
{"id":22,"date":"2020-09-18T15:46:37","date_gmt":"2020-09-18T14:46:37","guid":{"rendered":"http:\/\/home.uia.no\/isabelleo\/?p=22"},"modified":"2020-09-18T16:59:10","modified_gmt":"2020-09-18T15:59:10","slug":"tilbake-pa-skulebenken","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/home.uia.no\/isabelleo\/2020\/09\/18\/tilbake-pa-skulebenken\/","title":{"rendered":"Tilbake p\u00e5 skulebenken!"},"content":{"rendered":"<p>\u00c5 finne fram p\u00e5 yrkesstien er ikkje alltid like lett. For nokre er vegen strak og m\u00e5let rett fram, for andre er han meir kronglete og utan ein klar destinasjon. I l\u00f8pet av ten\u00e5ra endra eg meining om kva skulle utdanne meg til \u00f8rten gongar. Eg ville bli kokk, journalist, interi\u00f8rarkitekt, blomsterdekorat\u00f8r, elektriker, barnelege, l\u00e6rar og politi. Det innramma vitnem\u00e5let p\u00e5 toppen av vitrineskapet fortel at eg enda opp med ein bachelor i teiknspr\u00e5k og tolking.<\/p>\n<p>Teiknspr\u00e5k og tolking var ei utruleg spennande utdanning. Eg fann fort ut at eg var veldig glad i spr\u00e5ket, men hadde meir lyst til \u00e5 bruke det i ein pedagogisk samanheng, framfor \u00e5 drive med tolking. F\u00f8r eg visste ordet av det hadde eg f\u00e5tt meg jobb som teiknspr\u00e5kl\u00e6rar p\u00e5 ein barneskule, og der blei eg verande. Eg stortreivst, men etter \u00e5 ha jobba i fire-fem \u00e5r, begynte det \u00e5 krible i studentfingrane igjen. Kanskje tida var inne for \u00e5 pr\u00f8ve noko nytt? Eg sette meg ved datamaskina og scrolla gjennom alternativa, og der lyste det mot meg, svart p\u00e5 kvitt: Skolebibliotekkunnskap.<\/p>\n<p>Som barn var eg det ein p\u00e5 godt norsk kallar ein lesehest. Det var ikkje reint sjeldant eg sovna om kvelden med ei bok liggjande p\u00e5 magen, og leselampen framleis p\u00e5. P\u00e5 barneskulen hadde klassen min ein gong eit leseprosjekt der m\u00e5let var \u00e5 lese flest mogleg b\u00f8ker i l\u00f8pet av ein viss periode. Eg kan framleis hugse at eg gjekk rundt og proklamerte til alle som viste eit hint av interesse: &laquo;Veit du kva? Eg leste 52 b\u00f8ker fr\u00e5 jul til p\u00e5ske!&raquo; (Kledeleg sjenanse var ikkje mi sterkaste side.) Leseinteressa tok eg med meg vidare inn i ungdoms\u00e5ra, og eg oppdaga biblioteket for alvor d\u00e5 eg begynte p\u00e5 ungdomsskulen. D\u00e5 fekk me lov til \u00e5 l\u00e5ne b\u00f8ker i det splitter nye folkebiblioteket i fleirbrukshallen, rett ved sidan av skulen. L\u00e5nekortet mitt fekk k\u00f8yrd seg, og det gjekk stort sett i Varg Veum-b\u00f8kene og den nyaste utg\u00e5va av Bonytt. Etter tre \u00e5r var eg nesten p\u00e5 fornamn med bibliotekaren (han blanda meg alltid med tremenningane mine).<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"aligncenter wp-image-54 size-full\" src=\"http:\/\/home.uia.no\/isabelleo\/files\/2020\/09\/blogginnlegg4.jpg\" alt=\"\" width=\"1900\" height=\"1266\" srcset=\"https:\/\/home.uia.no\/isabelleo\/files\/2020\/09\/blogginnlegg4.jpg 1900w, https:\/\/home.uia.no\/isabelleo\/files\/2020\/09\/blogginnlegg4-300x200.jpg 300w, https:\/\/home.uia.no\/isabelleo\/files\/2020\/09\/blogginnlegg4-768x512.jpg 768w, https:\/\/home.uia.no\/isabelleo\/files\/2020\/09\/blogginnlegg4-1024x682.jpg 1024w, https:\/\/home.uia.no\/isabelleo\/files\/2020\/09\/blogginnlegg4-400x267.jpg 400w, https:\/\/home.uia.no\/isabelleo\/files\/2020\/09\/blogginnlegg4-450x300.jpg 450w\" sizes=\"(max-width: 1900px) 100vw, 1900px\" \/><\/p>\n<p style=\"text-align: center\"><em>Lenkje til det nemnde biblioteket, der eg fekk opna auga for krim; <a href=\"https:\/\/www.tysnesbibliotek.no\">Tysnes folkebibliotek<\/a>.