Kvifor les me skjønnlitteratur i skulen?

Eg var 11 år gammel då eg virkeleg fekk ein interesse for skjønnlitteratur, meir spesifikt var det fantasy-universet til J.R.R. Tolkien som fanga meg. Siden den gong har eg hatt mykje og variert røynsle med ulike typar skjønnlitteratur, og det er desse røynslene eg tek utganspunkt i når eg tenkjar på argumentane for å lesa skjønlitteratur i skulen.

Danning
Å lesa skjønnlitteratur kan fungera som ei god måte å utvikle sine lese- og skrivekunnskapar. Barn får møta eit avansert språk, som skil seg frå det språket som vert brukt i sakprosa. Eit anna aspekt ved dette er at barn kan tileigna kunnskap om samfunnet dei lever i på ein meir levande måte enn i sakprosa, me kallar det gjerne for «levande kunnskap».

Terapautisk verknad
Nokre tema kan vera vanskeleg å snakke om, då kan bøker vera eit godt hjelpemiddel. Lærar og elevane kan bruka skjønnlitteraturen til å ta opp tema som sorg og død. På denne måten kan bøker fungera som ei øving i emosjonell mestring. Bøker kan òg fungera som eit tilfluksted; eit sted hvor ein kan drøyma seg bort frå sin eiga  kverdag.

Leselyst
Viss eit barn finn ei bok som fangar interessa, slik eg gjorde med J.R.R. Tolkien sine bøker, kan dette òg bidra til motivasjon og leselyst. For meg er dette kanskje det sterkaste argumentet for at skjønnlitteratur skal ha ein viktig posisjon i skulen. Ein kan vanskeleg tenkje seg at barn vil lese sakprosa på eiga initiativ i like stor grad som med skjønnlitteratur. Leselyst og motivasjon kan medføre at elevane leser meir, og på den måten får dei betre trening i lesing. Elevar som les mykje skjønnlitteratur kan òg få fantasitrening.

Det er med andre ord mange gode argument for at skjønnlitteratur skal ha ein viktig plass i dagens skule.

Hentet frå: https://pixabay.com/no/les-bok-gutt-barn-student-tror-316508/

Legg igjen en kommentar