
{"id":33,"date":"2026-04-20T16:49:08","date_gmt":"2026-04-20T15:49:08","guid":{"rendered":"https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/?p=33"},"modified":"2026-04-20T16:49:08","modified_gmt":"2026-04-20T15:49:08","slug":"gjer-nabosprak-levande-digitale-ressursar-i-norskundervisninga","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/2026\/04\/20\/gjer-nabosprak-levande-digitale-ressursar-i-norskundervisninga\/","title":{"rendered":"Gjer nabospr\u00e5k levande: digitale ressursar i norskundervisninga"},"content":{"rendered":"\n<p>Dagens klasserom er ikkje lenger avgrensa av fire veggar. Med berre eit tastetrykk kan elevar m\u00f8te spr\u00e5k og kultur fr\u00e5 heile Norden. Dette gjev eit unikt utgangspunkt for \u00e5 gjere arbeidet med nabospr\u00e5k meir engasjerande og meiningfylt i norskfaget. Nettbaserte l\u00e6ringsressursar gjev norskl\u00e6rarar moglegheiter til \u00e5 skape variert og praksisn\u00e6r nabospr\u00e5ksundervisning. I dette blogginnlegget deler eg korleis nokre av desse ressursane kan brukast p\u00e5 ein fagleg og, forh\u00e5pentlegvis, inspirerande m\u00e5te i arbeidet med nabospr\u00e5k.&nbsp;<\/p>\n\n\n\n<p>Nabospr\u00e5k blir definert av Stian H\u00e5rstad som spr\u00e5k med s\u00e5 mange likskapstrekk at dei er gjensidig forst\u00e5elege, men som likevel blir rekna som ulike spr\u00e5k (2021, s. 18). H\u00e5rstad understrekar at arbeid med nabospr\u00e5ksforst\u00e5ing er ein viktig del av morsm\u00e5lsoppl\u00e6ringa i dei skandinaviske landa, og peikar p\u00e5 verdien av \u00e5 kunne bruke eige morsm\u00e5l i kommunikasjon med andre skandinavar (2021, s. 9). Ein stor motivasjon til \u00e5 arbeide med svensk og dansk i skulen er difor b\u00e5de \u00e5 styrkje ein felles skandinavisk identitet og \u00e5 utvikle elevane si metaspr\u00e5klege bevisstheit.\u00a0<\/p>\n\n\n\n<p>Eit d\u00f8me p\u00e5 ein nettressurs ein kan ta i bruk er <em><a href=\"https:\/\/nordeniskolen.org\/nn\/\" data-type=\"link\" data-id=\"https:\/\/nordeniskolen.org\/nn\/\">Norden i skolen<\/a><\/em> fr\u00e5 Foreningen Nordens Forbund. Denne l\u00e6ringsressursen er ei gratis og uavhengig undervisningsplattform som gjev b\u00e5de elevar og l\u00e6rerar verkt\u00f8y for \u00e5 arbeide med skandinavisk nabospr\u00e5kforst\u00e5ing og nordisk kultur (Norden i skolen, u.\u00e5.). Nettstaden er sv\u00e6rt ryddig der det for meg som lesar er lett \u00e5 finne fram, samt tydeleg kor ein skal trykkje ut ifr\u00e5 kva ein ynskjer. Nettsida er oversynleg bygd opp, med tilgang til aktuelle artiklar, undervisningsmateriell, skulechat, venskapsklassar og lydordbok gjennom ein tydeleg meny. For \u00e5 benytte seg av denne nettressursen, m\u00e5 ein opprette ein brukar. Heldigvis kan ein gjere dette heilt gratis.\u00a0<\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image size-large\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"1024\" height=\"556\" src=\"https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/files\/2026\/04\/Skjermdump-Undervisningsmateriale-1024x556.png\" alt=\"\" class=\"wp-image-38\" srcset=\"https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/files\/2026\/04\/Skjermdump-Undervisningsmateriale-1024x556.png 1024w, https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/files\/2026\/04\/Skjermdump-Undervisningsmateriale-300x163.png 300w, https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/files\/2026\/04\/Skjermdump-Undervisningsmateriale-768x417.png 768w, https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/files\/2026\/04\/Skjermdump-Undervisningsmateriale-400x217.png 400w, https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/files\/2026\/04\/Skjermdump-Undervisningsmateriale-1536x833.png 1536w, https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/files\/2026\/04\/Skjermdump-Undervisningsmateriale.png 