Category Archives: Uncategorized

Leseglede som vegvisar til skulebiblioteket

Interessa vi har, er det som ofte førar oss til å ta den utdanninga vi velg. I dette innlegge vil eg fortelja om dei interessa som førte meg inn på denne studieretninga, og korleis eg ønskjer å vidareutvikle min kompetanse innan faget skulebibliotekkunnskap.

Litt om meg og min bakgrunn, og kva som har vekka interessa eg har for dette studiet. Dei siste åra har eg prøva litt ulike jobbar, da studiane eg tok i regnskap og revisjon ikkje vekkja den stor interessa for meg. Da var det tilbake til tengebrettet og finne noko som eg faktisk kunne tenkje meg å jobbe med i framtida. Eg har ingen erfaring fra skole eller bibliotekhald, alikevel har bøker stått sentralt i heile oppveksten. Måtte det være Donald blader, faktabøker  eller noveller har det skapt interesse og leseglede. Den lesegleda eg har utvikla med dette, ønskjar eg å dele med andre på en eller anna måte. Eg har i seinare tid funnet ut at det er innan bokverda eg kunne tenkje meg å arbeida. Skolebibliotekkunnskap dekka alle jobbane eg kunne tenka på for å kunne dele denne interessa.

Bok. Av Tuku/Pixabay.com. Lisens: CC BY 4.0

Bøker har vært ei interesse så lengje eg kan hugse, og mang ei bok har blitt lese. Utallige  timer har gått der eg forsvann inn i bokas verd, der alt var så annleis. Fantastiske vesen og stadar kunne eksistera her, utan at det kjennest som om dei ikkje høyrde heima. På barneskulen gjekk eg kvar veke å venta på at vi skulle ha lesetime, eller at vi kunne lese i bøker etter å ha gjort ferdig oppgåvene i timen. Seinare var det å setja seg ned med ei bok når eg kom heim frå skulen, ein lengsel og glede. Det å tenkje på korleis dei i boka opplev situasjonane rundt seg. Det som skjer med den personlege utviklinga dei har og ting dei må gjennom, fanga meg og gav meg lesarglede. Det å setje meg inn i disse situasjonane gav meg evna til å tenke nytt, forstå og føle empati med andre. Dette synest eg er interessant, og eg ønskjer å bygge vidare på å bruka lesargleda som vegvisar for andre

Når eg les ei bok, forsvinn eg inn i bokas verd og synest at alle burde få ta del i den. Dei bøkene eg les er kanskje ikkje for alle, men den lesegleda bøker har gitt meg ønskjer eg å dele med andre. Gjennom studiane i Skolebibliotekkunnskap håper eg å kunne auke kompetansen min i å finne bøker som passer til den enkeltes interesser og behov. Ved å vekke interessen for bøker og kunnskap håper eg å spre leseglede. For å oppnå dette ønskjer eg og å auke kompetansen på å gjere biblioteket meir synleg for alle.

Bøker, av NTB scanpix, Corbis. Kilde: https://ndla.no/article/15312. CC BY-NC-SA 4.0.

Min første innlevering i studiet skulebibliotekkunnskap fekk meg nysgjerrig på korleis eit skolebibliotek fungerer og korleis ein skriv eit blogginnlegg. Noko som førte til søking på internettet for inspirasjon og kunnskap. Da kom eg over eit blogginnlegg på etrommedinnsikt.wordpress.com som fekk meg til å tenkje på kva som kan gjerast for å gjøre biblioteket meir synleg i skulen. Det er eit kort innlegg skriven av Ingrid Svennevig Hagen som handlar om eit konkret eksempel på kva vi kan gjere for å få skulebiblioteket meir synleg i skulen. Dette føler eg er veldig relevant og er noko eg håper vi kan lære meir om i faget skulebibliotekkunnskap.

Sondre Fosse Næss

1 Comment

Filed under Uncategorized