
{"id":103,"date":"2023-04-15T17:57:53","date_gmt":"2023-04-15T16:57:53","guid":{"rendered":"https:\/\/home.uia.no\/mkhara01\/?page_id=103"},"modified":"2023-04-15T17:57:53","modified_gmt":"2023-04-15T16:57:53","slug":"kven-skal-laere-barna-vare-digital-dommekraft-og-sunne-vanar","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/home.uia.no\/mkhara01\/kven-skal-laere-barna-vare-digital-dommekraft-og-sunne-vanar\/","title":{"rendered":"Kven skal l\u00e6re barna v\u00e5re digital d\u00f8mmekraft og sunne vanar?"},"content":{"rendered":"\n<p><\/p>\n\n\n\n<p><strong>Dersom du ser for mykje p\u00e5 fjernsyn f\u00e5r du firkanta auger! Nei, men du er sikkert forkj\u00f8la fordi du sit \u00e5 glor p\u00e5 den telefonen heile tida! B\u00e5de medievanar og fritidsinteresser endrar seg i takt med tida. Kva ansvar har skuleverket for \u00e5 skape ungdom med god digital d\u00f8mmekraft, og har l\u00e6rarane i det heile kompetanse til \u00e5 rettleie barn og unge om kva som er lurt og kva som ikkje er lurt \u00e5 gjere p\u00e5 nettet? Grensa om kva som er foreldra sin jobb og kva som er skulen sin jobb med omsyn til oppseding av barn og unge blir stadig rykka n\u00e6rmare offentlege instansar. Er det kommunen og fylkeskommunen sitt hovudansvar \u00e5 l\u00e6re den kommande generasjonen digital d\u00f8mmekraft og sunne digitale medievanar?<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>I eit samfunn som i st\u00f8rre og st\u00f8rre grad for kvar m\u00e5nad som g\u00e5r blir heildigitalisert og integrert i verdsveven, f\u00f8reg\u00e5r meir og meir av b\u00e5de barn og unges liv p\u00e5 ulike digitale plattformar. Foreldregenerasjonen er sant nok opptekne av b\u00e5de Facebook og kan lese avisen p\u00e5 nettet. Men veit vi kva som f\u00f8reg\u00e5r p\u00e5 TikTok og Snapchat? Korleis kan ein f\u00f8lgje med p\u00e5 kva dei unge driv med p\u00e5 ein lukka plattform som er nokre \u00abtastetrykk\u00bb unna? (Det er n\u00e6rmast symptomatisk at ein i det heile bruker ord som tastetrykk for \u00e5 skildre noko som skjer p\u00e5 nettet\u2026)<\/p>\n\n\n\n<p>Ei unders\u00f8king gjort av Medietilsynet i 2020 syner at 97 prosent av alle 9-18 \u00e5ringar i Noreg har eigen mobiltelefon. Blant barn mellom 9 og 10 \u00e5r har 87 prosent eigen smarttelefon. Ser ein p\u00e5 dei mellom 13-14 \u00e5r har omtrent alle eigen mobil. Halvparten av norske ni\u00e5ringar bruker sosiale media. For ti\u00e5ringane gjeld det heile 65 prosent. Snapchat er mest utbreidd, med TikTok og Instagram p\u00e5 ein god andreplass.<\/p>\n\n\n\n<p>80 prosent av alle 13-18 \u00e5ringar som bruker sosiale media seier at dei har mykje kontakt med venene sine her. Det er og her barn og unge vert utsett for m\u00e5lretta reklame. N\u00e5r ein veit at det i norsk lov ikkje er tillate \u00e5 m\u00e5lrette reklame mot barn, er desse tala urovekkjande.<\/p>\n\n\n\n<p>Meir enn 30 prosent av alle 13-18 \u00e5ringane som nyttar sosiale media seier i tillegg at dei har angra p\u00e5 noko dei har delt p\u00e5 nettet. Bryt ein det meir ned i kj\u00f8nn og alder ser ein fr\u00e5 unders\u00f8kinga at omlag halvparten av jentene mellom 17-18 har angra p\u00e5 noko dei har delt.<\/p>\n\n\n\n<p>Ein har i ei \u00e5rrekke hatt fokus i l\u00e6replanane om \u00e5 gjere barn og unge robuste til \u00e5 m\u00f8te samfunnet og gjere dei til \u00abgangs menneske\u00bb. N\u00e5r livet i st\u00f8rre og st\u00f8rre grad no speler seg ut p\u00e5 nettet, korleis skal skulen klare \u00e5 henge med p\u00e5 utviklinga? Den f\u00f8rre regjeringa ynskja \u00e5 satse p\u00e5 kompetanse i skulen. L\u00e6rarar med allmennl\u00e6rarutdanning skulle \u00abavskiltast\u00bb fordi dei mangla nokre studiepoeng i matematikk eller engelsk. Staten og kommunane har brukt millionar av kroner for \u00e5 etterutdanne l\u00e6rarar s\u00e5 dei kan halde fram \u00e5 undervise ogs\u00e5 etter 2025. Problemet, etter mitt syn, er at ein ikkje i stor nok grad har satsa p\u00e5 \u00e5 etterutdanna l\u00e6rarar i digital kompetanse. IKT er som vi kjenner ein av dei fem grunnkompetansane elevane skal meistre \u2013 p\u00e5 lik line med lesing, rekning, skriving og munnleg aktivitet. Tyder IKT at ein kan skrive p\u00e5 ein PC og lage eit dokument i Excel, eller tyder kompetanse i IKT at ein faktisk f\u00f8lger med i utviklinga, veit og meistrer digitale plattformar og sosiale media? B\u00f8r ikkje ein l\u00e6rar vite kva elevane driv med p\u00e5 fritida dersom ein i praksis gir dei midlar til \u00e5 nytte desse b\u00e5de i skulen og p\u00e5 fritida? Jau, 97 prosent har eigen mobil, og eit meir eller mindre vellykka fors\u00f8k somme stader med mobilhotell og forbod mot \u00e5 bruke telefonen p\u00e5 skulen gjer at ein har betre kontroll akkurat i skuletida. Men elevane har likevel PCen eller Chromebooken som dei har f\u00e5tt av kommunen eller fylkeskommunen.