Himmelen bak huset. Bok og film.

I dette blogginnlegget skal eg sjå på boka Himmelen bak huset (2008) av Gaute Heivoll, og på nokre skilnader og likskapar mellom biletboka og filmadaptasjonen.

Handlinga i biletboka føregår i kronologisk rekkjefølgje frå ein kveld til den neste, og byrjar på etableringsoppslaget med at Jon sitter på rommet sitt og ser i blader. Filmversjonen vel heller å byrje med ein scene som utspelar seg etter natta der Jon besøker mamma i trehytta, Filmen nyttar her ein prolepse, det vil seie at han peikar på noe som kommer til å skje seinare i forteljinga.

I prolepsa i den første scena i filmen vel filmskaparane også å leggja på ein forteljarstemme som presenterer oss for problemet (i både film og bok) ved å blant anna si: «…men i natt så kom ikkje mamma» (01:11). I boka er Jon dramatisert forteljar og fokaliseringsinstans, og filmen beheld også fokus på Jon, sjølv om vi utover denne eine scena ikkje høyrer meir til forteljarstemma. Slik blir Jon i filmen gjenstand for større grad av ytre fokusering enn indre, i og med at vi ikkje har tilgang på tankane og kjenslene til Jon. Det er kanskje det som er noe av utfordringa med nettopp filmadapsjon –  og her nyttar dei mange verktøy som skal gje oss eit inntrykk av kva rollefigurane tenkjer på og korleis dei har det.

Ein annan stor skilnad mellom bok og film er korleis turen Jon tar gjennom skogen i natta blir framstilt. Boka lét lesaren lure på kva han eller ho skal tru – var det verkeleg alt saman? Her er filmversjonen raskt med å langt på veg minke mystikken i handlinga ved å vise bilete av Jon i skogen, for så å klippe raskt tilbake til ein Jon som søv, og så tilbake til skogen igjen (14:48 – 15:20). Likevel sluttar filmen med at vi ser at den raude tråden slyngjer seg gjennom skogen, og bort til trehuset, og vi undrar: er himmelen faktisk bak huset?

 

Når ein forteljing blir konvertert til eit anna medium er det visse trekk som må være med dersom ein skal kunne si at det er den same forteljinga. Desse blir kalla kjernefunksjonar. I filmadaptasjonen av Himmelen bak huset (2008) er den raude tråden, fråværet til mamma denne natta, som gjer at Jon går ut i skogen og det faktum at mor tidligare har døydd døme på kjernefunksjonar. Kanskje det finnes fleire også.

I det heile vil eg seie at filmadaptasjonen av Himmelen bak huset (2008) er vellukka fordi han held fast ved dei same kjernefunksjonane, og lukkast med å skape ein stemning som er lik den ein finn i boka.

 

Filmen: http://www.fvn.no/kultur/Viser-Himmelen-bak-huset-gratis-pa-nett-2582842.html

Heivoll, G. (2008),  Himmelen bak huset. (1. opplag). Cappelen Damm AS.

Legg igjen en kommentar