MUNNLEG FORTELJING

Er munnleg forteljing i skulen betre enn å lese høgt frå ei bok?

Eg har i min tid i praksis elsket å lese høgt for elevane mine. Eg likar å lese med innleving og har ofte ulik stemme til dei ulike karakterane i forteljinga. Eg sitt igjen med ei god oppleving etter slike stunder med elevane. Men det eg ikkje har tenkt på er at eg får ikkje mykje augokontakt og heller ikkje får eg involvere elevane i forteljinga. Ja, eg har tatt meg tid til lesestopp der eg får elevane til å forklare kva vanskelege ord er eller at eg må gi dei ein forklaring før eg les vidare. Men etter eg var på fyste munnleg forteljing kurs på måndag, fikk eg ein aha oppleving.

For ein som ikkje har lære seg denne fantastiske teknikken, så kan det med fyste augokast sjå håplaus ut å lære seg eit langt eventyr utanat. Men med riktig fokus på kva ein må hugse, så var det latterleg enkelt. Ein oppskrift er som flølgjer:

  1. Les eventyret grundig.
  2. Skriv ned 7-8 hovudpunkter du meiner er viktig for eventyret.
  3. Skriv ned viktige substantiv og verb
  4. Lag så ein teikneseri av eventyret.
  5. fortelje att eventyret til ei/ein.

Med ein slik oppskrift kan eg nesten garantere deg at du vil hugse eventyret svært godt og det er bere fint at du gjer det til ditt eiget, da vil det bli mer truverdig og du kan også få elevane til å medvirke ved å bruke rekvisitar eller elementar når du fortel eventyret. Denne teknikken er også veldig fin å lære til elevane og dei vil kunne fortelje eventyret og hugse på dei viktige element som er med i forteljinga.

Bilderesultat for fortellerstund med figur

Bilete frå google.com

Å bruke munnleg forteljing i skulen vil også få barna mer involvert i eventyr-stunden og mange forskarar har sett at barn med ulik utfordringar som kanskje har problem med konsentrasjonen og liknade, ofte blir rolegare og «trollbundet» i slike undervisning. Dette er noko eg ser fram til å prøve ut på elevane i praksis.