1716w\" sizes=\"(max-width: 767px) 89vw, (max-width: 1000px) 54vw, (max-width: 1071px) 543px, 580px\" \/><figcaption class=\"wp-element-caption\"><em>Skjermdump fr\u00e5 Norden i skolen<\/em><\/figcaption><\/figure>\n\n\n\n<p>P\u00e5 nettsida for undervisningsmateriale kan l\u00e6raren filtrere ressursane etter trinn, fag, type, l\u00e6ringsfokus og originalspr\u00e5k. Dette gjer det enklare \u00e5 finne relevant materiale tilpassa arbeidet med nabospr\u00e5k. Samstundes opplev eg som norskl\u00e6rar p\u00e5 7. trinn at utvalet er noko avgrensa dersom ein filtrerer p\u00e5 6.-7. trinn i norsk bokm\u00e5l eller nynorsk. Dette kan vere ei utfordring for l\u00e6rarar som ynskjer ferdig tilpassa opplegg, og viser at ressursen kan fungere som eit supplement til anna undervisningsopplegg.<\/p>\n\n\n\n<p>Utvalet blir derimot st\u00f8rre dersom ein opnar for ressursar med andre nordiske originalspr\u00e5k. Her finst det til d\u00f8mes fleire korte videosnuttar med tilh\u00f8yrande oppg\u00e5ver som kan gjennomf\u00f8rast individuelt, i par eller i grupper. L\u00e6raren kan sj\u00f8lv velje kva spr\u00e5k elevane skal m\u00f8te, til d\u00f8mes svensk tale kombinert med norske oppg\u00e5ver. Dette er ein styrke ved ressursen, d\u00e5 elevane f\u00e5r m\u00f8te autentisk spr\u00e5k i ein kontekst som gjev meining, noko som vidare kan styrkje b\u00e5de forst\u00e5ing og motivasjon. Samtidig krev slike ressursar at l\u00e6raren aktivt tilpassar oppg\u00e5vene til elevgruppa, s\u00e6rleg dersom spr\u00e5kleg niv\u00e5 varierer. Mange av videoane har ogs\u00e5 moglegheit for undertekst, noko som kan fungere som ei sentral st\u00f8tte til elevane si spr\u00e5kforst\u00e5ing. Det finst tydelege l\u00e6rarrettleiingar som forklarer korleis materialet kan brukast i undervisninga, og som l\u00e6raren kan tilpasse. Samla sett, peikar dette mot eit s\u00e6rleg fokus p\u00e5 \u00e5 utvikle elevane si munnlege spr\u00e5kforst\u00e5ing i dei nordiske spr\u00e5ka. Det er \u00f2g verdt \u00e5 merke seg at nettsida inneheld undervisningsopplegg knytte til urfolk og minoritetar.<\/p>\n\n\n\n<p>I den gjeldande l\u00e6replanen for norsk, nemleg Kunnskapsl\u00f8ftet 2020, har arbeid med nabospr\u00e5k ein tydeleg plass. Etter 7. trinn skal elevane mellom anna \u201csamanlikne talespr\u00e5k i n\u00e6rmilj\u00f8et med andre talespr\u00e5kariantar i Noreg og med nabospr\u00e5k\u201d (Kunnskapsl\u00f8ftet, 2024a). I tillegg finst det kompetansem\u00e5l som legg vekt p\u00e5 at elevane skal lese tekstar p\u00e5 bokm\u00e5l, nynorsk, samisk, dansk og svensk, og samtale om form, innhald og form\u00e5l. Nabospr\u00e5k er \u00f2g l\u00f8fta fram i kjerneelementa, der det blir understreka at elevane skal m\u00f8te og utforske tekstar skrivne p\u00e5 dei ulike nabospr\u00e5ka (Kunnskapsl\u00f8ftet, 2024b).&nbsp;<\/p>\n\n\n\n<p>Med dette som utgangspunkt opnar det seg mange moglegheiter for \u00e5 ta i bruk digitale ressursar i undervisninga. <em>Norden i skolen<\/em> er eit d\u00f8me p\u00e5 ein ressurs som kan st\u00f8tte norskl\u00e6raren i \u00e5 arbeide konkret og variert med desse m\u00e5la.&nbsp;<\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image size-large\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"1024\" height=\"558\" src=\"https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/files\/2026\/04\/Skjermdump-Nordisk-skolechat-1024x558.png\" alt=\"\" class=\"wp-image-40\" srcset=\"https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/files\/2026\/04\/Skjermdump-Nordisk-skolechat-1024x558.png 1024w, https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/files\/2026\/04\/Skjermdump-Nordisk-skolechat-300x163.png 300w, https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/files\/2026\/04\/Skjermdump-Nordisk-skolechat-768x418.png 