Skriverammer som stillas

Kva er ein skriveramme? Og kva kan me bruke det til?

Skriveforskarane Lewvis og Wray oppdaga i arbeid med elevar at mange av dei streva med å skrive gode saktekstar. Det var lite struktur i tekstane og dei fikk ingen god flyt. Mange av elevane har ein setning for setning strategi og kvar setning byrjar ofte med «også». Dette blir ikkje ein god heilskap på tekstane. Forskarane laga da ulike rammar for korleis elevane skal kunne lære seg å skrive gode tekstar som får ein god innledning, eit godt innhald og ein bra slutt. Dei laga fleire rammar for dei ulike kategoriane. Ein av dei så slik ut og er laga for diskusjon:

Nokre meinar at…

Dei argumenter med…

Andre er ueinige og argumenterer med…

Dei meiner at..

På den sida er det usjeme om…

På den andre sida er…

Dei meinar at…

Dei meinar også at…

Mi meining er…fordi…

Ei slik skriveramme er med på å gi elevane eit bilde på korleis teksten vil bli formet om dei følgj eit slikt oppsett. Dette kan vere til god hjelp for dei som slit med å skrive tekstar. Det som er viktig å hugse på med slike skriverammer, er at dei skal brukast som eit utgangspunkt for ein diskusjon om teksten, og ikkje som ein fast mal som elevane må følgje slavisk. Når ein ser elevane begynn å mestre tekstskrivinga, kan me da ta bort stillaset litt etter litt. Kanskje det held med bare å gi dei ein start- setning når dei no har lært seg korleis ein tekst skal sjå ut.

Her er eit bildet som er fra boka Skrivedidaktikk av Anne Håland. Her sjår me korleis ein elev har laga ein argumenterande tekst etter ein skriveramme.

(Håland ,2016, s.100)

Eg likar tanken på å jobbe med skriverammer i skulen, men ein må hugse på å variere og at målet er at elevane skal klare til slutt å jobbe med tekstar uten slik hjelp. Kritkarane er engsteleg for at det blir kjedeleg og mange like tekstar. Men eg trur det kan vere til stor hjelp for mange. Eg vil til slutt anbefale nettstedet http://www.skrivesenteret.no

Der kan ein hente mange fine skriverammer for dei ulike faga og med ulik sjanger og ein kan derfor gi elevane ulike skriverammer til ein og same oppgåve.

Kilder:

Håland, A. (2016). Skrivedidaktikk.Oslo: Universitetsforlaget