Undervisningsopplegg

 

I dette blogginnlegget skal eg leggje fram eit tenkt undervisningsopplegg med utgangspunkt i Sigur Hoels bok, Vegen til verdas ende. Hovudfokuset skal være på kapitlet ”Skrivebordet”, der vennskap, etikk og moral, og forholdet mellom barn og foreldre er blant dei viktigaste tema.

Best egna klassetrinn: mellomtrinnet

Tid: 45 min X 2

Utstyr:  –  Kopi av kapitlet ”skrivebordet” til alle elevane.

–  Smartboard/tavle

–  Arbeidsbok + teiknesaker.

Mål:

– Referere og oppsummere tekster

– Mestre ortografi, tegnsetting, variert ordforråd og bruk av ulike setningskonstruksjoner 

AKTIVITET

1. time

Begynn timen med eit anslag på tavla. Her kan det for eksempel være eit bilete av bokas framside eller av noko som passar for timens tema. Dette kan skape motivasjon og interesse hos elevane, og du har oppmerksamheita deira frå fyrste stund.

Elevane får utdelt kopi av kapitlet, og læraren les høgt for klassen. Her er det viktig med innleving og tydelig tale. Då får du med deg flest moglig. Etter høgtlesinga summar elevane to og to om det dei nettopp las, og kva kapitlet handlar om. Saman med læraren lagar klassen eit tankekart på smartboarden/tavla, der dei listar opp dei ulike tema. Her er det lurt å bruke opne spørsmål som krevjar refleksjon. Her er tanken å skape ein litterær samtale der elevane er aktive, mens læraren kun noterar og førar samtalen. Etterpå skriv alle elevane tankekartet ned i arbeidsboka. Dette jobbar vi vidare med i neste time.

2. time

I 2. time skal klassen sjå nærmare på dei ulike karakterane i kapitlet. Fyrst ramsar vi dei opp, og skriv dei opp på tavla. Metoden som skal brukast i denne timen er ”biodikt”. Biodikt kan også kallas personskjema, og det gir oss mogligheita for å bli kjent med personar i teksten vi jobbar med. Biodiktet er forholdsvis enkelt å jobbe med for alle elever, og krevjar lite øving for å få til.

Biodiktet:

  • namn
  • alder
  • personen likar…
  • personen er redd for…
  • personen draumar om…
  • personen er ofte samen med…
  • tre karaktertrekk ved personen…
  • personen trur på…

Ved å sette opp slike punktar på smartboarden/tavla hjelper du elevane å komme godt i gang med oppgåva. Her er det også mulig å gje nokre eksemplar før elevane startar på eigen hand. Når elevane er ferdige med diktet, henges dei opp i klasserommet, slik at alle kan gå å sjå kva dei andre har skreve. Slik skapar vi takhøgda for å komme med ulike syn på same sak. Som avslutningsoppgåve skal elevane teikne ei teikning som passar til diktet. Teikninga blir hengt opp ved sida av dei enkeltes dikt. 

This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

4 Responses to Undervisningsopplegg

  1. Pingback: blue ofica

  2. Pingback: dites dulu bos

Legg igjen en kommentar