Forteljaroppgåve i praksisperiode 5 1.bloggoppgåve

I praksisperiode nr. 5 fekk vi i oppgåve å øve på å fortelje eventyr munnleg. Vi skulle velje oss eit eventyr eller ei historie frå den munnlege kulturen og bruke forteljarteknikkane. Sidan skulle vi fortelje eventyret for praksisklassa vår, med ei form for etterarbeid.

Mi praksisgruppe har vore i 7. Klasse på Vardåsen skule. Klassen består av 24 elevar, og vi kunne ikkje ynskja oss betre klasse å jobbe med.

Da vi skulle velje eventyr eller historie for norsktimen vår, tenkte vi fyrst på ”Risen som ikkje hadde hjarte på seg”. Planen var at vi skulle dramatisere eventyret for elevane i skolens amfi, og etterpå jobbe med det i klasserommet. Da vi byrja å kikke på eventyret, fant vi fort ut at det ikkje kom til å fungere. Eventyret hadde alt for mange rollar og replikkar, så vi bestemte oss for å legge ein plan B. Då kom vi på eit eventyr vi har jobba med i forelesinga på universitetet, ”Kongen med eselørene”. Dette eventyret var perfekt av fleire grunnar. For det fyrste var lengda på den overkommeleg. Arbeidar man med ei for lang tekst, vil forteljaren fort få problema med å memorere teksten. For det andre var det perfekt atal rollar, slik at vi kunne dramatisera det. Da vi hadde jobba med eventyret, byrja vi å planlegge etterarbeidet vi skulle ha i klasserommet. Vi bestemte oss for å jobbe med eventyret på same måte som vår foreleser hadde gjort. I det føljene vil eg legge fram korleis opplegget vårt gikk.

Vi starta timen i klasserommet, der Ida fortalte elevane kva som skulle skje, mens resten av gruppa førebudde oss oppe i amfi der dramatiseringa skulle ta sted. Ida kom opp saman med elevane, dei satt seg ned, og stillheta senka seg i rommet. Så byrja Ida å fortelje, mens Marthe, Silje og eg dramatiserte med replikkar, kostymar og nokre rekvisittar. Denne måten å framføre eit eventyr på kan skape motivasjon hos elevane, og tenne nysgjerrigheita deira. Når dramatiseringa var ferdi gjekk vi ned i klasserommet at, for å jobbe med eventyret. Fyrst snakka vi litt om eventyrets tema, og kva den eigentleg prøvde å sei oss. Her var ongane aktive, rakk opp handa, og deltok i samtalen. Vidare valte vi å bruke Fridun Tørå Karsruds teori om korleis barn lærer gjennom arbeid med forteljingar. Her tok vi teori ut ifrå boka ”Munnleg forteljing i norskfaget”, kor fyrste punkt etter å ha fortalt eit eventyr er å fortkorta forteljinga ned til maks 10 hovudpunkter. Dette gjorde vi for at elevane enklare skal klare å hugse eventyret utanåt seinare i timen. Vi valte å gjere litt om på timen da vi oppdaga at ungane var litt lite motivera. Vi trengte fleire knaggar for hukommelsen til elevane, så no skulle dei fyrst finne 5 substantiv og etterpå 5 verb. No var elevane aktive, og det var tydeleg at dette var noko dei syns var artig å jobbe med. Det var på tide å aktivere ungane, og nå skulle vi jobbe med gjennforteljing. Elevane ble satt samen to og to, der dei skulle gjennfortelje eventyret ein gang kvar. I den siste delen av økta skulle elevane lage eigenprodusera forteljingar i grupper på fire. Dei fikk fyrst beskjed om kor forteljinga deira skulle finne sted, og eit problem dei skulle møte på i forteljinga. Denne oppgåva tente elevane på med ein gong, og det ble ein fin summing i klasserommet der elevane verkeleg fikk brukt fantasien. Så avbraut vi elevane for å gje dei enda ei oppgåve. No fekk kvar gruppe ein gjenstand, som i fantasiens verden, skulle hjelpe dei å fikse problemet i deira forteljingar. Dette fungera bra, og elevane engasjerte seg masse. På slutten av timen fekk kvar gruppe komme opp og fortelje sin fortelling. Her kom det mange artige eksemplar, og det virka som elevane hadde fått mykje ut av timen.

Nokre refleksjonar i etterkant

Denne norsktimen, som i all hovudsak besto av to 45 min. timer, var både lærerik og artig. Elevane blei motivera og aktivisert, lærestoffet ble konkretisert og variert, vi fikk jobbe med individualisering og samarbeid, og på slutten evaluerte vi kva elevane hadde lært. Om det var noko vi skulle gjort annleis, var det nok den siste oppgåva elevane jobba med. Når dei skulle framføre dei eigenprodusera forteljingane, var det fleire av gruppene som hadde missfortått oppgåva. Dei trudde dei skulle dramatisere forteljinga si på slutten, når dei eigentlig bare skulle fortelje. Dette var noko vi kunne vore enda meir tydeleg på, men det er ikkje til å legge skjul på at dramatiseringa deira var kjempefine. Vi konkludera med at timen var vellykka, og at denne måten å arbeide med forteljing på er noko vi kommer til å gjenta.

 

Kjelder:

Karsrud, Fridunn Tørå (2010): Muntlig fortelling i norskfaget. En vei til tekst- og tolkningskompetanse. CAPPELEN DAM AS.

This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Comments are closed.