<\/em><\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om vaksenlivet no har innhenta meg, og eg ikkje har like mykje tid som f\u00f8r til \u00e5 fordjupe meg all den litteraturen eg ynskjer, er eg framleis veldig glad i b\u00f8ker. Kombinert med dette finst det ein annan tungtvegande grunn til at hadde lyst til \u00e5 studere skolebibliotekkunnskap: Eg er nemleg over snittet interessert i organisering og sortering. Som student hadde eg deltidsjobb som bibliotekvakt p\u00e5 h\u00f8gskulebiblioteket, der eg tok meg av utl\u00e5n og innleveringar. Noko av det beste var \u00e5 setje innleverte b\u00f8ker p\u00e5 plass i hyllene; lese av nummeret nedst p\u00e5 bokryggen og g\u00e5 langs hylleradene til eg fann akkurat det tomrommet der boka h\u00f8yrde heime. (I lys av det eg har l\u00e6rd dei siste vekene, vil eg no seie at ei bok h\u00f8yrer heime i hendene p\u00e5 den rette lesaren, men det f\u00e5r s\u00e5 vere.) Orden og system, organisering og sortering.<\/p>\n<p>No n\u00e5r eg har starta p\u00e5 dette studiet, har det jo g\u00e5tt opp for meg at \u00e5 vere ein bibliotekar er s\u00e5 mykje meir enn berre \u00e5 halde orden i b\u00f8ker. Det vil seie, eg har jo vore klar over det, men eg har hatt noks\u00e5 liten kunnskap n\u00e5r det kjem til den pedagogiske delen av jobben. Det er mange ting eg ser fram til \u00e5 jobbe med innanfor faget, men det som peikar seg ut er arbeidet med leseglede. Eg ser fram til \u00e5 l\u00e6re meg korleis eg kan bidra med \u00e5 utvikle interesse for lesing hos barn og unge, ei g\u00e5ve som eg sj\u00f8lv fekk d\u00e5 eg var ung. Eg har m\u00f8tt elevar som ikkje synest det er s\u00e5 kjekt \u00e5 lese, og har f\u00e5tt lesing litt opp i halsen, blant anna p\u00e5 grunn av tunge tekstar i l\u00e6reb\u00f8ker p\u00e5 skulen. Eg h\u00e5par eg f\u00e5r auka kompetanse p\u00e5 det \u00e5 hjelpe desse, og treffe dei p\u00e5 deira niv\u00e5. Det finst ei bok for alle, det gjeld berre \u00e5 finne den rette.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>\u00c5 finne fram p\u00e5 yrkesstien er ikkje alltid like lett. For nokre er vegen strak og m\u00e5let rett fram, for andre er han meir kronglete og utan ein klar destinasjon. I l\u00f8pet av ten\u00e5ra endra eg meining om kva skulle &hellip; <a href=\"https:\/\/home.uia.no\/isabelleo\/2020\/09\/18\/tilbake-pa-skulebenken\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2784,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_exactmetrics_skip_tracking":false,"_exactmetrics_sitenote_active":false,"_exactmetrics_sitenote_note":"","_exactmetrics_sitenote_category":0,"footnotes":""},"categories":[4],"tags":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/home.uia.no\/isabelleo\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/22"}],"collection":[{"href":"https:\/\/home.uia.no\/isabelleo\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/home.uia.no\/isabelleo\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/home.uia.no\/isabelleo\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2784"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/home.uia.no\/isabelleo\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=22"}],"version-history":[{"count":14,"href":"https:\/\/home.uia.no\/isabelleo\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/22\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":88,"href":"https:\/\/home.uia.no\/isabelleo\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/22\/revisions\/88"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/home.uia.no\/isabelleo\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=22"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/home.uia.no\/isabelleo\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=22"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/home.uia.no\/isabelleo\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=22"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}