Nabospråkundervisning i Noreg

Kvifor treng vi å forstå nabospråka våre?

 

Nokre kompetansemål i læreplanane i skulen har tradisjonelt sett blitt møtt med større skepsis, eller likesæle, enn andre. I læreplanen for norsk er eit slikt mål det som omhandlar undervisning i nabospråk (etter 10. årstrinn):

lytte til og lese tekster på svensk og dansk og innhold og språklige trekk (Utdanningsdirektoratet, 2020)

Av dette framgår det at hensikta med undervisninga er å utvikle dei reseptive ferdigheitene til elevane (jf. Hårstad, 2015, s. 31). Det handlar om forståing av det ein les og høyrer på svensk og dansk – som utgjer nabospråka våre. Kanskje verkar det openbart, men dette er ikkje ein reint geografisk avgrensa definisjon. Hårstad (2015, s. 18) framhever at brukarane av to nabospråk må kunne kommunisere utan systematisk opplæring i forkant. Desse språka har tilstrekkeleg mange lingvistiske likskapar frå før til å skape eit meiningsfullt samspel. Men sjølv om likskapane er til stades, må språka aktivt brukast i relasjon med kvarandre for at ikkje denne forståinga skal svekkjast betrakteleg.

Heldigivis ser ein i dag fleire organisasjonar og interessegrupper setje fokus på akkurat dette. Det finst ei anerkjenning av at forståinga ikkje kjem av seg sjølve, i ei tid hvor engelsk i stadig større grad har trådt fram som lingua franca, eit mellomledd for kommunikasjon mellom to partar som ikkje forstår kvarandre sitt morsmål (Hårstad, 2015, s. 12). Blant aktørane som gjer seg gjeldande er Foreningene Nordens Forbund, som står bak undervisningsplattforma «Norden i skolen». Eg har sett litt nærare på nettsida www.nordeniskolen.org, for å vurdere kva syn på nabospråkundervisning den fremmar.

Oppbygging

Nettsida har valt å publisere undervisningsmateriell tilknytta tre hovudområde. Desse er språk og kultur, historie og samfunn og klima og natur. Størst av dei er området språk og kultur, som sammenfell med læreplanens fokus på leseforståing. Her er nemleg ei rekkje tekstar av varierande omfang og tema. For dei yngste er fokuset på bornesongar og kortfatta skjønnlitteratur, medan det for dei eldre presenterast ei flora av tekstar og teksttypar. Det er lagt til rette for at elevane skal få jobbe med forståinga si både i det direkte møte med teksten, men også gjennom spesifikke oppgåver knytta til denne.

Norsk, dansk og svensk tilhøyrer den nordgermanske språkgreina, mykje fordi dei delar ei rik forhistorie saman (Hårstad, 2015, s. 24). Her kan det sjå ut som om dei står i ei særstilling når det gjeld nettsida si målgruppe. Samspelet mellom dei ulike språka er nokså saumlaust. Øvst i høgre hjørne kan ein velje språk, og det er elles ei god blanding av tekstar henta frå dei aktuelle landa. Teksten står skreven på originalspråket. men i kvar tekst blir ei rekkje utvalde ord omsett og forklart på dei andre skandinaviske språka. Det heile er relativt intuitivt, og eg kan sjå for meg mine eigne elevar bruke nettsida utan nemneverdige utfordringar.

Det er også gjort ei avansert sortering av innhaldet. Kvar tekst er inndelt i tema, læringsfokus og emne. På den måten kan ein søkje seg fram til akkurat det som er relevant. Med repetert øving vil elevane om litt oppleve dette som ein styrke ved nettsida.

