I Lærarplanen for Kunnskapslyftet (LK06) står det blant anna etter 4. årstrinn at elevane skal: beskrive eget talemål og sammenligne med andres. Blant kompetansemåla etter 7. årstrinn står det at elevane skal kunne: sammenligne talemål i eget miljø med noen andre talemålsvarianter og med de skriftlige målformene bokmål og nynorsk. At elevane blir kjent med ulike dialektar er altså eit viktig mål i grunnskulen. Kvifor er det slik, og korleis kan desse måla jobbes med i klasserommet?.
I Noreg har me dei to skriftmåla bokmål og nynorsk, men talemål har me mange fleire variantar av. At ein blir kjent med ulike dialektar kan vere eit bra utgangspunkt for å kunne forstå folk man møter frå andre delar av landet. Noreg er eit land kor ein ofte kan ha store forskjellar mellom talemål, og kunnskap om desse kan vere avgjerande for forståelsen av desse. Eit anna aspekt ved dette er at alle norske talemål stadig er i endring, med påverknad frå ulike språk samt andre talemål. Kunnskap om andre talemål kan òg vere med på å setje sitt eiga talemål i perspektiv, og hjelpe oss til å sjå at talemålet vårt er ei del av eit større system. Når det kjem til den fyrste lese- og skriveopplæringa er bevisstheita rundt sitt eiga talemål òg ein fordel. Det er sjelden at ein skriv noko på same måten som ein seier det.
Korleis jobbe med dette i skulen?
I ei undervisningssituasjon kan ein til dømes jobbe med desse kompetansemåla ved å leggje ekstra vekt på korleis elevane i klassen pratar. Viss ein har elevar med ulike talemål kunne det vore interessant å samtale om kva for nokre forskjellar ein finn. I dagens norske skule er det ikkje uvanleg med barn frå andre land, då kan ein undersøke korleis ulike talemål kjem fram i hans/hennar heimland.
Når ein underviser om talemål kan spåkhistoria òg trekjast inn. Eit av utgangspunkta for danninga av nynorsk på 1800-talet var at me skulle få eit skriftspråk som likna det folkelege talemålet. Klassen kan til dømes reflektera rundt korleis eit talemålnært skriftspråk ville sett ut for dei i dag.
Bilete frå:
Kjelder:
www.Udir.no