Gode nettressursar for å undervise om nabospråk i skulen

Slit du med å engasjere elevane i nabospråka? Eller treng du som lærar sjølv inspirasjon på feltet? Då har eg gode nyheiter! Det finst fleire gode (og gratis!) nettressursar der ute som ein kan ta i bruk for å lage inspirerande undervisning om nabospråka våre. Eg har valt å trekkje fram dei to som eg sjølv synest var best, nemleg nordeniskolen.org (Norden i Skolen, u.å.) og https://www.virksommeord.no/talene-som-formet-skandinavia (Virksomme ord, 2023). Eg vil først gjere ein analyse av ressursane der eg vil trekkje inn kjernelementa, tverrfaglege tema og kompetansemåla i norsk etter 7. trinn, i tillegg til relevant didaktisk litteratur. Deretter vil eg vise meir konkret korleis ein som lærar kan ta ressursane best i bruk.

Analyse av ressursane

Sofie Linde som talar om #metoo (bilde henta frå https://www.information.dk/debat, 05.05.26)

Korleis norsklærare kan utnytte desse ressursane best mogleg

Begge ressursane eg har omtala i dette blogginnlegget er relevante for norsklærarar. Virksomme ord har fokus på retorikk og talar som har forma dei skandinaviske landa og er difor aktuell å bruke for å arbeide med språkforståing og gir elevane innsikt i kulturelle og samfunnsmessige kjenneteikn i dei andre skandinaviske landa. