Har du opplevd at du sjølv, elevane dine eller nokon andre du kjenner, automatisk går over til engelsk når dei møter på svensk- eller dansktalande, sjølv om dei eigentleg kunne forstått mykje av det som blei sagt? Me er ein del av eit unikt språkfellesskap i Skandinavia, men likevel nyttar elevane våre det i stadig mindre grad. Som norsklærarar står me i eit spennande spenn mellom moglegheiter og utfordringar, og i ein unik posisjon til å utvida arenaen for bruk av eige morsmål og situasjonar der elevane våre kan vera trygge og velformulerte (Håstad, 2021, s.11-12).
Norsk, svensk og dansk blir rekna som nabospråk, som vil seie at språkformene har så mange lingvistiske likheitspunkt at me kan kommunisere og forstå kvarandre utan omfattande opplæring i språka. Som norsklærarar har me moglegheita til å utvida elevane sitt bruksområde for språket dei er mest fortrulege med og beherskar best, samtidig som den felles samhøyra og identiteten blir styrka. I tillegg vil arbeid med nabospråk styrke elevanes metaspråklege bevisstheit og gje dei ei betre forståing av korleis språklandsskapet vårt er samansett. (Hårstad, 2021, s. 13-15). Elevane kan faktisk bli betre i norsk av ei auka innsikt og forståing av nabospråk. Og er det ikkje det me som norsklærarar ønskjer?
Så tenkjer du kanskje: korleis skal eg få tid til dette, i tillegg til alt anna me skal undervise i og lære elevane gjennom skulegangen deira? Dersom ein ser på målet for opplæringa i nabospråk, handlar det i hovudsak om å oppøve elevane sine respektive ferdigheiter. Dette vil seie at me skal arbeide med å motta og forstå informasjon (Hårstad, 2021, s. 31). For å nå kompetansemåla om nabospråk i læreplanen kan me faktisk bruke dei arbeidsmetodane me brukar i norskfaget elles, og strategiar for den generelle leseopplæringa kan me òg nytta her. Sidan målet er reseptive ferdigheiter, er det viktig at me som lærarar har fokus på ein såkalla “top-down-lesing”, der den overordna forståinga og meininga i teksten blir brukt aktivt til å tetta hola laga av ukjente ord og frasar (Hårstad, 2021, s. 59). Me kan bruke oversette tekstar der elevane får vera språkdetektivar, og me kan bruka kjende popsongar på dansk og svensk som lytteøvelsar i undervisninga.
Arbeid med nabospråk i skulen er eit felles prosjekt blant dei skandinaviske landa, som blir underbygga både av Helsingforsavtalen frå 1962 og danninga av Nordisk råd (Hårstad, 2021, s.16). For å gjera dette viktige læringsoppdraget både enklare og meir overkomeleg har det blitt utarbeida eit hav av digitale læringsressursar som kan brukast direkte inn i undervisninga. Og for å gjera dette ennå enklare og meir overkomeleg i ein travel lærarkvardag, skal eg no presentera nokre utvalde ressursar som eg vil anbefale deg å teste ut i di undervisning!
Norden i skolen er ein oversikteleg, rik og allsidig læringsressurs som eg vil anbefale alle å ta ein tur innom. Her finn du ei tydeleg oversikt og undervisningsmateriale du kan ta med deg rett inn i klasserommet. Ressursen krev ei enkel registrering, men gir deretter tilgang til eitt breitt utval av undervisningsopplegg. Som du ser på bilete finn du ei verktøylinje heilt øvst på nettsida. Her kan du velje “undervisningsmateriale” og trykke på det trinnet du underviser på. Når du har gjort det, har du rikeleg med moglegheiter framfor deg. Du kan velja om du vil ta utgangspunkt i type undervisningsmateriale, eller om du vil basera vala dine på kva ditt læringsfokus skal vera i undervisninga.

Skjermdump: Norden i skolen
Ein sentral del av det å gjennomføre ei god nabospråkundervisning er å gripe moglegheiter til å ta i bruk tekst, i både skrift og tale, frå nabospråka i eit tverrfagleg arbeid knytt til andre kompetansemål. Til dømes kan ein trykka seg inn på kortfilm. Inne på kortfilm får du opp 36 ulike kortfilmar, som alle kan brukast både i nabospråkundervisning, samt bli knytta til andre kompetansemål og overordna tema i læreplanen. Som me som lærarar veit er det stor interesse og engasjement blant elevane når det kjem til skrekk-og grøssar sjangeren. Kortfilmen “Skrekk” er eit pan-nordisk filmprosjekt der barn frå heile Norden har sendt inn ulike grøsserscenar.

