Kvifor skal elevar ha kjennskap til talemål?

I kompetansemåla vi finn LK06 står det at elevane skal «[…]kunne beskrive eget talemål og sammenligne med andres» etter 4. trinn, og etter 7. trinn skal dei «[…]kunne sammenligne talemål i eget miljø med noen andre talemålsvarianter og med de skriftlige målformene bokmål og nynorsk». Kvifor skal elevane få kjennskap til eiget og andres talemål?

Vår eigen dialekt seier mykje om kven vi er og kor vi kjem ifrå. Slik har dialekt i stor grad med identitet å gjera, og elevane i skulen vil alle ha noko å bidra med i ein skuleoppgåve om dialekt. Sjølv om alle elevane er ifrå same geografiske stad vil det dukke opp skilnader i måten dei pratar på, og om det er fleire dialektar presentert i klasserommet vil kanskje dialektvariasjonane auke. Noe av det flotte med dialekt er at det angår alle elevar, for alle har ein dialekt sjølv. Eg trur at arbeid med dialektar difor kan engasjere alle elevane, og at arbeid med dialektar difor er særlig egna til å stimulere interessa for språk og språkleg medvit hos elevane på mange plan. Reint morfologisk og fonologisk er det interessant å sjå kvar skilnadane mellom ulike talemål finst, og det kan gjere elevane medvitne om dei minste delane av språket munnleg og skriftleg. I tillegg kan ein sjå på geografiske og historiske grunnar til at talemål har båe likskapar og skilnader.

Noreg er heim for mange ulike dialektar, men vi har berre to formelle skriftspråk – bokmål og nynorsk. I mange tilfelle er skilnaden mellom eigen dialekt og normert skriftspråk stor, anten ein brukar bokmål eller nynorsk. Eg trur det også er viktig å sjå på likskapar og skilnader når ein skal samanlikne eiget talemål med bokmål og nynorsk. Ikkje berre for å auke språkleg medvit og sjå på interessant morfologi, men også med eit reint praktisk mål for auget – å hjelpe elevanes eigen språkelege medvit for å skrive betre på båe skriftspråk.

Interesse for språk, nysgjerrighet og medvit vil hjelpe elevanes læring i mange fleire fag enn norsk, og eg trur at å undervise elevar med tanke på kompetansemåla beskrivne i innleiinga er ein takksam oppgåve, for elevane er sjølv ressursar og har mykje å kome med.

 

 

Bilete henta frå:

https://norskelevwiki.wikispaces.com/%C3%98stnorsk?responseToken=05016bac0594b5a8ad4dbb0e3339d5bf7

http://www.nrk.no/kultur/stem-pa-din-dialekt-favoritt_-1.6429817