Då har vi vore i praksis! Og det er alltid moro.Eg elskar å vera saman med borna, læra god klasseleiing frå dugelege lærarar og utvikla meg slik at eg vert ein god 1-7 klasselærar om 1,5 år til. Eg kan nesten ikkje venta 😊
Men over til det innlegget skal handla om i dag, nemleg røynsle eg sit igjen med etter at vi skulle læra elevane munnleg forteljing slik vi har byrja å læra det på UIA. Det heile starta med at eg skulle læra meg eit eventyr og eg brukte teknikken vi hadde vorte lært og er eigenleg ganske nøgt med gjennomførelsen. Neste steg vert å tora å bruka endå meir ulike stemmar til dei ulike karakterane i forteljingane. Eg såg gleda i øyane til borna då eg brukte rekvisitter, så dette vil eg gjera igjen!
Frå google.
Då eg var ferdig, skulle så elevane læra seg eventyret om skinn-votten. Nokre kjende eventyret frå før, men med ei klasse med ulike minoritetar i, så var dette eventyret òg ukjent. Før dei fekk kasta seg over oppgåva, skulle dei vera med i plenum for å finna hovudtrekk, kjensler, verb og substantiv for eventyret eg hadde lært meg, slik at dei hadde ein slag mal å gå etter når dei skulle læra seg skinn-votten. Dette løyste dei veldig bra og fekk ned mye på papir. Det som vi kanskje ikkje hadde vore så tydeleg om var omfanget. Dei gjekk nemleg litt for grundig til verk sitt, og fekk alt for mykje opp på tavla då vi skulle høyra kva dei fekk med seg av punkt. Dette tek eg med meg vidare neste gong eg vil jobba med det i skulen. Kanskje det hadde vore enklare om dei skulle teikna ein teikneserie og ved den klåre å gje att det. Trur vi gapte litt for breitt og gav dei litt for mye oppgåver på litt for kort tid, men dei løyste det til sjuande og sist, ganske tilfredsstillande.