Forlag

I dette blogginnlegget skal eg reflektere rundt kvifor eg meiner at «forlag» er ein didaktisk iscenesetting som bør nyttes i skulen.

Forlag kan nyttes i alle fag, og elevane kan i større eller mindre grad sjølv velje kva dei ynskjer å skrive om, avhengig av kor lærarstyrd oppgåva er.  Uansett om det er ein vid eller smal oppgåve  tenkjer eg at lærarens hovudfokus når ein nyttar forlag som metode burde være å skape iver og engasjement hos elevane. Eg trur at å bruke forlag som ein metode i undervisninga i seg sjølv er motiverande, for den gjev elevane høve til å leike mens dei lærer. Likevel, som i alle situasjonar i skulen er det viktig at læraren legg til rette for at alle elevane kan oppleve at dei meistrar læringssituasjonen. Der ein nytter «forlag» som metode har ein moglegheit til å tilpasse oppgåva til elevanes ulike nivå i stor grad, slik at alle kan oppleve dette. Som forlagssjef stiller læraren seg i ein posisjon kor ho kan rettleie, støtte opp om og fremme elevanes læring medan ho sjølv tar del i leken som utspillar seg i klasserommet.

Elevane kan skrive for hand, eller bruke tastatur, alt etter kva læraren ynskjer at elevane skal øve på. Eg trur likevel at det vil være meir naturleg å nytte tastatur i denne samanhengen. Handskrifta er sterkt representert i mange samanhengar i skulekvardagen, og elevane er kjend med trykkskrift i bøker dei sjølv har lest i. Basert på eigen erfaring i praksis trur er mange elevar likar betre å skrive på tastatur framfor for hand,  og eg trur at der elevane skriv sin eigen bok vil bruk av tastatur auke motivasjonen for båe oppgåva og skriveprosessen.

Ein annan faktor som gjer «forlag» til ein særskild nyttig metode er at elevane her sit igjen med eit fysisk produkt som skiljar seg frå ein side i ei kladdebok, dei ender opp som forfattarar med ein sjølvskriven bok dei kan vise fram for dei andre elevane og ta vare på i framtida om dei ynskjer. Her trur eg også at læraren skal passe på at det finst ein plan for bøkene elevane lagar, og moglegheitene er sjølvsagt mange. Det er viktig å ta elevanes innsats på alvor, og å vise dei at det er ein meining med det arbeidet dei har gjort på skulen med sin eigen bok, og alle andre produkt dei lagar, og at ikkje berre forsvinn inn blant lause og halvferdige ark i hylla og blir kasta på slutten av skuleåret.

For min eigen del kjenner eg at eg gjerne vil ut i skulen og prøve forlagsmetoden. Der arbeid med «forlag» lykkast trur eg det gjev elevane lyst til å skrive og også  lyst til å lese fordi dei blir kjend med bøker på ein annan måte.

 

Kjelder:

Håland og Lorentzen (2007): Dialogar om tekst. Praktisk arbeid med elevtekstar i norskfaget

Bilete:

http://www.collectair.com/images2/bookopen.jpg

http://datascience.berkeley.edu/wp-content/uploads/2014/03/Colorful-Books.jpg

Himmelen bak huset. Bok og film.

I dette blogginnlegget skal eg sjå på boka Himmelen bak huset (2008) av Gaute Heivoll, og på nokre skilnader og likskapar mellom biletboka og filmadaptasjonen.

Handlinga i biletboka føregår i kronologisk rekkjefølgje frå ein kveld til den neste, og byrjar på etableringsoppslaget med at Jon sitter på rommet sitt og ser i blader. Filmversjonen vel heller å byrje med ein scene som utspelar seg etter natta der Jon besøker mamma i trehytta, Filmen nyttar her ein prolepse, det vil seie at han peikar på noe som kommer til å skje seinare i forteljinga.

I prolepsa i den første scena i filmen vel filmskaparane også å leggja på ein forteljarstemme som presenterer oss for problemet (i både film og bok) ved å blant anna si: «…men i natt så kom ikkje mamma» (01:11). I boka er Jon dramatisert forteljar og fokaliseringsinstans, og filmen beheld også fokus på Jon, sjølv om vi utover denne eine scena ikkje høyrer meir til forteljarstemma. Slik blir Jon i filmen gjenstand for større grad av ytre fokusering enn indre, i og med at vi ikkje har tilgang på tankane og kjenslene til Jon. Det er kanskje det som er noe av utfordringa med nettopp filmadapsjon –  og her nyttar dei mange verktøy som skal gje oss eit inntrykk av kva rollefigurane tenkjer på og korleis dei har det.

Ein annan stor skilnad mellom bok og film er korleis turen Jon tar gjennom skogen i natta blir framstilt. Boka lét lesaren lure på kva han eller ho skal tru – var det verkeleg alt saman? Her er filmversjonen raskt med å langt på veg minke mystikken i handlinga ved å vise bilete av Jon i skogen, for så å klippe raskt tilbake til ein Jon som søv, og så tilbake til skogen igjen (14:48 – 15:20). Likevel sluttar filmen med at vi ser at den raude tråden slyngjer seg gjennom skogen, og bort til trehuset, og vi undrar: er himmelen faktisk bak huset?

 

Når ein forteljing blir konvertert til eit anna medium er det visse trekk som må være med dersom ein skal kunne si at det er den same forteljinga. Desse blir kalla kjernefunksjonar. I filmadaptasjonen av Himmelen bak huset (2008) er den raude tråden, fråværet til mamma denne natta, som gjer at Jon går ut i skogen og det faktum at mor tidligare har døydd døme på kjernefunksjonar. Kanskje det finnes fleire også.

I det heile vil eg seie at filmadaptasjonen av Himmelen bak huset (2008) er vellukka fordi han held fast ved dei same kjernefunksjonane, og lukkast med å skape ein stemning som er lik den ein finn i boka.

 

Filmen: http://www.fvn.no/kultur/Viser-Himmelen-bak-huset-gratis-pa-nett-2582842.html

Heivoll, G. (2008),  Himmelen bak huset. (1. opplag). Cappelen Damm AS.