Gjer nabospråk levande: digitale ressursar i norskundervisninga

Dagens klasserom er ikkje lenger avgrensa av fire veggar. Med berre eit tastetrykk kan elevar møte språk og kultur frå heile Norden. Dette gjev eit unikt utgangspunkt for å gjere arbeidet med nabospråk meir engasjerande og meiningfylt i norskfaget. Nettbaserte læringsressursar gjev norsklærarar moglegheiter til å skape variert og praksisnær nabospråksundervisning. I dette blogginnlegget deler eg korleis nokre av desse ressursane kan brukast på ein fagleg og, forhåpentlegvis, inspirerande måte i arbeidet med nabospråk. 

Nabospråk blir definert av Stian Hårstad som språk med så mange likskapstrekk at dei er gjensidig forståelege, men som likevel blir rekna som ulike språk (2021, s. 18). Hårstad understrekar at arbeid med nabospråksforståing er ein viktig del av morsmålsopplæringa i dei skandinaviske landa, og peikar på verdien av å kunne bruke eige morsmål i kommunikasjon med andre skandinavar (2021, s. 9). Ein stor motivasjon til å arbeide med svensk og dansk i skulen er difor både å styrkje ein felles skandinavisk identitet og å utvikle elevane si metaspråklege bevisstheit. 

Eit døme på ein nettressurs ein kan ta i bruk er Norden i skolen frå Foreningen Nordens Forbund. Denne læringsressursen er ei gratis og uavhengig undervisningsplattform som gjev både elevar og lærerar verktøy for å arbeide med skandinavisk nabospråkforståing og nordisk kultur (Norden i skolen, u.å.). Nettstaden er svært ryddig der det for meg som lesar er lett å finne fram, samt tydeleg kor ein skal trykkje ut ifrå kva ein ynskjer. Nettsida er oversynleg bygd opp, med tilgang til aktuelle artiklar, undervisningsmateriell, skulechat, venskapsklassar og lydordbok gjennom ein tydeleg meny. For å benytte seg av denne nettressursen, må ein opprette ein brukar. Heldigvis kan ein gjere dette heilt gratis. 

Skjermdump frå Norden i skolen

På nettsida for undervisningsmateriale kan læraren filtrere ressursane etter trinn, fag, type, læringsfokus og originalspråk. Dette gjer det enklare å finne relevant materiale tilpassa arbeidet med nabospråk. Samstundes opplev eg som norsklærar på 7. trinn at utvalet er noko avgrensa dersom ein filtrerer på 6.-7. trinn i norsk bokmål eller nynorsk. Dette kan vere ei utfordring for lærarar som ynskjer ferdig tilpassa opplegg, og viser at ressursen kan fungere som eit supplement til anna undervisningsopplegg.

Utvalet blir derimot større dersom ein opnar for ressursar med andre nordiske originalspråk. Her finst det til dømes fleire korte videosnuttar med tilhøyrande oppgåver som kan gjennomførast individuelt, i par eller i grupper. Læraren kan sjølv velje kva språk elevane skal møte, til dømes svensk tale kombinert med norske oppgåver. Dette er ein styrke ved ressursen, då elevane får møte autentisk språk i ein kontekst som gjev meining, noko som vidare kan styrkje både forståing og motivasjon. Samtidig krev slike ressursar at læraren aktivt tilpassar oppgåvene til elevgruppa, særleg dersom språkleg nivå varierer. Mange av videoane har også moglegheit for undertekst, noko som kan fungere som ei sentral støtte til elevane si språkforståing. Det finst tydelege lærarrettleiingar som forklarer korleis materialet kan brukast i undervisninga, og som læraren kan tilpasse. Samla sett, peikar dette mot eit særleg fokus på å utvikle elevane si munnlege språkforståing i dei nordiske språka. Det er òg verdt å merke seg at nettsida inneheld undervisningsopplegg knytte til urfolk og minoritetar.

I den gjeldande læreplanen for norsk, nemleg Kunnskapsløftet 2020, har arbeid med nabospråk ein tydeleg plass. Etter 7. trinn skal elevane mellom anna “samanlikne talespråk i nærmiljøet med andre talespråkariantar i Noreg og med nabospråk” (Kunnskapsløftet, 2024a). I tillegg finst det kompetansemål som legg vekt på at elevane skal lese tekstar på bokmål, nynorsk, samisk, dansk og svensk, og samtale om form, innhald og formål. Nabospråk er òg løfta fram i kjerneelementa, der det blir understreka at elevane skal møte og utforske tekstar skrivne på dei ulike nabospråka (Kunnskapsløftet, 2024b). 

Med dette som utgangspunkt opnar det seg mange moglegheiter for å ta i bruk digitale ressursar i undervisninga. Norden i skolen er eit døme på ein ressurs som kan støtte norsklæraren i å arbeide konkret og variert med desse måla. 

