Etter å ha høyrt «Tonje Glimmerdal» av Maria Parr på lydbok i haustferien (i forbindelse med Barne og ungdsomslitteraturstudiet) blei eg inspirert til å nytte boka i undervisninga i 3.klasse. Som nynorskskule er det ekstra fint å oppdage flotte barnebøker på nynorsk.

Me har mange bøker på lista over bøker me vil høyre medan me har matpause i klassen, med bilete fra boka på storskjerm. Denne boka passar perfekt til dette. Me kan kjenne igjen det fine med å bu på bygda og bli inspirert av kor fint Tonje beskriv naturen rundt seg. Suldal har mykje fjell og det kan vera langt mellom husa her og. Etter å ha lest eit godt stykke i boka, tenkjer eg å nytte boka tverrfagleg med vekt på norsk, kunst og handverk og musikk. Ein kan også lese boka ferdig før ein gjennomfører undervisningsopplegget.
Norsk
Me har jobba mykje med høyreteater, der elevane får ulike roller som dei les inn på lyd eller framfører. Det kan vera fint at ein elev les opp eit samandrag om kva som har skjedd, og fortell inni mellom replikkane dersom ting skjer i handlinga. Eit kapittel som egnar seg godt til høyrespel er kapittel 3 (side 28), der Tonje og Gunnvald prøvekøyrer kjelkane. Det kan vera lurt å skrive alle replikkane inn på eit dokument under kvarandre, slik at elevane held oversikt over kven som skal lese kva.
Vidare kan det vera spennande å ta ein djupdykk i tematikken «kva er ein bestevenn?» der me undersøker kva for kriterier ein bestevenn må ha, med inspirasjon frå Tonje og Gunnvald. Oppgåva kan munne ut i ei oversikt over kva som er viktig for å vera ein god venn. Må venner vera like gamle? Må ein god venn vera ærleg? Halde på hemmelegheiter? Gå på besøk til kvarandre? Her har nok elevane sjølv mange gode forslag. Klassen kan til slutt lage ein vennskapsplakat som kan henge i klasserommet.
Kunst og handverk – lage eit naturlandskap
Den flotte naturen i Glimmerdalen med fjelltoppane som glitrar er ikkje vanskeleg å sjå for seg medan ein les naturskildringane til Tonje i boka. Boka tek oss gjennom fleire årstider, men eg tenkjer at det kan vera fint å legge vekt på vinteren, som passar til den årstida me går inn i no. Snø, kjelke og ski står sentralt i livet til Tonje. Med inspirasjon frå alle forsøka på salto på ski, kan elevane teikne dei høge fjella dekka av snø i akrylmaling. Himmelen kan vera mørk, som viser at Tonje har vore ute heile dagen og at det har blitt kveld. Som krona på verket kan elevane strø glitter på fjelltoppane, slik som Tonje beskriv det. Om ein nyttar boka i undervisninga på våren, kan ein lage flotte bilete av sauene ute beitet og nytte bomull som ull.
Musikk
Læringsbretta blir også nytta i musikkundervisninga. Me bruker mykje appen Garageband, som gjer at elevane kan velge ulike instrument og spele tonar. Så langt har me spelt «Hjulene på bussen», men det hadde vore kjekt å gå i gong med «Blåmann, blåmann». Elevane må først lære tekst og melodi, men etter kvart kan ein starte med dei ulike akkordane (D, A, A7, G). Vurder om elevane skal øve inn alle dei ulike akkordane, eller del i grupper med ansvar for kvar sin akkord. Ein grei oversikt over tekst og akkordar fann eg her: https://nortabs.net/tab/2817/ .
Opplegget passar fint i heil klasse, men kan også brukast i mindre elevgrupper. Til slutt kan det vera kjekt å framføre høyrespelet og «Blåmann, blåmann bukken min» med song og musikk for fadderklassen, foreldre eller andre. Som bakgrunn bak scenen, kan de ta bilete av dei fine fjella de har laga i kunst og handverk. Dei kan rulle og gå på skjermen for å gi publikum ei kjensle av den nasjonalromantiske stemninga i Glimmerdalen.
Kom gjerne med andre forslag til bruk av boka i undervisningsamanheng. Kjekt å høyre kva andre tenkjer, gjerne i andre fag!
Kjelder:
Parr, M. 2009. Tonje Glimmerdal (3. utg.). Oslo: Samlaget.
Nortabs.(2021, 31. oktober) Blåmann, blåmann bukken min. Henta frå https://nortabs.net
Tonje Glimmerdal bokomslag [Bilde] Henta 31.oktober 2021 frå Samlaget https://samlaget.no/products/tonje-glimmerdal-3
