I dette innleggjet vil eg skrive om eit opplegg som eg gjennomførte i ein 5. klasse saman med to andre studentar. Temaet var munnleg forteljing og det blei gjennomført over 2 skoletimar.
Kva me gjorde
Timen skulle begynne med at me skulle fremføre skodespelet «Hvorfor skilpadden har sprekt og knudrete skall» for elevane, så det første me gjorde var å velge kven som skulle ha dei ulike rollane. Eg blei forteljar, ein student spelde Fru Skilpadde og den siste av oss spelde ei fugl. Då hadde me to rollar til som måtte fordeles: Herr Skilpadde og Himmelkongen. Me valgte å ha ein bamse som Himmelkongen, og Herr Skilpadde blei representert av eit bilete på Smartboard.
Etter skodespelet hadde me ein kort samtale om det dei hadde sett, og kva for inntrykk dei hadde av fremføringa vår. Elevene gjekk så til plassane sine for å begynne på ei skriveoppgåve. Dei skulle fortelje det skodespillet me hadde fremført om at, og ta med alt det dei hugsa frå historia. Me holdt av rundt 25 minutter til dette arbeidet. Då tida var ute holdt alle elevane fortsatt på å skrive, men me valde å stoppe arbeidet og gå over til neste oppgåve.
Når skriveøkta var ferdig skulle elevane jobbe med å fortelje munnleg sjølv. Me delte elevane inn i grupper på fire, først fortalte to og to ei historie om seg sjølv til hverandre (dei hadde hatt i lekse å skrive ned denne fortellinga). Når begge hadde fortalt sin historie bytta dei partner, nå skulle paret fortel den fortellinga dei hørte. Når dette var gjort rullerte me til det siste paret, her skulle dei fortel den siste historien de hørte. Da var det meningen at dei skulle få høre sin egen historie igjen. Dei siste ti minutta fikk elvevane fortsette å skrive på forteljinga frå tidlegere i økta.
Korleis gjekk det?
Det var morosamt å sjå korleis elevane satt heilt stille å så på når me fremførte skodespelet. Mykje tydar på at dei syns det var spenande, og samtalen i etterkant bekrefta dette. Når me gjekk rundt å så på når elevane jobba med skriveoppgåva var det mange som skreiv mykje meir enn det me er vandt med å sjå. Nokre elevar endte opp med å skrive 3-5 fullskrevne A4 sidar. Innstrykket eg sitt igjen med er at dei syns det var et underholdande og minnerikt skodespel, som gjorde det meir motiverande å jobbe med skriveoppgåva i etterkant.
Viss eg skulle endra nokre ting ved undervisningsopplegget ville det vore å latt elevane jobbe med munnlege forteljingar ei anna dag. Ingen var ferdige då me avslutta arbeidet med skriveoppgåva, og når me reflekterte i etterkant av timen kom me fram til at elevane gjerne kunne fått lenger tid til dette.
Hei, Sindre!
Det at dokker valde å laga skodespel ut frå den munnlege forteljinga var oppfinnsamt og sikkert noko av det som gjorde at elevane hugsa meir. Ved val av skodespel fekk dokker framstelt historia både visuelt og munnleg. Dermed gav dykk elevane høvet til å hugsa meir av historia i den skriftlege attforteljinga deira. Eg trur òg at etterarbeidet med teksta gav alle elevar likt høve til å føla meistring. Dei svake elevane som strevar med å byrja å skriva fri dikting, får no nokon fasta haldepunkt å ta utgangspunkt i og opplever kanskje å få fleire handskrivne sider til slutt. Dette kan vera med på å skapa skriveglede og motivasjon.
Alt i alt høyrest dette ut som ein vellukka og motiverande time. Eg er sikker på at elevane koste seg , det er jo trass alt ikkje kvardagskost at læraren lagar skodespel for dei!
– Christina