Tonje Glimmerdal – Til glede for elevane og ein sukkerbit for læraren –

Det er veldig stille heilt framme i Glimmerdalen kalde ettermiddagar i februar (…). Men midt i denne stille vinteren er det ein svart prikk som snart skal lage lyd. Den svarte prikken står oppe ved foten av Vardetind, i enden av eit langt og ganske skeivt skispor. Prikken er Tonje Glimmerdal. (2009, s. 14)

Slik starter det første kapitlet i Maria Parrs bok, Tonje Glimmerdal, som ble utgjeven i 2009. I boka følgjer vi Tonje, ei jente på snart 10 år, som bor i Glimmerdalen med sin far og mor. Tonjes bestevenn heiter Gunnvald. Han er 74 år gamal, speler fele og finner på masse gøy saman med Tonje. Ein dag når dei er oppe ved sumarfjøset skjer det ei ulykke. Gunnvald endar på sjukehuset, og Tonje får greie på ein røyndom som trugar med å øydelegge venskapen deira for alltid. Brått får Tonje mykje å rydde opp i – ho må redde lykka og bestevennen sin.

I dette blogginnlegget vil eg foreta ei pedagogisk vurdering av boka ”Tonje Glimmerdal”, der  hovudfokuset skal være på målgruppe og innhald.

 Kunnskap om målgruppa

Når ein skriver bøker er det fleire ting å ta omsyn til. Det kanskje viktigaste er å tilpasse seg sitt publikum og sine lesarar. Bokas handling blir sett frå Tonje sitt perspektiv, ei fryktlaus og impulsiv jente på 9 år. Ut i frå dette kan man vurdere den implisitte lesaren til å være barn av begge kjønn, i alderen ni til tolv år. Skal man ta på seg dei pedagogiske brillene, kan man vurdere boka til å passe som høgtlesing på barneskulen, mens elevar på mellomtrinnet lett kan lese den på eigenhand. Utover i boka kjem det fram både svake og sterke sider ved hovudpersonen. Ho erfarer å bli såra og lei seg, ho finn ut at det faktisk er ting ho er redd for og at kanskje ikkje alle ideane hennar er like gode. At forfattaren får fram dette, gjer at barn lettare kan identifisera seg med hovudpersonen, både på godt og vondt.

Når ein skriver bøker er det også viktig å tilpasse tema og innhald til den livserfaringa barna i målgruppa har. ”Tonje Glimmerdal” er ei bok som tek opp mange sentrale tema som vennskap, mot, forsoning og kjærleik, og eit av forteljingas styrker er at den speler på eit stort følelsesregister. Ho fortel ikkje berre om alt det morosame Tonje finn på, men også viktige tema som sakn og død.

Intertekstualitet

I teksten er det referansar til andre barnebøker, noko vi kallar intertekstualitet. Bokas hovudperson, Tonje, gjer assosiasjonar til Astrid Lindgrens Pippi Langstømpe og Lotta i Bråkmakergata. Forfattaren har også latt seg inspirere av kjente historier som eventyret om Bukkene bruse, og Heidi av Johanna Spyre. Dette virkemidlet skapar teksten om frå å være kun ei barnebok til å fungere som ambivalent litteratur. Altså vil denne boka appellere minst like mykje for ein vaksen leser, som for eit barn.

 

Vurdering

”Tonje Glimmerdal” er ei bok som fokuserer på verdiar som mot, vennskap, forsoning og å stå for det man trur på. Persongalleriet består av menneskar med både gode og dårlige sider, og det er lett å finne nokon man kan kjenne seg igjen i og identifisere seg med. Enten den vågale Tonje, den lunefulle Gunnvald, den nysgjerrige Sally eller kanskje den mystiske Heidi. Sjølv om boka er skriven på nynorsk har den eit lett språk, med fine skildringar og morosame dialogar. Tonja har også nokre friske kraftuttrykk som gjer at kvar ein leser må trekke på smilebandet. Denne boka anbefalas på det sterkaste, og egner seg bra for høgtlesing. Boka kan være ei fin innleiing til ei lesestund eller bibliotekbesøk, og appellerer både til barn og vaksne.

Kjelde:

Parr, Maria (2009): Tonje Glimmerdal. Oslo: Det Norske Samlaget

This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Comments are closed.