Skjermdump frå Norden i skolen

Hårstad løftar fram kor viktig det er at elevar får delta i autentiske språkbrukssituasjonar for å utvikle nabospråkskompetansen (2021, s. 64). Dette kan gjerast på fleire måtar, og Norden i skolen legg godt til rette for dette ved å tilby ressursar som skulechat og venskapsklassar. Her blir det mogleg for elevar å møte jamnaldringar i andre nordiske land digitalt og bruke språket i ekte, meiningsfulle samanhengar. Dette gjeld spesielt for skulechat. Kommunikasjonen med ein venskapsklasse kan føregå på fleire vis, til dømes som klassebrev eller individuelle brev. Ved å skrive brev til kvarandre, får elevane øvd seg på det skriftlege språket samstundes som det kan bidra til å utvikle elevane si medvit om språklege likskapar og skilnader. Dette er sentralt i arbeidet med nabospråk. Ein blir både ved å benytte seg av vennskapsklasse og skulechat direkte eksponert for nabospråk, og elevane vil moglegvis i større grad oppleve språket som nærare, meir motiverande og meir relevant å forstå.

Skjermdump frå Norden i skolen

Slike arbeidsmåtar stiller krav til norsklæraren eller klasseleiaren om god førebuing og tydeleg struktur for at alle elevar skal få eit læringsutbyte. Dersom læraren planlegg godt og skulen tillet denne forma for kommunikasjon, er det likevel ingenting som står i vegen for å benytte seg av desse ressursane. Ved å benytte seg av skulechat og/eller venskapsklasser frå andre naboland, vil elevane utvikle ferdigheiter i den skriftlege nabospråksforståinga. Dette er òg særleg verdifullt fordi elevane får erfare språket som eit reiskap for ekte kommunikasjon, ikkje berre som eit skulefag.

I tillegg til skulechat og venskapsklassar kan lydordboka på Norden i skolen vere ein nyttig ressurs i arbeidet med nabospråk. Dette er ei nordisk miniordbok der elevane kan søkje etter ord på ulike skandinaviske språk, få forklaringar på tyding og høyre korleis orda blir uttala på bokmål, nynorsk, dansk og svensk. Ein måte å ta i bruk denne ressursen på, er å la elevane arbeide med nabospråklege tekstar der dei aktivt søkjer opp ord dei ikkje forstår, ord som liknar norsk, eller ord dei undrar seg over. Undervegs kan elevane lage si eiga ordliste eller miniordbok, der dei samanliknar norske ord med tilsvarande ord på nabospråka. Arbeidet kan gjennomførast individuelt, i par eller i grupper, avhengig av formål og nivå. 

Skjermdump frå Norden i skolen

Særleg morosamt og motiverande kan det vere å arbeide med såkalla “falske vener”. Dette er ord som liknar kvarandre, men har ulik tyding (Hårstad, 2021, s. 45). Døme på dette er dei svenske orda rolig (morosam), rar (vennleg/snill) og glass (iskrem). Slike samanlikningar kan skape engasjement hos elevane. Arbeid med lydordboka kan også bidra til å utvide elevane sitt ordforråd og utvikle forståing for både likskapar og skilnader mellom språka. For å vidareutvikle læringa kan elevane til dømes lage og spele memory med orda dei har arbeidd med. Norden i skolen tilbyr ein slik aktivitet under undervisningsmateriale, der elevane kan bruke miniordboka til å lage eigne kort. Ei mogleg svakheit ved denne ressursen er at det ikkje finst ferdige malar for memorykorta, noko som krev ekstra førebuing frå læraren. Samstundes kan dette opne for elevaktivitet og kreativitet i utforminga av spelet. 

Skjermdump frå Norden i skolen

Avslutningsvis vil eg oppmodne norsklærarar til å utforske Norden i skolen og dei moglegheitene ressursen gjev for arbeidet med nabospråk. Eg håpar dette kan inspirere fleire til å ta i bruk digitale ressursar og gjere nabospråk til ein levande og meiningsfull del av undervisninga. 

Kjeldeliste

Foreningerne Norden. (u.å.) Om oss. Hentet 12. april 2026 frå https://nordeniskolen.org/nb/om-oss 

Hårstad, S. (2021). Nabospråk og nabospråkundervisning. Cappelen Damm Akademisk.

Kunnskapsdepartementet. (2024a). Læreplan i norsk (NORD01-07). Fastsett som forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. https://www.udir.no/lk20/nor01-07/kompetansemaal-og-vurdering/kv919?lang=nob 

Kunnskapsdepartementet. (2024b). Læreplan i norsk (NOR01-07). Fastsett som forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. https://www.udir.no/lk20/nor01-07/om-faget/kjerneelementer?lang=nob