Å lese er ein grunnleggjande dugleik, og vi treng ikkje leite lenge etter grunnar for kvifor vi les i skulen. Men kvifor les vi nettopp skjønnlitteratur?
På skulen lærer vi lærarstudentar at lesing er produktet av avkoding, forståing og motivasjon. Eg trur at når vi vel å lese skjønnlitterære bøker ynskjer vi at det skal motivere elevane til å lese meir, og dermed få meir trening i dugleiken lesing.
Ein annan god grunn til å lese skjønnlitteratur er at han spelar på kjenslene våre. Slik gjev han elevane moglegheita til å sette seg sjølv i ukjende situasjonar, og slik utvikle empatien deira, eller i meir eller mindre kjende situasjonar der elevane kan tilarbeide eigne opplevingar på trygg avstand. Vi veit at ikkje alle barn blir lest for i heimen, og for mange er skulen den eine staden kor dei kan oppleve skjønnlitteratur. Difor er det svært vektig at skulen gjev elevane denne opplevinga.
Eg likar sjølv godt å lese, og eg ynskjer å tru at elevane også gjer det. Berre dei les dei rette tekstane. Mange av skulane eg har vore på i praksis har starta dagen med stille lesing, der elevane sitt med kvar si bok, som dei gjerne har funne fram til sjølv på biblioteket. Somme sit og les, og leggjar motvillig boka frå seg når tida er omme, mens andre ikkje heilt klarer å kome i gang. Ofte seier dei «Det er så kjedeleg å lese» om eg spør korleis det går. Den setninga smertar eit blivande lærarhjarte. Ofte trur eg nok at det er andre faktorar som gjer at sjølva lesinga blir vanskeleg; dei er gjerne trøyte så tidleg på dagen, kanskje har dei andre ting å tenkje på som for ein tiåring er vektigare enn korleis det går på side 47 i boka bibliotekaren anbefalte førre veke. Det er synd om eleven byrjar å tru på det han eller ho seier til seg sjølv, at «lesing er kjedeleg». Ein lærar sa at dei brukte stille lesing kvar dag for at elevane skulle få meir trening i lesing. Men ofte har eg sett at det er nettopp dei elevane som treng trening mest som ikkje les. Kanskje burde denne skulen ha stilt seg sjølv nettopp dette spørsmålet: kvifor les vi eigentleg skjønnlitteratur i skulen? Og ikkje minst oppfølgingsspørsmålet: korleis les vi skjønnlitteratur i skulen? Eg har ikkje svaret på korleis ein motiverer elevane til å bli gode, sjølvstendige lesarar. Ikkje enda. Ein dag skal eg kome tilbake til det.
Eg trur det er mange gode grunnar til kvifor vi les skjønnlitteratur i skulen. Gode, ålmenngyldige grunnar. Men om vi lukkast i å gje barna leseglede og gjev vi dei meir enn berre ein dugleik; vi gjev dei moglegheita til å besøkje verder som ikkje finnast, vi gjev dei evna til å leve tusen liv i bøkene og leve sine eigne liv større rikdom.