Detektivbyrå nr. 2: Operasjon Tordensky. -Ei anbefaling til elevane

Nå nærmar det seg haust, med kaldare vêr og mørkare ettermiddagar. Då er det godt med ei god bok, og gjerne ei spanande ei!

Boka eg skal presentere heiter Operasjon Tordensky og er skriven av ein kjend norsk forfattar, som heiter Jørn Lier Horst. Han har tidlegare arbeida i politiet, og bruker sin kunnskap frå politiet til å lage spanande krimbøker for vaksne og barn (Bonnier, 2023). Dei flotte teikningane i boka er teikna av Hans Jørgen Sandnes, som òg har teikna dei andre bøkene i serien.

Mange har nok allereie høyrd eller sett bøker frå «Detektivbyrå nr. 2-serien», på skulebiblioteket, folkebiblioteket eller i bokhandlarar. Dei er veldig populære krim-bøker, og det med god grunn!

Kva er ei krim-bok, lurer du kanskje på? – Jo, det er ei bok der det skjer noko ulovleg, eller noko kriminelt, som me får eit svar på i slutten av boka. Det som ofte er kjekt med å lese krim-bøker er å tenke eller gjette seg litt fram til kva som har skjedd eller kven som står bak undervegs i handlinga.

Då Jørn Lier Horst jobba i politiet, jobba han som etterforskar, som er litt som ein detektiv. Han har sjølv sagt at historiane frå Detektivbyrå nr. 2 er henta frå verkelege hendingar (Horst, 2022). Du kan lese meir om Jørn her.

Kart over Elvestad

Boka startar med eit kart over Elvestad, og eit persongalleri. Der vert me kjend med kven som skal vere med i boka, kva dei heiter og kva for eigenskapar dei har. Etterpå byrjar historia – Tirill og Oliver har feire og slapper av, men dei vil at noko skal skje. Så då blar dei opp i avisa og les om eit tjuveri. Snart skal dei få ferten av andre tjuveri-saker. Men har dei nokon samanheng? Det må du nesten lese boka for å finne ut av!

I slutten av boka kan du vere litt detektiv sjølv. Ser du om du finn dei ulike detaljane som Åtto spør etter? Dette er ein aktivitet det er kjekt å gjere i lag med ein venn. Så dersom de er to eller fleire som les same boka, så kan de samarbeide og prate om kvar de fant dei ulike tinga.

Oliver, Tirill og Åtto

Dette er ei spanande bok med gode illustrasjonar. Eg vil anbefale denne boka til guter og jenter i alderen 6-9 år. Dette er fordi den nok er litt for skummel og vanskeleg å forstå for dei under 6 år. Den kan vere litt for lett å lese for dei over 9, men ein kan sjølvsagt lese denne boka sjølv om ein er eldre. Eg hadde sjølv glede av å lese boka, og eg er 31.

Det har òg blitt laga film om Tiril og Oliver i Detektivbyrå nr.2. Så om du ikkje har sett den, kan den anbefalas som pause frå lesinga.

Då manglar det berre å ynskje god lesing!

Kjelder

Bonnier forlag. (u.å). Jørn Lier Horst. Hentet 24. oktober 2023 frå https://bonnierforlag.no/forfattere/j%C3%B8rn-lier-horst

Horst, Jørn Lier. (2022) Operasjon Tordensky. Bonnier Norsk Forlag AS