<\/p>\n\n\n\n<p>N\u00e5r Magnus Carlsen verkeleg byrja dominere sjakkverda og sjakk vart ein \u00abfolkesport\u00bb med timelange program p\u00e5 NRK og tusenvis av menneske satt benka framf\u00f8re skjermen var ein av dei fyrste tinga ein h\u00f8yrde at sjakk m\u00e5tte inn i skulen! Slikt er det med det meste. Alt m\u00e5 inn i skulen. Det offentlege skal l\u00e6re barna b\u00e5de etikk og moral. Skulen skal l\u00e6re elevane grunnleggande oppseding og danning. S\u00e5 kan ein som skuletilsett like eller mislike at foreldrerolla har endra seg i takt med l\u00e6rarrolla. Ein skal forst\u00e5, leggje til rette og tilpasse. Ingenting skal vere ubehageleg. Grue seg til pr\u00f8ve er endra til angst, og det \u00e5 bli stilt krav til er for mange ein heilt uakseptabel situasjon.<\/p>\n\n\n\n<p>Det er denne utviklinga som gjer meg mest redd. For n\u00e5r ein veit at den sosiale interaksjonen i st\u00f8rre og st\u00f8rre grad f\u00f8reg\u00e5r i sosiale media i appar som er laga for \u00e5 \u00abskjule\u00bb spora sine. Korleis skal l\u00e6rarane klare \u00e5 f\u00f8lgje opp dette? I tillegg vil ein i mykje st\u00f8rre grad enn f\u00f8r trekke med seg utfordringar og problem utanfor skuletida inn i skulen n\u00e5r \u00abalt\u00bb skjer digitalt.<\/p>\n\n\n\n<p>Ein har lenge hatt fokus p\u00e5 opp\u00f8ving av kjeldekritiske evner i skulen. Dette m\u00e5 vidaref\u00f8rast i samband med digitaliseringa av samfunnet. I tillegg m\u00e5 skulen ta inn over seg at ein i st\u00f8rre grad m\u00e5 legge vekt p\u00e5 kommunikativ kompetanse. Til slutt m\u00e5 ein og p\u00e5 godt og vondt innsj\u00e5 at internett og smarttelefonar gir elevane mogelegheit til kreativitet og deling av det dei skapar p\u00e5 ein heilt anna m\u00e5te enn f\u00f8r. Konsekvensane av \u00e5 legge ting ut p\u00e5 nettet og konsekvensane av \u00e5 blottlegge seg for heile verda er ein del av \u00e5 utvikle ein digital d\u00f8mmekraft. Her har skulen ei viktig rolle og det kan ein ikkje kome unna.<\/p>\n\n\n\n<p>Sosiale media og digitalisering er ikkje ein flopp som g\u00e5r over. Som institusjon har skulen eit ansvar for \u00e5 gjere elevane til sj\u00f8lvstendige menneske med mogelegheiter til delta i samfunnet p\u00e5 best mogeleg m\u00e5te. D\u00e5 m\u00e5 tilsette i skulen ha b\u00e5de kompetanse og motivasjon for \u00e5 arbeide med \u00e5 gjere elevane til \u00abgangs menneske\u00bb, b\u00e5de p\u00e5 nettet og i samfunnet elles. Dette kan ikkje l\u00f8ysast med ein time eller to med nettvett i 9. klasse eller ein temadag f\u00f8r jol. Det m\u00e5 arbeidast systematisk med i alle fag OG i heimen. Digital d\u00f8mmekraft er som d\u00f8mmekraft elles, det kjem ikkje av seg sj\u00f8lve.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Dersom du ser for mykje p\u00e5 fjernsyn f\u00e5r du firkanta auger! Nei, men du er sikkert forkj\u00f8la fordi du sit \u00e5 glor p\u00e5 den telefonen heile tida! B\u00e5de medievanar og fritidsinteresser endrar seg i takt med tida. Kva ansvar har &hellip; <a href=\"https:\/\/home.uia.no\/mkhara01\/kven-skal-laere-barna-vare-digital-dommekraft-og-sunne-vanar\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":3501,"featured_media":0,"parent":0,"menu_order":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","template":"","meta":{"_exactmetrics_skip_tracking":false,"_exactmetrics_sitenote_active":false,"_exactmetrics_sitenote_note":"","_exactmetrics_sitenote_category":0,"footnotes":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/home.uia.no\/mkhara01\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/103"}],"collection":[{"href":"https:\/\/home.uia.no\/mkhara01\/wp-json\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/home.uia.no\/mkhara01\/wp-json\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/home.uia.no\/mkhara01\/wp-json\/wp\/v2\/users\/3501"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/home.uia.no\/mkhara01\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=103"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/home.uia.no\/mkhara01\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/103\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":105,"href":"https:\/\/home.uia.no\/mkhara01\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/103\/revisions\/105"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/home.uia.no\/mkhara01\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=103"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}