Nabospråk og nabospråkundervisning

Norden i skolen: Nabospråk og nabospråkundervisning

I dette blogginnlegget har eg tenkt å reklamere grundig for ein nettstad som heiter: Norden i skolen (nordeniskolen.org). Dette meiner eg er ein glimrande ressurs for alle lærarar. Ikkje berre i norskfaget, men òg i samfunnsfag og naturfag. Her er tekstar og filmar med tilhøyrande oppgåver. Det er delt inn etter alder og famnar både grunnskule og vidaregåande. Eg tør påstå at alle kan finne noko dei kunne tenke seg å prøve ut i klasserommet på desse sidene. Her er alt ifrå detaljerte fleirvalsoppgåver til større temaoppgåver. Her er spel og praktiske oppgåver. Og det beste av alt; det er gratis. At eg ikkje har vore klar over denne sida før er ei skam!

 

Eg har inntrykk av at barne- og ungdomsskuleelevane i dag er dårlegare når det gjeld forståing av nabospråk. Dei har heller ikkje har høyrt dei klassiske forteljingane frå nabolanda våre som vi vaks opp med på -70 og -80 talet. Då eg var liten hadde «alle» høyrd H.C. Andersen sitt eventyr Piken med svovelstikkene allereie på barneskulen. I dag ser ikkje dette ut til å vere tilfelle. Dette er berre basert på mi eiga særs uhøgtidlege undersøking, men noko av dette blir likevel stadfesta av forskingsrapportar (Hårstad, 2015, s. 28). Dette kan Norden i skolen vere med på å gjere noko med. Her kan elevane høyre forteljingar på originalspråket, ikkje  berre klassisk litteratur, men og samtidslitteratur, og jobbe med oppgåver som høyrer til. Slik kan ein stakkars lærar enkelt drive god nabospråkundervisning.

 

Fagleg kompetanse

Nettstaden sin faglege kompetanse er sikra gjennom ei styringsgruppe med utdanna lærarar frå heile Norden. «Det breie nettverket sikrar at plattforma har høg fagleg kvalitet og brei nordisk forankring.» (http://nordeniskolen.org/nn/annan-info/kven-er-vi/) Dette burde gi eit godt utgangspunkt for ein skulefaglig nettstad.

 

Portalen er meint å styrke undervisninga i nabospråka dansk, svensk og norsk slik at vi i framtida kan halde fram å snakke vårt eige språk når vi vitjar dei ulike landa. Det ligg fleire års arbeid bak prosjektet.

 

 

 

Tidsklemma

Som lærar har vi vel alle ofte hektiske dagar der vi stønnar over alle måla elevane skal nå, som vi berre ikkje har tid til. Ofte har nabospråkundervisning blitt nedprioritert. Norden i skolen er ei god hjelp på vegen til desse måla. Undervisningsopplegga som ligg inne er varierte og dekkjer mange mål. Dei legg opp til mykje tverrfagleg arbeid. Ein kan til dømes nå mål i både norsk og naturfag på same tid, utan ekstra arbeid. Det blir ikkje ekstra arbeid av å bruke denne sida, det blir mindre. Og, det blir mykje meir morosamt. Eg har byrja prøve ut litt av det som finst på nettstaden  på min 7. klasse i år, og dei tykte det var «dritmoro». Min påstand er at når elevane gjer noko dei tykkjer er «dritmoro»,  lærer dei rett mykje samstundes. På toppen av det heile er sida også på nynorsk, ikkje berre bokmål. Dette  vil eg påstå er ganske uvanleg. Mange andre nettstader, til dømes www.salaby.no har ikkje fullgode nynorsksider. Min skule har nynorsk som hovudmål og har ofte vanskar med at nettressursar er på bokmål, eller rett og slett dårleg nynorsk. Dette er ikkje tilfelle her. Med unntak av nokre små trykkfeil er nynorsken god og heller ikkje for konservativ.

 

Skjønar vi kvarandre?

 

Alt tyder på at den skandinaviske språkkompetansen går nedover. Nordmenn er framleis dei som skjønar mest, men ungdom i dag skjønar likevel mindre enn for 40 år sidan  (www.sprakradet.no). Det er synd om vi som skandinavar skal misse den språklege tilknytinga vi har til kvarandre. Å reise til Sverige og måtte snakke engelsk er liksom ikkje heilt «rett». Vi har eit ansvar for å lære barna våre å forstå både svensk og dansk. Her burde TV òg ta sin del av ansvaret. Slutt å dubbe Pippi Langstrømpe og Emil i Lønneberget. Send barne-tv på både svensk og dansk, ja engelsk òg. Kvifor skal vi på død og liv omsetje alt til norsk? Barn må høyre språk for å lære språk! Det seier vel seg sjølv?

 

 

Litteraturliste:

 

Hårstad, S. (2015). Nabospråk og nabospråkundervisning. Oslo: Cappelen Damm AS

 

www.nordeniskolen.org

 

http://www.sprakradet.no/Vi-og-vart/Publikasjoner/Spraaknytt/Arkivet/2004/Spraaknytt_2004_3_4/Torp2/

 

Illustrasjon henta frå:

http://www.aftenposten.no/amagasinet/Nordmenn-og-dansker-har-noe-fint-sammen-Darlig-engelsk-58639b.html