Skjermdump: Norden i skolen
Saman med videoen ligg det spørsmål og oppgåvar knytt til språk- og kulturforståing og sjangerlære i norskfaget. Til dømes er det spørsmål elevane kan diskutera i grupper, som legg til rette for refleksjon knytt til dei ulike språka i filmen, likskapar og ulikskapar mellom språka og kva som gjer at dei kan forstå kvarandre når dei snakkar ulike språk. I tillegg er det fleire spørsmål som handlar om frykt og følelsar, som går naturleg inn i det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring i den overordna delen. Avslutningsvis er det lagt opp til ei individuell skriveoppgåve der elevane skal skrive ei eiga avslutning på filmen. Undervisningsmateriale er enkelt å finna fram i, og enkelt å ta i bruk, samtidig som ein lett kan gjera eigne tilpasningar eller justeringar basert på gruppesamansetning, ønskja tidsbruk og andre rammefaktorar som me alle veit at me må ta omsyn til i undervisninga vår.
Dersom ein ønskjer eit prosjekt som ein kan arbeide med over tid, kan ein trykke seg inn på “temapakke” og finne pakkar med fleire opplegg og ressursar ein kan bruke i eit eventuelt prosjektarbeid. Eksempelvis kan ein bruke pakken “Reint hav”, som ein kan finne i kompetansemål både i naturfag, KRLE, samfunnsfag, norsk og i det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling. Dette er ei pakke som fokuserar på årsakar, konsekvensar og framtidige løysingar på forureiningar i havet. Pakka inneheld både e-bøker, kort film og sju aktivitetsforslag som rettar seg mot mellomtrinnet.

Skjermdump: Norden i skolen
Pakka “Reint hav” har mykje godt materiale, men tek ikkje for seg arbeid med nabospråk på ein like direkte måte som kortfilmen ovanfor. Fokuset her ligg meir på berekraft og miljøspørsmål, enn på språkleg medvit. Samstundes opnar ressursen opp for arbeid med nabospråk gjennom bruk av autentiske tekstar, som til dømes e-boka Rent hav- plast i Norden som er utgiven av den islandske miljøorganisasjonen Landvernd. Sjølv om islandsk ikkje er eit nabospråk, tek e-boka for seg alle dei nordiske landa og ord i dei ulike språka. Her blir felles identitet og kulturutveksling meir sentralt. Denne ressursen vil dermed krevje meir av deg som lærar, om ein vil inkorporere nabospråksundervisninga i større grad.
Det er ikkje tvil om at det er ideelt å involvera autentiske språkbrukssituasjoner i undervisninga (Hårstad, 2021, s. 64). På sida til “Norden i skolen” har dei ein eigen “Nordisk skolechat” som gir elevane ei unik moglegheit til å møte og kommunisere med elevar frå andre land i Norden. Her kan dei øve seg på å forstå likskapar og ulikskapar mellom dansk, norsk og svensk. Når du som lærar trykkjer på “skolechat” får du opp ein video som fortel om dette prosjektet og funksjonen, og gir deg ei kort innføring i korleis det skal brukast. Det er brukarvennleg, enkelt og gir fantastiske moglegheiter for arbeid med autentiske språksituasjonar.


Skjermdump: Norden i skolen
Som lærarar i den norske skulen har me eit stort ansvar og eit viktig samfunnsoppdrag, men me har òg ein gyllen moglegheit til å inspirera, engasjera og forma framtidas borgar. Det kan opplevast overveldande og utfordrande, men heldigvis er me ein del av eit fellesskap som vil hjelpa, inspirera og løfta kvarandre. Me lev og i ein digital tidsalder der moglegheitane for idear og inspirasjon på nett er uendelege. Eg håpar at du fann inspirasjon og hjelp her i dette innlegget, og at du er klar for å ta i bruk dei hjelpemidla me har for å styrkja elevane våre si språklege sjølvtillit, metaspråklege innsikt og forståing av eit større skandinavisk fellesskap.
Litteratur:
Foreningerne Norden. (u.å.) Om oss. Hentet 17.april 2026 fra https://nordeniskolen.org/nb/om-oss
Hårstad, S., (2021). Nabospråk og nabospråkundervisning (2. utg.). Cappelen Damm Akademisk.
