
{"id":164,"date":"2014-10-01T21:21:26","date_gmt":"2014-10-01T20:21:26","guid":{"rendered":"http:\/\/home.uia.no\/susanj07\/?p=164"},"modified":"2014-10-01T22:21:11","modified_gmt":"2014-10-01T21:21:11","slug":"rettleid-lesing-og-sosial-utjamning","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/home.uia.no\/susanj07\/2014\/10\/01\/rettleid-lesing-og-sosial-utjamning\/","title":{"rendered":"Rettleid lesing og sosial utjamning"},"content":{"rendered":"<p>N\u00e5r born kjem p\u00e5 skulen i 1. klasse, skal dei mellom anna l\u00e6ra \u00e5 lesa. Ein metode l\u00e6raren kan bruke, er <a href=\"http:\/\/www.lakkegata.gs.oslo.no\/satsing\/Veiledet_lesing\/Veiledet_lesing.html\" target=\"_blank\">rettleid lesing<\/a>. Det er p\u00e5 mange sett ein god metode eg tenkjer vil fungere bra for \u00e5 setje l\u00e6ringa i system, som kjem elevane til gangs. Eit punkt Grethe Kl\u00e6boe og Dagrun Kibsgaard Sj\u00f8helle setjer strek under, er foreldra si viktige rolle i rettleid skriving. Dei skriv:<\/p>\n<blockquote><p>&laquo;Utan engasjement og og dagleg oppf\u00f8lgjing fr\u00e5 foreldra er det vanskeleg \u00e5 gjennomf\u00f8re lesing og skriving fr\u00e5 skulestart.&raquo; <a href=\"http:\/\/www.norli.no\/webapp\/wcs\/stores\/servlet\/ProductDisplay?storeId=10651&amp;partNumber=9788202404048\" target=\"_blank\">( Kl\u00e6boe &amp; Sj\u00f8helle, 2013, s. 68) <\/a><\/p><\/blockquote>\n<p><strong>Mange born har foreldre som er ivrige og st\u00f8ttande, men kva med dei f\u00e5 som ikkje har det?<\/strong><\/p>\n<p><a href=\"http:\/\/www.aisato.no\/andre-illustrasjoner\/yr1vjbgn2p3qcwn67beeibh521lvf1\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"alignright size-full wp-image-167\" src=\"http:\/\/home.uia.no\/susanj07\/files\/2014\/10\/skyldf\u00f8lelser.jpg\" alt=\"\" width=\"750\" height=\"834\" srcset=\"https:\/\/home.uia.no\/susanj07\/files\/2014\/10\/skyldf\u00f8lelser.jpg 750w, https:\/\/home.uia.no\/susanj07\/files\/2014\/10\/skyldf\u00f8lelser-269x300.jpg 269w, https:\/\/home.uia.no\/susanj07\/files\/2014\/10\/skyldf\u00f8lelser-400x444.jpg 400w\" sizes=\"(max-width: 750px) 100vw, 750px\" \/><\/a><\/p>\n<p>Det finst born med foreldre som ikkje er i like god stand til \u00e5 teke vare p\u00e5 seg og sine born. No skal ikkje eg g\u00e5 inn p\u00e5 omsorgssvikt, og skulen si rolle n\u00e5r det kjem til barnevern. La oss berre konstatere at slike born finst i skulen, og dei m\u00e5 vi forhalde oss til. Ved \u00e5 leggje stor vekt p\u00e5 foreldra i barna si l\u00e6ring, vil det ikkje skape enda st\u00f8rre skilnad mellom borna med og utan ressurssterke foreldre? N\u00e5r skulen manar til st\u00f8tte fr\u00e5 foreldra, vil det vere eit overgrep, om skulen ikkje gjer noko aktivt, for \u00e5 gjere opp for den st\u00f8tta nokre elevar ikkje har.<\/p>\n<p>Kva kan skulen gjere? Aller fyrst m\u00e5 skulen raskt f\u00e5 i hende dei elevane som treng ekstra st\u00f8tte. Det nyttjer ikkje \u00e5 setje i gang tiltak n\u00e5r alle dei andre elevane allereie har l\u00e6rt seg \u00e5 lesa. S\u00e5 sp\u00f8r eg: kan skulen setje i gang et prosjekt, der elevane som treng det, f\u00e5r ein fast leseven, for \u00e5 gjere opp for manglande innsats fr\u00e5 foreldra? Om det kjem ein trygg person inn for \u00e5 lese med ein elev nokre gonger i veka, vil eleven f\u00e5 tid til \u00e5 gjere leselekse med st\u00f8tte. Dei vil ha nokon \u00e5 prate med om teksten, og nokon til \u00e5 hjelpe med vanskelege ord og uttrykk. Til d\u00f8me kan det vere l\u00e6rarstudentar, pensjonistar fr\u00e5 n\u00e6romr\u00e5det, fadrane fr\u00e5 skulen eller andre menneske som vil vere til hjelp. Om hjelpa opplevast som fast, trygg og n\u00e6r, vil det kunne gjere stor skilnad, for dei som treng det. Og det er mange ildsjeler i dette landet som har evne og iver til \u00e5 hjelpe, det gjer godt for dei ogs\u00e5.