Munnleg forteljing i klasserommet

I min praksis periode har eg tatt i bruk munnleg forteljing teknikkane som Fridunn Tørå Karsrud har lært oss i munnleg forteljing kurset på Universitet i Agder. Meg og mine medstudentar har alle tatt del i eit vellykka prosjekt kor me fekk i gong god elevdeltakelse og læringsutbytte i klasserommet. Me har alle hjelpa til i refleksjonar og planlegging av prosjektet før og etter, og me har brukt forteljar teknikkane samen. I prosjektet eg ønskjer å skriv om nå så var det ikkje meg sjølv som direkte fortelde eit eventyr for klassen, men eg har lagt mykje arbeid, tankar og erfaringar i heile prosjektet, og i tillegg har eg utanom prosjektet forteldt ei kortare forteling for klassen. Eg vel å skriv om dette prosjektet fordi det var ei utrolig god erfaring å få tatt ein del av.

Planen me valgte å utføre var at me skulle fortelje eventyret ”Prinsessen som ingen kunne målbinde” på 4.trinn. Me valde dette eventyret fordi det er eit eventyr som er lett å hugse når man fortel, og i tillegg fordi eventyret har kjente identifikasjonsfigurar som både jenter og gutar kan identifisera seg med. Me satt saman og forberedte oss på eventyret ved å sile ut sju punkter frå eventyret, fem substantiv, fem verb og fem følelsar. Etter dette laget me ein teikneserie av eventyret og fortelde det for kvarandre fleire gongar. Målet for timen var at elevane skulle hugse noe frå noe dei blei fortalt, og derfor tenkte me at et fint etterarbeid kunne vere å lage et friformkart i gruppar kor dei skulle fortelje att kva dei hugsa. Med tanke på at me måtte ta for oss ein god del elevforutsetningar og ha alle rammefaktorar klart, så måtte me lage et tydelig døme på korleis eit friformkart ser ut.

Teikneserie:

Døme me viste til elevane:

Eventyret ”Prinsessen som ingen kunne målbinde” blei fortalt fyrst av min medstudent, og me hadde på forhand funnet rekvisittar (hjelpemidla får eventyret) slik at ho kunne visa dei meir visuelt i klassen. Etter ho hadde fortalt eventyret munnleg reflektere ho saman med klassen om kva som skjedde i eventyret.

Etter dette tok eg over timen og forklarte dei korleis oppgåva om friformkart fungerte, og viste til det døme me hadde laga. Eg delte elevane inn i gruppene me hadde blitt einige om, og plasserte dei rundt med kvar sin vaksen og med eit A3 ark. Dei var maksimum fire elevar kvar gruppe og dette fungerte veldig godt. Eg tok ansvar for å gå rundt å sjå alle gruppene arbeide, og i tillegg hadde eg min eigen gruppe eg rettleia. Elevane arbeida overraskande bra på denne oppgåva, og dei laga nokon kjempe flotte teikningar. Dei vart så engasjerte og kreative, og nå me ville slutta av så ville dei nesten ikkje gje frå seg arka sine. I den siste økta av dette prosjektet fekk eg den ære av å rettleia alle gruppene når dei skulle fortelje att eventyret, og det var utroleg varmanse å sjå elevane frå ein slik posisjon. Dei vart flinke, stolte og kreative i kva dei fortelde og hadde teikna, og dei viste oss at dei hadde arbeida veldig seriøst med friformkartet deira. Elevane blei kjempe stolt når dei dagen etter kom inn i klasserommet og såg friformkartene dei hadde arbeida med hang høgt oppe på veggen.

Sluttrefleksjonar me har gjort oss, er at elevane koste seg gjennom dette prosjektet og at me verkeleg vil ta forteljarteknikkane i bruk mykje oftare for at elevane skal utvikle omgrepsforståing, ordforråd, evna til å arbeide i grupper, fortelje att og lytte. Noko me vil arbeida vidare med for oss sjølv, er å gi elevane ei breiare forståing av vanskelege ord før me fortelje ei forteljing. Alt i alt var det eit veldig vellykka prosjekt.