768w, https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/files\/2026\/04\/Skjermdump-Nordisk-skolechat-400x218.png 400w, https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/files\/2026\/04\/Skjermdump-Nordisk-skolechat-1536x837.png 1536w, https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/files\/2026\/04\/Skjermdump-Nordisk-skolechat.png 1687w\" sizes=\"(max-width: 767px) 89vw, (max-width: 1000px) 54vw, (max-width: 1071px) 543px, 580px\" \/><figcaption class=\"wp-element-caption\"><em>Skjermdump fr\u00e5 Norden i skolen<\/em><\/figcaption><\/figure>\n\n\n\n<p>H\u00e5rstad l\u00f8ftar fram kor viktig det er at elevar f\u00e5r delta i autentiske spr\u00e5kbrukssituasjonar for \u00e5 utvikle nabospr\u00e5kskompetansen (2021, s. 64). Dette kan gjerast p\u00e5 fleire m\u00e5tar, og <em>Norden i skolen<\/em> legg godt til rette for dette ved \u00e5 tilby ressursar som skulechat og venskapsklassar. Her blir det mogleg for elevar \u00e5 m\u00f8te jamnaldringar i andre nordiske land digitalt og bruke spr\u00e5ket i ekte, meiningsfulle samanhengar. Dette gjeld spesielt for skulechat. Kommunikasjonen med ein venskapsklasse kan f\u00f8reg\u00e5 p\u00e5 fleire vis, til d\u00f8mes som klassebrev eller individuelle brev. Ved \u00e5 skrive brev til kvarandre, f\u00e5r elevane \u00f8vd seg p\u00e5 det skriftlege spr\u00e5ket samstundes som det kan bidra til \u00e5 utvikle elevane si medvit om spr\u00e5klege likskapar og skilnader. Dette er sentralt i arbeidet med nabospr\u00e5k. Ein blir b\u00e5de ved \u00e5 benytte seg av vennskapsklasse og skulechat direkte eksponert for nabospr\u00e5k, og elevane vil moglegvis i st\u00f8rre grad oppleve spr\u00e5ket som n\u00e6rare, meir motiverande og meir relevant \u00e5 forst\u00e5.<\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image size-large is-resized\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"1024\" height=\"534\" src=\"https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/files\/2026\/04\/Skjermdump-Venskapsklasse-1024x534.png\" alt=\"\" class=\"wp-image-43\" style=\"width:674px;height:auto\" srcset=\"https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/files\/2026\/04\/Skjermdump-Venskapsklasse-1024x534.png 1024w, https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/files\/2026\/04\/Skjermdump-Venskapsklasse-300x157.png 300w, https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/files\/2026\/04\/Skjermdump-Venskapsklasse-768x401.png 768w, https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/files\/2026\/04\/Skjermdump-Venskapsklasse-400x209.png 400w, https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/files\/2026\/04\/Skjermdump-Venskapsklasse-1536x802.png 1536w, https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/files\/2026\/04\/Skjermdump-Venskapsklasse.png 1692w\" sizes=\"(max-width: 767px) 89vw, (max-width: 1000px) 54vw, (max-width: 1071px) 543px, 580px\" \/><figcaption class=\"wp-element-caption\"><em>Skjermdump fr\u00e5 Norden i skolen<\/em><\/figcaption><\/figure>\n\n\n\n<p>Slike arbeidsm\u00e5tar stiller krav til norskl\u00e6raren eller klasseleiaren om god f\u00f8rebuing og tydeleg struktur for at alle elevar skal f\u00e5 eit l\u00e6ringsutbyte. Dersom l\u00e6raren planlegg godt og skulen tillet denne forma for kommunikasjon, er det likevel ingenting som st\u00e5r i vegen for \u00e5 benytte seg av desse ressursane. Ved \u00e5 benytte seg av skulechat og\/eller venskapsklasser fr\u00e5 andre naboland, vil elevane utvikle ferdigheiter i den skriftlege nabospr\u00e5ksforst\u00e5inga. Dette er \u00f2g s\u00e6rleg verdifullt fordi elevane f\u00e5r erfare spr\u00e5ket som eit reiskap for ekte kommunikasjon, ikkje berre som eit skulefag.