Spel i klasserommet

I dette oppdraget skulle ein utforske bruk av spel i undervisninga. I samfunnsfag i 8 klasse hadde vi om tema samfunn og korleis eit samfunn fungerer. Vi skulle sjå litt på kva som måtte til for at eit samfunn kunne oppretthaldas over tid og korleis menneske måtte samhandle. Vi hadde og om ulike oppgåver dei ulike forvaltningsnivåa hadde.

For å prøve noko annleis valde eg å la elevene prøve å spele Sim City 2000. På denne måten skulle dei designe ein by. Dei trong elektrisitet som kunne produserast billig og forureinade eller dyr og fornybar. Dei måtte lage infrastruktur med vegar, kollektivtransport, vatn og avløp. Alt skulle betalast for og det var skatteinngangen og antall innbyggarar som bestemte kor mykje penger ein hadde. Satt ein opp skattene for mykje flytta folk frå byen. Kutta ein for mykje i løyvingane til politiet så vart det for mykje kriminalitet. Oppstod det brann måtte ein ha eit fungerande brannvesen.

Alt i alt gjekk dette veldig bra, men utfordringa som vanleg, er å forklare 24 elevar korleis dei skal kome igang med det tekniske. Mange av elevane holdt fram med spelet når dei kom heim og i dagane etterpå.