Faglege og fagdidaktiske perspektiv på nabospråkundervisning

Måten nettsida er lagt opp på søkjer å synleggjere likskapane mellom språka. At ein tar utgangspunkt i originalspråket, men framhever i oransje dei viktigaste orda som er ulike, gjer det tydeleg for elevane at ein kan forstå mykje ved første øyekast. Dette poengterar også Hårstad (2015, s. 57) når han seier at det er viktig å syne for elevane kor mykje av nabospråka dei alt forstår, så dei blir trygge på eigen språkkompetanse. Skilnadene er gjerne små, og orda liknar ofte. Hårstad (2015, s. 32) trekk fram begrepet kodestøy, som kan forklarast som avvik frå eit språksystem til eit anna. Jo fleire avvik mellom språka, jo meir «støy» opplev ein når ein skal forsøke å kode brukaren av eit anna språk. På denne nettsida får du straks teste kodinga di, med mål om at du vil forstå det meste – basert på samanhengen i teksten omkring. Mogelegheitene for omsetjing er mange, men først legg ein opp til at eleven kan få studere teksten på originalspråket. Slik eg ser det, «ufarleggjer» ein nabospråka gjennom lesing med vekt på kontrastering (jf. Hårstad, 2015, s. 67). Kontrastane ein finn, fremstillast ikkje som problemer, men heller noko som kan gjøre eleven meir klar over språksystemet sitt. Eg likar også at det på denne nettsida ikkje er vanskeleg å finne alternative måtar å behandle ein tekst på, og at du finn både samansette tekster og verbaltekster. Norden i skolen legg i stor grad opp til utforsking på eiga hand.

Ved å organisere tekstane i fleire tema, og sørge for at kvart tema inneheld tekstar frå dei ulike språka, blir det enklare for elevane å sjå samanhenger mellom språka. Dei får også med seg kva omgrep innanfor tema som er like, og kva omgrep som ikkje liknar heilt. Likevel er fokuset top-down, med andre ord brukar ein meininga i teksten som heilskap til å forstå enkeltord, i staden for overdrive detaljfokus på dei orda ein ikkje kan (Hårstad, 2015, s. 59). Ei anna viktig erfaring er at dei då ser at ungdom i nabolanda er opptekne av dei same problemstillingane som dei sjølv er. Norsk, svensk eller dansk – det er meir vi einast om enn ikkje! Dette er eit viktig signal å sende, då ungdom har ein tendens til å framheve seg og sitt. Faktisk er det fleire som talar på vegner av ungdommen i Norden som heilskap i viktige sakar, til dømes om pysisk helse (Jamholt, 2020).

Frå eit fagleg perspektiv er tekstane som er utvalde i stor grad forståelege og aktuelle. Eg har bakgrunn som lærar på ungdomsskulen, og tek såleis først og fremst utgangspunkt i denne aldersgruppa. Her finn ein alt frå nasjonalsongar til klipp frå den norske TV-serien «Skam». Eg opplev det som at dei ansvarlege bak nettsida ynskjer variasjon, men først og fremst relevans, når dei vel tekstar til ressursbanken sin. Det er lagt vekk på intertekstualitet, som vil seie at tekstane frå nettsida gjerne refererar til andre tekstar «utanfor» nettsida, i tillegg til samanlikning og refleksjon. Som lærar for aldersgruppa ser eg at det er nok å strekke seg etter, og eg applauderer det. Sjølvsagt vil nokre av dei tilhøyrande oppgåvene bli for avanserte for elevar med lågare grad av måloppnåing i sidemålsdelen av norskfaget. Her er det opp til den ansvarlege lærar å tilpasse nivået. Men at dei også får møte dei same tekstane, trass i risikoen for økt kodestøy, trur eg er viktig. Elevane skal få møte heile og ubearbeida tekstar.

Avslutningsvis har eg behov for å anbefale nettsida for lærarar på alle trinn i grunnskulen. Her er noko for kvar ein smak, og det arbeidet som er lagt ned når det gjeld tilpasning av stoff og synleggjering av språklege likskapar og forskjellar bør ein sette pris på. Den gode intensjonen om å bringe nabolanda – særlig i Skandinavia – tettare saman, skin tydeleg gjennom!

Litteraturliste

Hårstad, S. (2015). Nabospråk og nabospråkundervisning. Oslo: Cappelen Damm Akademisk.

Foreningene Nordens Forbund. Hentet 17. februar 2020 fra https://nordeniskolen.org/nn/

Jamholt, A. H. Hentet 20. februar 2020 fra https://www.norden.org/no/information/vi-har-ingen-ungdommer-miste  

This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Comments are closed.