlm17uia-no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=14"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/home.uia.no\/ingrlm17uia-no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=14"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}