Slit du med å engasjere elevane i nabospråka? Eller treng du som lærar sjølv inspirasjon på feltet? Då har eg gode nyheiter! Det finst fleire gode (og gratis!) nettressursar der ute som ein kan ta i bruk for å lage inspirerande undervisning om nabospråka våre. Eg har valt å trekkje fram dei to som eg sjølv synest var best, nemleg nordeniskolen.org (Norden i Skolen, u.å.) og https://www.virksommeord.no/talene-som-formet-skandinavia (Virksomme ord, 2023). Eg vil først gjere ein analyse av ressursane der eg vil trekkje inn kjernelementa, tverrfaglege tema og kompetansemåla i norsk etter 7. trinn, i tillegg til relevant didaktisk litteratur. Deretter vil eg vise meir konkret korleis ein som lærar kan ta ressursane best i bruk.
Analyse av ressursane
Først litt om Virksomme ord. Nettsida inneheld lenker til talar som har vore med å forme politikk og samfunn i Skandinavia, til dømes talen til Jens Stoltenberg etter 22. juli 2011, talen til den danske programleiaren Sofie Linde om #metoo og talen til Sveriges tidlegare statsminister Per Albin Hanssons om korleis det skandinaviske samfunnet bør sjå ut. Dette er ein god ressursside for å gi elevar tilgang til autentiske nabospråktekstar å arbeide med, noko Stian Hårstad i fagboka Nabospråk og nabospråkundervisning trekkjer fram som viktig for å utvikle forståinga (Hårstad, 2021, s. 64). Det gir òg elevane ein god mogelegheit å arbeide med nabospråka med ein såkalla “top-down”-metode. Det handlar om å arbeide med meininga i sjølve teksten for å tette hol i ordforrådet, framfor å arbeide detaljert med enkeltord (Hårstad, 2021, s. 59). Dette er òg i tråd med kjerneelementet i LK 20 kor det står at elevane skal «[…]utforske og reflektere over skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk, på svensk og dansk […]» (NOR01-07). Ettersom fleire av talane har eit aktivistisk preg er det difor også mogleg å flette inn det tverrfaglege temaet Demokrati og medborarskap, spesielt den delen som omhandler ytingsfridom og menneskerettar (Kunnskapsdepartementet, 2017), noko som igjen kan løfte fram likheiter i samfunn og verdiar mellom dei nordiske landa og på den måten skape positive holdningar til nabospråka.
Norden i skolen er ei nettside som inneheld ressursar for heile grunnskulen og vidaregåande. Her har dei litteratur, kortfilmar, dokumentarfilmar og aktivitetar, og utover norskfaget finst det òg opplegg til dei fleste andre fag. Mange av ressursane, spesielt kortfilmane, inneheld òg oppgåveark og forslag til korleis ein kan arbeide med stoffet. Til dømes den svenske filmen Infrån akvariet av Lina Berger (Norden i Skolen, u.å.). I samband med filmen er det publisert tre ulike spørsmålskategoriar: i klassen og i grupper. Dei påfølgjande spørsmåla er då av ein slik karakter at dei passar til høvevis plenumsdiskusjon i klassen og diskusjon i grupper. Desse spørsmåla er gode verktøy for å oppfylle kompetansemålet «sammenligne talespråk i nærmiljøet med andre talespråkvarianter i Norge og med nabospråk» (NOR01-07). Eit eksempel er refleksjonsspørsmålet til klassen: «Hvordan var det å se filmen på svensk? Var det lett eller vanskelig å forstå hva de sa?» Eller gruppespørsmålet «forklar med maks tre setninger hva filmen handler om» (Norden i Skolen, u.å.), som gir læraren mogelegheit til å kartleggje kor mykje elevane har fått med seg av filmen.
I tillegg er det fleire spørsmål som tar utgangspunkt i sjølve handlinga og som vil vere med å utvikle språkforståinga til elevane. Elevane blir nøydde til å følja med og tolke kva som blir sagt, samt gruble over ord, uttrykk og frasar dei har utfordringar med å forstå. Dette vil ikkje berre gjer dei betre i nabospråka, men også i norsk og språk generelt ettersom dei utvikler sin såkalt metaspråklig bevissthet, som handlar om evna til å sjå språk både som form og innhold (Hårstad, 2021 s. 15). Dei har også mykje praktisk retta undervisning der elevane blant anna skal lage flettekunstverk av strimla ark med motiv inspirert av kulturen i dei forskjellige nordiske landa (Norden i fletting, u.å.). Dette praktiske arbeidet legg opp til kontrastivt arbeid med språk og kultur, altså at ein samanliknar og sjår på likskapar og skilnader og diskuterer desse. Følgjande refleksjonsspørsmål vert trekte fram som utgangspunkt for kunsten: “Diskuter hva som kjennetegner livet i Norden. Hvor er vi like, og hvor er vi forskjellige (til dømes språk, natur, kultur osv.)?”(Norden i fletting, u.å.). Slik kontrastering er ein god måte å bli kjend med dei forskjellege språkkulturane på (Hårstad, 2021, s. 67)
Korleis norsklærare kan utnytte desse ressursane best mogleg
Begge ressursane eg har omtala i dette blogginnlegget er relevante for norsklærarar. Virksomme ord har fokus på retorikk og talar som har forma dei skandinaviske landa og er difor aktuell å bruke for å arbeide med språkforståing og gir elevane innsikt i kulturelle og samfunnsmessige kjenneteikn i dei andre skandinaviske landa. Dette er spesielt aktuelt i kjerneelementet tekst i kontekst (NOR01-07). Dei muntlege krava i kjerneelementa og kompetansemåla blir òg gjennomført gjennom at elevane blir oppmodna til å skrive og halde talar sjølv.