<\/p>\n\n\n\n<p>I tillegg til skulechat og venskapsklassar kan lydordboka p\u00e5 <em>Norden i skolen<\/em> vere ein nyttig ressurs i arbeidet med nabospr\u00e5k. Dette er ei nordisk miniordbok der elevane kan s\u00f8kje etter ord p\u00e5 ulike skandinaviske spr\u00e5k, f\u00e5 forklaringar p\u00e5 tyding og h\u00f8yre korleis orda blir uttala p\u00e5 bokm\u00e5l, nynorsk, dansk og svensk. Ein m\u00e5te \u00e5 ta i bruk denne ressursen p\u00e5, er \u00e5 la elevane arbeide med nabospr\u00e5klege tekstar der dei aktivt s\u00f8kjer opp ord dei ikkje forst\u00e5r, ord som liknar norsk, eller ord dei undrar seg over. Undervegs kan elevane lage si eiga ordliste eller miniordbok, der dei samanliknar norske ord med tilsvarande ord p\u00e5 nabospr\u00e5ka. Arbeidet kan gjennomf\u00f8rast individuelt, i par eller i grupper, avhengig av form\u00e5l og niv\u00e5.\u00a0<\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image size-large\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"1024\" height=\"528\" src=\"https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/files\/2026\/04\/Skjermdump-Lydordbok-1024x528.png\" alt=\"\" class=\"wp-image-45\" srcset=\"https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/files\/2026\/04\/Skjermdump-Lydordbok-1024x528.png 1024w, https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/files\/2026\/04\/Skjermdump-Lydordbok-300x155.png 300w, https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/files\/2026\/04\/Skjermdump-Lydordbok-768x396.png 768w, https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/files\/2026\/04\/Skjermdump-Lydordbok-400x206.png 400w, https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/files\/2026\/04\/Skjermdump-Lydordbok-1536x792.png 1536w, https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/files\/2026\/04\/Skjermdump-Lydordbok.png 1690w\" sizes=\"(max-width: 767px) 89vw, (max-width: 1000px) 54vw, (max-width: 1071px) 543px, 580px\" \/><figcaption class=\"wp-element-caption\"><em>Skjermdump fr\u00e5 Norden i skolen<\/em><\/figcaption><\/figure>\n\n\n\n<p>S\u00e6rleg morosamt og motiverande kan det vere \u00e5 arbeide med s\u00e5kalla \u201cfalske vener\u201d. Dette er ord som liknar kvarandre, men har ulik tyding (H\u00e5rstad, 2021, s. 45). D\u00f8me p\u00e5 dette er dei svenske orda rolig (morosam), rar (vennleg\/snill) og glass (iskrem). Slike samanlikningar kan skape engasjement hos elevane. Arbeid med lydordboka kan ogs\u00e5 bidra til \u00e5 utvide elevane sitt ordforr\u00e5d og utvikle forst\u00e5ing for b\u00e5de likskapar og skilnader mellom spr\u00e5ka. For \u00e5 vidareutvikle l\u00e6ringa kan elevane til d\u00f8mes lage og spele memory med orda dei har arbeidd med. <em>Norden i skolen<\/em> tilbyr ein slik aktivitet under undervisningsmateriale, der elevane kan bruke miniordboka til \u00e5 lage eigne kort. Ei mogleg svakheit ved denne ressursen er at det ikkje finst ferdige malar for memorykorta, noko som krev ekstra f\u00f8rebuing fr\u00e5 l\u00e6raren. Samstundes kan dette opne for elevaktivitet og kreativitet i utforminga av spelet.\u00a0<\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image size-large is-resized\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"1024\" height=\"565\" src=\"https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/files\/2026\/04\/Skjermdump-Memory-1024x565.png\" alt=\"\" class=\"wp-image-46\" style=\"width:674px;height:auto\" srcset=\"https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/files\/2026\/04\/Skjermdump-Memory-1024x565.png 1024w, https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/files\/2026\/04\/Skjermdump-Memory-300x165.png 300w, https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/files\/2026\/04\/Skjermdump-Memory-768x424.png 768w, https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/files\/2026\/04\/Skjermdump-Memory-400x221.png 