Kva er nabospråk? Og kvifor skal me arbeida med svensk og dansk språk i den norske skulen? Etter sjuande og tiande årstrinn har me i den norske læreplanen kompetansemål som omhandlar både dansk og svensk språk. Her er måla at elevane skal innom temaet nabospråk og at dei gjennom utforsking og refleksjonar arbeidar med si eiga nabospråkforståing (LK20). Professor i nordisk språkvitenskap, Stian Hårstad, tek opp ein av dei grunnleggjande tankane bak arbeid med språkforståinga. Det ligg ein særleg verdi i det å kunna sitt eige morsmål når ein kommuniserer i lag med andre skandinavar (Hårstad, 2025, s.9). For å kunne arbeida med nabospråkforståinga, la oss først kasta eit kort blikk på kva begripe nabospråk inneber. I følge Hårstad påpeikar han at det ikkje er nok med eit geografisk naboskap for å kunne kalla språket nabospråk. For å bli karakterisert som nabospråk må brukarane av språka kunna kommunisera saman, utan at dei har lese seg opp om språket til den andre i førevegen. Nabospråk er med andre ord språk med fleire lingvistiske likskapar, men som likevel blir rekna som ulike språk (Hårstad, 2025, s.18).

Sjølv om læreplanane har tydelege kompetansemål rundt temaet nabospråk, viser undersøkingar at mange norsklærarar nedprioriterer nabospråkundervisninga til fordel for andre emne i norskfaget. Kvifor skal me prioritera å utvida nabospråkforståinga? Og korleis kan me som norsklærarar nytta oss av dei ressursane som finst der ute? Hårstad meiner at sjølv om denne undervisninga har komme noko i skuggen for andre emne, er det ikkje heilt krise om ein er frå Noreg (Hårstad, 2025, s.28). Det viser seg nemleg at nordmenn har vesentleg betre nabospråkforståing enn både danskar og svenskar, og det er det fleire grunnar til. Den eine er at det norske språket reint lingvistisk står midt i mellom svensk og dansk språk. Historisk sett har det norske ordtilfanget mykje til felles med det danske språket. I tillegg har me fleire fellestrekk med svensk språk når det gjeld uttale. Det at Noreg først har vore under dansk styre og deretter underlagt Sverige, kan tenkjast å ha bidrege til nordmenns evner til å tilpassa seg ulike språkformer.
Nyttige læringsressursar
Så korleis finna gode faglege ressursar som kan engasjera elevane til å utforska si eiga språkforståing? Foreningen Norden er ein organisasjon som arbeider mellom anna for å styrkja samarbeidet mellom dei nordiske landa. Foreningen Norden har sidan 1919 vore ein pådrivar for nordisk samarbeid. Foreninga formidlar kunnskap om nordisk språk, historie og samfunnsforhold, og dessutan bidreg til å byggja ned grenser i Norden. Foreningen Norden tilbyr også læremiddel i skulen og over 200 skular og bibliotek er allereie medlemmer. Foreninga har ein eigen digital undervisningsportal, Norden i skulen. Her finst det eit stort utval av både tekstar, spel, filmar og ulike undervisningsopplegg ein som lærar kan nytta seg av når ein skal i gang med nabospråkundervisninga. Denne undervisningsportalen er gratis å bruka, og ein får tilgang til nettsida ved å oppretta ein brukar. Derfrå kan ein enkelt orientera seg rundt ulike undervisningsmateriale. Først kan ein velja om det er grunnskule eller vidaregåande skule ein ønskjer å finna undervisningsopplegg til, deretter er det ulike filter ein kan huka av, slik som kva klassetrinn og om det til dømes skal dreia seg om språk, historie eller samfunnsfag. Etter mi meining er Forening Norden si undervisningsplattforma Norden i skulen ei spennande ressurs som kan vera med å bidra til å gjera planlegginga av nabospråkundervisninga både enklare og forhåpentleg også meir engasjerande for elevane i skulen.
Geografisk orientering
Eg arbeider sjølv med elevar på mellomtrinnet i grunnskulen og har derfor teke utgangspunkt i kva undervisningsopplegg som kan motivera og engasjera elevar i sjette og sjuande klasse. Eg synest Norden i skulen har mykje gode ressursar. Eit opplegg som eg fann interessant var Fakta om dei nordiske landa. I denne ressursen får elevane arbeidd med dei geografiske forholda i Norden. I tillegg får elevane utforska likskapar og ulikskapar mellom dei nordiske landa gjennom å lesa faktaarka som følgjer med. Her kan dei til dømes orientera seg om kva for eit av dei nordiske landa som har det største arealet, korleis dei ulike flagga ser ut eller i kva land det høgaste fjellet ligg. Dette er eit opplegg eg kunne tenkt meg å teke i bruk i ein oppstartsfase til temaet og ressursen er ein fin måte å orientera seg kring landa i Norden.

Vennskap over språkgrenser
Ein annan ressurs eg trur kunne vore svært spennande og utforska er å finna ein vennskapsklasse. Gjennom Norden i skulen har ein moglegheit for å komma i kontakt med ein vennskapsklasse frå eit anna nordisk land. Det å kunna ha ein vennskapsklasse frå nabolanda våre Danmark og Sverige trur eg kan engasjera elevar på ein heilt annan måte enn eit faktaark kan gjera. Ved å kommunisera med andre elevar frå Danmark eller Sverige på ekte åpnar mange spennande moglegheiter for læring, både fagleg, sosialt og kulturelt. For å kunna komma i kontakt med ein annan vennskapsklasse må ein melda klassen inn gjennom Norden i skulen. Når ein melder klassen sin inn som vennskapsklasse, kan ein også velja mellom kva klassetrinn, land, fag og samarbeidsformer ein ønskjer å fokusera på. Det kan vera lurt å ta i bruk fleire av samarbeidsformene i kommunikasjonen slik som brevvenner, videochat og samarbeidsoppgåver. Norden i skulen tilrår å starta vennskapssamarbeidet med å skriva brev til kvarandre for deretter å gå vidare til videochat og ulike samarbeidsoppgåver. Ein kan også melda klassen på nordisk skulechat. Nordisk skulechat fungerer slik at elevane får moglegheit å snakka med andre elevar frå Danmark eller Sverige innanfor eit bestemt tidsrom. For april månad kan eg til dømes melda på klassen min i ein temachat som heiter Kvardagen min i Norden. Her får elevane høve til å øva på språkferdigheitene sine på norsk, dansk og svensk, samtidig som dei vil få eit innblikk i korleis ein typisk skuledag ser ut for ein elev frå eit anna nordisk land. I denne ressursen får ein også tilgang til ei rekkje spørsmål som kan vera nyttige å ta i bruk ved ein slik samtale.

Etter å ha vorte kjent med organisasjonen Foreningen Norden og fått eit innblikk i undervisningsportalen, Norden i skulen, har eg fått mange nyttige råd til undervisning knytt til nabospråk. Ressursane til Norden i skulen har heilt klart inspirert meg og er noko eg kjem til å ta i bruk i møte med nabospråkundervisninga i skulen.
Litteraturliste:
Hårstad, Stian. 2025. Nabospråk og nabospråkundervisning. Oslo: Cappelen Damm.
Utdanningsdirektoratet. Læreplan i norsk (NOR01-07), 2020.
Foreningen Norden. (2026). https://www.norden.no/
Norden i skolen. (2026). https://nordeniskolen.org/nb/