Norden i skolen er den nettressursen eg meiner er den mest aktuelle, spesielt viss ein ikkje har arbeida så mykje med nabospråk og ønskjer å kome i gang. Her er det lett å hoppe rett inn i eit opplegg utan å måtte kjenne nettsida noko særleg frå før. Eg er spesielt begeistra for kortfilmane. Dei set tankeprosessane i gang hos elevane, lar dei møte “teksten”, som desse filmane i vid tyding er, med ein “top-down”-tilnærming. Elevane får arbeidde med nabospråka både direkte og indirekte ved å måtte svare på språklege og ikkje-språklege spørsmål.
Ei anna god mogelegheit i Norden i skolen er å finne under fana Vennskapsklasse. Det går ut på at ein får seg ein vennskapsklasse i til dømes Sverige, og kommuniserer med denne gjennom Zoom, e-post e.l. Ein finn mange praktiske tips til korleis ein kan gjennomføre dette på sjølve nettsida. Hårstad trekkjer dette frem som ein god måte å få eit møte med autentiske tekster på nabospråka (Hårstad, 2021, s. 66). I tillegg kan ein tenkje seg at dette er mykje meir spennande for elevane enn teksar dei finn i lærebøkene. Kan hende dei blir så oppteken av å byggje relasjonar at dei «gløymer» at dei lærar. Ein slags «learning by doing» tilnærming i god John Dewey-ånd (Imsen, 2017, s. 148). Personleg har eg stor tro på denne måtan å læra på, der læringa på mange måtar er eit «biprodukt «av aktiviteten.

Oppsummering
Det finst altså fleire gode læringsressursar der ute som ein enkelt kan ta i bruk i samband med nabospråk i skulen. Mine to favorittar er som nemnt Norden i skolen og Virksomme ord. Førstnemnde mykje på grunn av kortfilmane og dessutan opplegget kring vennskapsklassar. Sistnemnde på grunn av mogelegheita talane gir for å oppdage det felles verdigrunnlaget vi har i Skandinavia, som igjen har potensial til å vere haldningsskapande og gi elevane motivasjon til å lære nabospråka våre betre. Som sagt finst det også mykje anna der ute, så eg oppmodar dykk òg til å sjekke ut andre ressursar i tillegg til desse! Kanskje har du nokre andre favorittar enn meg? Kommenter gjerne!
Litteraturliste
Kompetansemål etter 7. Trinn—Læreplan i norsk (NOR01-07) | udir.no. (2024). Hentet 16. april 2026, frå https://www.udir.no/lk20/nor01-07/kompetansemaal-og-vurdering/kv919
Kjerneelementer—Norsk (NOR01‑07) | udir.no. (2024). Hentet 16. april 2026, frå https://www.udir.no/lk20/nor01-07/om-faget/kjerneelementer
Kunnskapsdepartementet (2017). Overordnet del – verdier og prinsipper for grunnopplæringen. Fastsatt som forskrift ved kongelig resolusjon. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020.
Tverrfaglige temaer—Norsk (NOR01‑07) | udir.no. (2024). Hentet 16. april 2026, frå https://www.udir.no/lk20/nor01-07/om-faget/kjerneelementer
Hårstad, S. (2021). Nabospråk og nabospråkundervisning (2. utgave). Cappelen Damm Akademisk.
Norden i Skolen. (u.å.). Innifrån akvariet. Norden i Skolen. https://nordeniskolen.org/nb/undervisningsmateriale/inifraan-akvariet
Virksomme ord. (2023). Talene som formet Skandinavia. Virksomme ord. https://www.virksommeord.no/talene-som-formet-skandinavia
Hårstad, S. & Solheim, R. (2021). Flerspråklighet i et nordisk perspektiv. I M.-A. Igland & M. Nygård (Red.), Norsk 5–10: Språkboka (2. utg., s. 211–229). Universitetsforlaget.
Imsen, G. (2016). Lærerens verden: Innføring i generell didaktikk. Universitetsforl.