I dette blogginnlegget skal eg reflektere rundt kvifor eg meiner at «forlag» er ein didaktisk iscenesetting som bør nyttes i skulen.
Forlag kan nyttes i alle fag, og elevane kan i større eller mindre grad sjølv velje kva dei ynskjer å skrive om, avhengig av kor lærarstyrd oppgåva er. Uansett om det er ein vid eller smal oppgåve tenkjer eg at lærarens hovudfokus når ein nyttar forlag som metode burde være å skape iver og engasjement hos elevane. Eg trur at å bruke forlag som ein metode i undervisninga i seg sjølv er motiverande, for den gjev elevane høve til å leike mens dei lærer. Likevel, som i alle situasjonar i skulen er det viktig at læraren legg til rette for at alle elevane kan oppleve at dei meistrar læringssituasjonen. Der ein nytter «forlag» som metode har ein moglegheit til å tilpasse oppgåva til elevanes ulike nivå i stor grad, slik at alle kan oppleve dette. Som forlagssjef stiller læraren seg i ein posisjon kor ho kan rettleie, støtte opp om og fremme elevanes læring medan ho sjølv tar del i leken som utspillar seg i klasserommet.
Elevane kan skrive for hand, eller bruke tastatur, alt etter kva læraren ynskjer at elevane skal øve på. Eg trur likevel at det vil være meir naturleg å nytte tastatur i denne samanhengen. Handskrifta er sterkt representert i mange samanhengar i skulekvardagen, og elevane er kjend med trykkskrift i bøker dei sjølv har lest i. Basert på eigen erfaring i praksis trur er mange elevar likar betre å skrive på tastatur framfor for hand, og eg trur at der elevane skriv sin eigen bok vil bruk av tastatur auke motivasjonen for båe oppgåva og skriveprosessen.
Ein annan faktor som gjer «forlag» til ein særskild nyttig metode er at elevane her sit igjen med eit fysisk produkt som skiljar seg frå ein side i ei kladdebok, dei ender opp som forfattarar med ein sjølvskriven bok dei kan vise fram for dei andre elevane og ta vare på i framtida om dei ynskjer. Her trur eg også at læraren skal passe på at det finst ein plan for bøkene elevane lagar, og moglegheitene er sjølvsagt mange. Det er viktig å ta elevanes innsats på alvor, og å vise dei at det er ein meining med det arbeidet dei har gjort på skulen med sin eigen bok, og alle andre produkt dei lagar, og at ikkje berre forsvinn inn blant lause og halvferdige ark i hylla og blir kasta på slutten av skuleåret.
For min eigen del kjenner eg at eg gjerne vil ut i skulen og prøve forlagsmetoden. Der arbeid med «forlag» lykkast trur eg det gjev elevane lyst til å skrive og også lyst til å lese fordi dei blir kjend med bøker på ein annan måte.
Kjelder:
Håland og Lorentzen (2007): Dialogar om tekst. Praktisk arbeid med elevtekstar i norskfaget
Bilete:
http://www.collectair.com/images2/bookopen.jpg
http://datascience.berkeley.edu/wp-content/uploads/2014/03/Colorful-Books.jpg