I dette innlegget vil eg peke på nokre likskapar og skilnadar mellom Gaute Heivoll sin biletbok Himmelen bak huset og filmadaptasjonen av denne. Eg vil ikkje gje ei helheitleg samanlikning, men trekkje fram eit par av dei viktigste elementa. Boka handlar kort fortalt om guten Jon som bor saman med faren sin. Mora er død og vi får innsyn i korleis Jon takler dette tapet. Eit kort samandrag av boka finn du her.
Kjernefunksjonar
Det er mykje som må vurderast når ein skal gjøre ei bok og til film, blant annet er det ofte nokre ting som må være med i filmadaptasjonen, desse kallar me gjerne for kjernefunksjonar. Trolldom kan til døme regnes som ei kjernefunksjon i Harry Potter. Den raude tråden er ein slik kjernefunksjon i Himmelen bak huset, den spelar bokstaveleg og symbolsk ei sentral rolle i boka og filmen. Hytta og skogen kan også reknes som kjernefunksjonar i boka. Eg syns filmen er flink til å få med de viktigste kjernefunksjonane; dei sentrale elementa frå boka er tatt vare på i filmen.
Tankeverda i bok og film
I boka Himmelen bak huset spelar Jon sine tankar ei viktig rolle, og desse kjem fram gjennom verbaltekst. I filmadapsjonen må tankeverda komme frem gjennom andre virkemidler. I dette tilfellet gjøres dette blant annet gjennom voice-over, som kanskje er den mest direkte måten å adaptere tankar fra bok til film. Musikken i filmen er gjennomgåande mørk og dyster, dette er også med på å få frem Jon sine følelsar og tankar.
Det visuelle
Himmelen bak huset er ei biletbok, og biletane består av strekteikningar i svart/kvitt. Dette får fram ei dyster stemning, samtidig som det fremhevar kontrasten mellom Jon si kverdag (i svart/kvitt) og den raude tråden. Filmversjonen er ikkje i svart/kvitt, men det brukes mørke farger for å sette ei stemning. Den raude tråden fremhevast i filmen ved at den ofte vises i ultranært bilete. Den blir med ande ord zoomet inn på slik at vi ikkje kan unngå å leggje merke til den. I motsetning til boka har Jon i filmen helt blond hår og blå øyne. Han kan sees på som ein kontrast til det dystre og skumle. På denne måten lager filmen en symbolsk kontrast som kan være lett for den barnlege seeren å forstå; det er lyset mot mørket, det gode (Jon) mot det onde, livet mot døden, håpet mot hjelpesløsheita.
Kjelder:
Heivoll Gaute (2008). Himmelen bak huset. Slovenia: Cappelen Damm As
Bilde henta frå: http://www.litteraturhuset.no/program/2013/09/himmelenbakhuset.html