400w, https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/files\/2026\/04\/Skjermdump-Memory-1536x847.png 1536w, https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/files\/2026\/04\/Skjermdump-Memory.png 1699w\" sizes=\"(max-width: 767px) 89vw, (max-width: 1000px) 54vw, (max-width: 1071px) 543px, 580px\" \/><figcaption class=\"wp-element-caption\"><em>Skjermdump fr\u00e5 Norden i skolen<\/em><\/figcaption><\/figure>\n\n\n\n<p>Avslutningsvis vil eg oppmodne norskl\u00e6rarar til \u00e5 utforske <em>Norden i skolen<\/em> og dei moglegheitene ressursen gjev for arbeidet med nabospr\u00e5k. Eg h\u00e5par dette kan inspirere fleire til \u00e5 ta i bruk digitale ressursar og gjere nabospr\u00e5k til ein levande og meiningsfull del av undervisninga.\u00a0<\/p>\n\n\n\n<p><\/p>\n\n\n\n<p><\/p>\n\n\n\n<p><\/p>\n\n\n\n<p><strong>Kjeldeliste<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Foreningerne Norden. (u.\u00e5.) Om oss. Hentet 12. april 2026 fr\u00e5 <a href=\"https:\/\/nordeniskolen.org\/nb\/om-oss\">https:\/\/nordeniskolen.org\/nb\/om-oss<\/a>&nbsp;<\/p>\n\n\n\n<p>H\u00e5rstad, S. (2021). <em>Nabospr\u00e5k og nabospr\u00e5kundervisning<\/em>. Cappelen Damm Akademisk.<\/p>\n\n\n\n<p>Kunnskapsdepartementet. (2024a). L\u00e6replan i norsk (NORD01-07). Fastsett som forskrift. L\u00e6replanverket for Kunnskapsl\u00f8ftet 2020. <a href=\"https:\/\/www.udir.no\/lk20\/nor01-07\/kompetansemaal-og-vurdering\/kv919?lang=nob\">https:\/\/www.udir.no\/lk20\/nor01-07\/kompetansemaal-og-vurdering\/kv919?lang=nob<\/a>&nbsp;<\/p>\n\n\n\n<p>Kunnskapsdepartementet. (2024b). L\u00e6replan i norsk (NOR01-07). Fastsett som forskrift. L\u00e6replanverket for Kunnskapsl\u00f8ftet 2020. <a href=\"https:\/\/www.udir.no\/lk20\/nor01-07\/om-faget\/kjerneelementer?lang=nob\">https:\/\/www.udir.no\/lk20\/nor01-07\/om-faget\/kjerneelementer?lang=nob<\/a>&nbsp;&nbsp;<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Dagens klasserom er ikkje lenger avgrensa av fire veggar. Med berre eit tastetrykk kan elevar m\u00f8te spr\u00e5k og kultur fr\u00e5 heile Norden. Dette gjev eit unikt utgangspunkt for \u00e5 gjere arbeidet med nabospr\u00e5k meir engasjerande og meiningfylt i norskfaget. Nettbaserte l\u00e6ringsressursar gjev norskl\u00e6rarar moglegheiter til \u00e5 skape variert og praksisn\u00e6r nabospr\u00e5ksundervisning. I dette blogginnlegget deler &hellip; <\/p>\n<p class=\"link-more\"><a href=\"https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/2026\/04\/20\/gjer-nabosprak-levande-digitale-ressursar-i-norskundervisninga\/\" class=\"more-link\">Fortsett \u00e5 lese<span class=\"screen-reader-text\"> \u00abGjer nabospr\u00e5k levande: digitale ressursar i norskundervisninga\u00bb<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":3789,"featured_media":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_exactmetrics_skip_tracking":false,"_exactmetrics_sitenote_active":false,"_exactmetrics_sitenote_note":"","_exactmetrics_sitenote_category":0,"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/33"}],"collection":[{"href":"https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/wp-json\/wp\/v2\/users\/3789"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=33"}],"version-history":[{"count":3,"href":"https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/33\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":53,"href":"https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/33\/revisions\/53"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=33"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=33"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/home.uia.no\/marimr16\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=33"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}