Forlag som metode

I dette innlegget vil eg ta for meg den didaktiske iscenesettinga forlag som metode. Metoden er henta fra boka Dialogar om tekst. Praktisk arbeid med elevtekstar i norskfaget (Håland & Lorentzen, 2011). Eg kjem til å forklare korleis denne metoden fungerar og begrunne kvifor eg har tru på denne.

Leik
Forlag som metode er på ein måte eit rolleleik, hvor læreren og elevane har forskjellige roller. Læreren er sjefen i eit forlag, mens elevane er forfattere og har ansvaret for å skrive bøker til forlaget. At ein bruker ulike rollar gjer at metoden for et preg av leik, som er ei struktur som kan vekke motivasjonen hos dei ulike elevane.

Skriving
Kun fantasien set grensar for kva ein kan skrive om, alt fra fantastiske historier til faktabøker. Denne friheita kan ver motiverande i ei skulekverdag kor man ofte blir fortalt kva ein skal skriv. Læreren kan òg bestemme korleis tema elevane skal vel, og på den måten kan arbeidet knyttast til ulike skulefag.

Underveisvurdering
I denne metoden leggjes det til rette for at læreren kan gje tilbakemeldingar underveis i arbeidsprosessen. Håland (2011: 139) meiner at ein burde ha ei eiga responskrok for elevane som treng hjelp. Hun argumenterar for at det beste er om elevane sjølv bestemmer når dei vil oppsøke hjelp, blant annet for å unngå at læreren bryt inn i deiras skriveprosess. Elever kjem til forlagssjefen (læreren) for å få råd og veiledning, eller for å hente inspirasjon. Då blir det òg mulig å differansiere tilbakemeldingane og sørge for tilpassa opplæring.

Digitale verktøy
Forlag som metode egnar seg òg bra til å bruke datamaskin. Det fins mange fordelar med å ha datamaskiner tilgjengleg, blant anna vil dette gjer redigeringsarbeidet lettere. Når ein skriv på PC er det òg mulig å finn ulike skrifttypar og format, nokre som kan vere inpirerande for elevene.

Grunnleggjande ferdigheiter
I læreplanen spelar dei fem grunnleggjande ferdigheitane ei viktig rolle. Metoden som er beskrevet i dette innlegget kan potensielt få med fire av desse. Vi har allerede vært inne på at digitale verktøy kan integreres ved bruk av datamaskin. Å skrive og lese er naturlegvis ei sentral del av arbeidet. Når arbeidet er ferdig og bøkene er klare skal arbeidet fremføres, da blir det munnlege aspektet òg brukt.

Kjeldar:
Håland, A. & Lorentzen,R.T (2007) Dialogar om tekst. Praktisk arbeid med elevtekstar i norskfaget. Oslo: Universitetforlaget

Bilde frå:
https://pixabay.com/no/blyant-spisser-b%C3%A6rbare-papir-918449/

Himmelen bak huset – ein samanlikning mellom bok og film

I dette innlegget vil eg peke på nokre likskapar og skilnadar mellom Gaute Heivoll sin biletbok Himmelen bak huset og filmadaptasjonen av denne. Eg vil ikkje gje ei helheitleg samanlikning, men trekkje fram eit par av dei viktigste elementa. Boka handlar kort fortalt om guten Jon som bor saman med faren sin. Mora er død og vi får innsyn i korleis Jon takler dette tapet. Eit kort samandrag av boka finn du her.

Kjernefunksjonar
Det er mykje som må vurderast når ein skal gjøre ei bok og til film, blant annet er det ofte nokre ting som må være med i filmadaptasjonen, desse kallar me gjerne for kjernefunksjonar. Trolldom kan til døme regnes som ei kjernefunksjon i Harry Potter. Den raude tråden er ein slik kjernefunksjon i Himmelen bak huset, den spelar bokstaveleg og symbolsk ei sentral rolle i boka og filmen. Hytta og skogen kan også reknes som kjernefunksjonar i boka. Eg syns filmen er flink til å få med de viktigste kjernefunksjonane; dei sentrale elementa frå boka er tatt vare på i filmen.

Tankeverda i bok og film
I boka Himmelen bak huset spelar Jon sine tankar ei viktig rolle, og desse kjem fram gjennom verbaltekst. I filmadapsjonen må tankeverda komme frem gjennom andre virkemidler. I dette tilfellet gjøres dette blant annet gjennom voice-over, som kanskje er den mest direkte måten å adaptere tankar fra bok til film. Musikken i filmen er gjennomgåande mørk og dyster, dette er også med på å få frem Jon sine følelsar og tankar.

Det visuelle
Himmelen bak huset er ei biletbok, og biletane består av strekteikningar i svart/kvitt. Dette får fram ei dyster stemning, samtidig som det fremhevar kontrasten mellom Jon si kverdag (i svart/kvitt) og  den raude tråden. Filmversjonen er ikkje i svart/kvitt, men det brukes mørke farger for å sette ei stemning. Den raude tråden fremhevast i filmen ved at den ofte vises i ultranært bilete. Den blir med ande ord zoomet inn på slik at vi ikkje kan unngå å leggje merke til den. I motsetning til boka har Jon i filmen helt blond hår og blå øyne. Han kan sees på som ein kontrast til det dystre og skumle. På denne måten lager filmen en symbolsk kontrast som kan  være lett for den barnlege seeren å forstå; det er lyset mot mørket, det gode (Jon) mot det onde, livet mot døden, håpet mot hjelpesløsheita.

Kjelder:
Heivoll Gaute (2008). Himmelen bak huset. Slovenia: Cappelen Damm As

Bilde henta frå: http://www.litteraturhuset.no/program/2013/09/himmelenbakhuset.html