<\/p>\n<p><a href=\"http:\/\/www.aisato.no\/andre-illustrasjoner\/fwz0z5ki1cene7a5c0687doqhqqad3\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"alignright size-full wp-image-168\" src=\"http:\/\/home.uia.no\/susanj07\/files\/2014\/10\/tung-start.jpg\" alt=\"\" width=\"500\" height=\"642\" srcset=\"https:\/\/home.uia.no\/susanj07\/files\/2014\/10\/tung-start.jpg 500w, https:\/\/home.uia.no\/susanj07\/files\/2014\/10\/tung-start-233x300.jpg 233w, https:\/\/home.uia.no\/susanj07\/files\/2014\/10\/tung-start-389x500.jpg 389w\" sizes=\"(max-width: 500px) 100vw, 500px\" \/><\/a><\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p><strong>Nokre born har ei tung b\u00f8r \u00e5 bere. Skulen m\u00e5 ikkje gjere ho tyngre enn ho m\u00e5 vere.<\/strong> Han skal jamne ut sosiale skilnader, ikkje auke dei. Det har vore m\u00e5let i mange ti\u00e5r,\u00a0<a href=\"https:\/\/www.utdanningsforbundet.no\/upload\/Diverse\/Pdf-filer\/Publikasjoner\/Rapporter\/Rapport_2006_02.pdf\" target=\"_blank\">OECD si undrs\u00f8kjing<\/a> viser at det norske systemet i h\u00f8g grad fremjar likeverd, men at ein i den norske skulen manglar konkrete strategiar for \u00e5 minske skeivskap. Eg seier ikkje at ein leseven er ei seker l\u00f8ysing p\u00e5 utfordringa, men ein tanke som er verdt \u00e5 granske n\u00f8yare. <strong>Skulen m\u00e5 tenkje nytt og annleis, for hjelpe dei elevane som treng det, n\u00e5r dei treng det.<\/strong><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>N\u00e5r born kjem p\u00e5 skulen i 1. klasse, skal dei mellom anna l\u00e6ra \u00e5 lesa. Ein metode l\u00e6raren kan bruke, er rettleid lesing. Det er p\u00e5 mange sett ein god metode eg tenkjer vil fungere bra for \u00e5 setje l\u00e6ringa &hellip; <a href=\"https:\/\/home.uia.no\/susanj07\/2014\/10\/01\/rettleid-lesing-og-sosial-utjamning\/\">Les meir <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":482,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_exactmetrics_skip_tracking":false,"_exactmetrics_sitenote_active":false,"_exactmetrics_sitenote_note":"","_exactmetrics_sitenote_category":0,"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/home.uia.no\/susanj07\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/164"}],"collection":[{"href":"https:\/\/home.uia.no\/susanj07\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/home.uia.no\/susanj07\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/home.uia.no\/susanj07\/wp-json\/wp\/v2\/users\/482"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/home.uia.no\/susanj07\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=164"}],"version-history":[{"count":9,"href":"https:\/\/home.uia.no\/susanj07\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/164\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":173,"href":"https:\/\/home.uia.no\/susanj07\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/164\/revisions\/173"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/home.uia.no\/susanj07\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=164"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/home.uia.no\/susanj07\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=164"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/home.uia.no\/susanj07\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=164"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}