Lillelord av Johan Borgen.
Ja, då har vi lese første boka i triologien om Lillelord, og det var ein sann fornøyelse. Det er ei stor bok og ein tenkjer at dette kan vere langt og tørt, men der tek ein feil . Lillelord kom ut på 1950-talet og litteratur som vart gjeve ut på denne tida hadde som regel motivet: oppgjør med krigen. Men i Lillelord triologien, så kan ein faktsik velja sjølv kva for «lesebriller» ein vil bruka når ein skal analysera denne fantastiske romanen. Man kan velja sosialhistoriske briller på, og då vil ein ha fokuset retta mot Oslos høyborgerskap før første verdskrig. Eller psykologiske briller og då er det Lillelord sinepsykologiske danning i pubertetsåra vi ser på. Eller så er det rett og slett den filosofiske biten ein ser på, som problem ved identitet.
Lillelord er delt inn i tre hovudinndelingar, og desse inndelingane viser utviklinga til karakteren. Der del 1 heiter Lillelord og her er han ung og mora gjer alt for å halda barnet hennar liten så lenge som mogleg. Inndeling 2 heiter glassegget og det representera verda som er inni egget, som den same verda som er utanfor glassegget, altså den verkelege verda. 3. og siste del heiter Wilfred og her har han utvikla seg frå Lillelord til å verta ein ung mann med namnet Wilfred.
Kva for motiv er det i denne romanen? Her kan det vera mange, nokon kan føla samband til Lillelord. Det finst fleire som følar seg utstøytt eller vert kalla for einstøinger og vil kanskje kjenna seg igjen i nokon av dei som er med i romanen. Det kan òg kjennast som ein innestengd og isolerte verda og alt dette kokar ned i at ein kan sjå på glassegget som motaforisk. Altså er glassegget mi sin- ein- albyme. Som vil seia det som spelar mellom spegel. Med andre ord: kunst i kunsteverket.
Bilete frå google.com
Skardhamars seier dette om romanen Lillelord:» Det som pregar Wilfreds oppvekst, er spennet mellom forventingar og fortielser. Lillelord er uvanleg begava, intelligent og musikalsk, men òg nevrotisk og manipulerande. Wilfreds identitetssøken er ein vesentleg del av stoffet til romanen.» Med andre ord får vi mykje spenning mellom fattig og rik, lovbrot, seksualitet og ein svært spesiell familie med noko spesielt tilhøve. Eg kan med håneden på hjartet rå til denne romanen. Eg var både spent, litt skremt til tider. Eg lo og eg vart lei meg. Denne boka vekker opp mange kjensler og ein lærer seg mykje om korleis det var i mellomkrigstiden.