Munnleg forteljing i klasserommet

Eg var i praksis på sjette årssteg, ein storklasse på nesten 60 elevar. Vi var eit praksisparti på fire studentar, og valde difor å teke ein fjerdedel kvar. Eg vart plassert på eit lite rom i kjellaren, og det passa eigentlig utmerka, for eventyret eg hadde valt var ”Ridder Blåskjegg”; eit grøssande herleg eventyr om ein rik mann med ein lei trong til å ta livet av konene sine og gøyme lika deira i eit kott. 

Eg ville ikkje fortelje eit eventyr eg eller elevane kjente i frå før, og eg ville gjerne ha eit eventyr eg trudde kunne fengje elevane. Då eg kom på eventyret om Ridder Blåskjegg, som hadde vore nemnt på universitetet slo det meg at det kunne passe. (Dersom du ikkje har høyrt eventyret før, finn du det her: http://trauskeneventyr.blogspot.no/2010/05/blaskjegg.html.) Eg må innrømme at dersom ikkje det hadde vært nemnt i førelesningane at eventyret hadde blitt brukt i barneskulen, veit eg ikkje om eg hadde våga å bruke akkurat det eventyret, for det er svært groteske saker. Men, tenkte eg, kvifor ikkje. Eg håpar i alle fall at elevane ikkje kjem gråtande opp i spising etterpå. 

Då eg hadde bestemt meg for kva for eit eventyr eg ville fortelja starta førebuinga for forteljarstunda slik at eg kunne fortelja eventyret utan bruk av hjelpemiddel. Det fyrste eg gjorde var å lese eventyret for meg sjølv nokre gongar. Eg gjorde så noko som ikkje vi eigentleg har lært på universitetet, men som fungerte for meg: eg skreiv om heile eventyret med ord og vendingar eg var meir komfortabel med enn dei som vart nytta i den versjonen eg fann på internett. Dernest brukte eg teknikkane vi hadde lært av Fridunn, og eg noterte ned viktige substantiv, verb og kjensler i frå eventyret. Då hadde eg litt klarere for meg kva for komponentar eg måtte hugse på å få med. Då eg så laga teikneserie med hovudhandlinga falt bitane på plass i større grad, og eg kjende meg tryggare på fortelja eventyret med mine eigne ord.

Førebuingsprosessteikneserie

Som sagt så var eg nede i eit lite kjellarrom med mine 16 elevar. Eg valde å ikkje ha andre rekvisittar enn meg sjølv når eg fortalde forteljinga, men eg sørgde for å dra for gardinene og eg fann fram ein video av eit brennande bål på YouTube, som fekk stå og sprake og bade rommet i oransje lys mens eg fortalde. Kanskje eit billig triks, men eg merka på elevane at dei vart fylde med, om ikkje forventning, så i alle fall ein kjensle av at dei skulle gjera noko dei ikkje gjorde kvar dag i denne timen. (I etterkant er eg glad eg gjorde det slik, eg trur ikkje det hadde vore heilt det same om vi hadde vært i eit opplyst klasserom.)

 

Før eg begynte forteljinga, sa eg til elevane at dei skulle få høyre eit eventyr i frå Frankrike, skrive ned av same mann som skreiv ned eventyra om Tornerose og Askepott. Dette gjorde eg rett og slett fordi eg ville understreke at det berre er ein forteljing, og at dei ikkje måtte bli redde. Berre for å vere på den sikre sida.

 

Aldri stas å møte eksene.

Eg byrja å fortelja om ein rik mann med blått skjegg som gjerne ville gifte seg med ein vakker ung pike, og så allereie her at elevane likte godt å bli fortald eventyr for. Då spenninga steig, og den unge jenta gjorde fælslege oppdagingar i eit forbode kott så eg seksten par auge som sperra seg opp i grufull fryd, og det var eit par jenter eg trur nesten gløymde å puste då det mot slutten av eventyret ser ut til å gå skikkeleg gale. Heldigvis gjekk det bra til slutt, både med eventyret og elevane. 

"Du kan gå kor du vil, berre ikkje inn i kottet." Det var det da.

Vi hadde berre om lag 40 minutter til rådigheit totalt, og då eg var ferdig med eventyret var det berre ti minutter igjen til vi måtte pakke saman og gå tilbake til klasserommet. Det var eg forberedt på, og målet mitt for timen var at eg skulle prøve meg på munnleg forteljing, og at elevane skulle høyre eit nytt eventyr. Eg valde å la elevane to og to saman bestemme seg for dei seks viktegaste scenane i frå eventyret, og teikne desse i teikneserieformat på eit ark. Dei aller fleste var veldig flinke til å få med dei viktigaste punktane i frå eventyret. Dei visste det ikkje, men det dei eigentleg gjorde var å finne fram til nokre av kjernefunksjonane i eventyret.

Eg ser at det er mykje man som lærar kan gjere ut av ein slik munnleg forteljarstund, og når eg ein gong får ein klasse for meg sjølv vil eg absolutt nytte munnleg forteljing i mange samanhengar. Før eg hadde fortalt eventyret var eg redd for at elevane ville finne heile greia barnleg, men eg kunne ikkje tatt meir feil, eg trur dei storkosa seg gjennom heile eventyret. Eg gjorde i grunn det eg med.

 

 

Bilete henta frå:

http://utpictura18.univ-montp3.fr/Images/A/7/A7667.jpg

https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/84/Barbebleue.jpg/225px-Barbebleue.jpg

 

 

3 tanker om “Munnleg forteljing i klasserommet

  1. Hei Thea!

    Det var utruleg spennande å lese om di gjennomføring av munnleg forteljing i praksis. Eg synast du har gjort eit godt førebuingsarbeid, lurt at du valte å skrive om eventyret sjølv (eg tar med meg det tipset vidare). Alt i alt høyrast dette ut som ei svært vellykka forteljarstund 🙂

    Godt å sjå at munnleg forteljing som undervisningsmetode også har stor verdi på dei høge trinna i barneskolen. Håper du kjem til å ta med deg metoden vidare i arbeidet som lærar!

    – Anine

  2. Hei Thea!
    Utrolig spennande å lese om forteljinga du valde og korleis det gjekk. Eg skulle ønske eg var ei «flue på veggen» i forteljarstunda di. Det verkar som om du har tenkt nøye gjennom korleis du ville ha økta, noko eg trur er veldig lurt. Kult at du valde eit eventyr litt utanom det vanlege. Det verka som om elevane likte det, sjølv om det verkar som om det var ganske skummelt.

    Hilsen Åshild 🙂

Legg igjen en kommentar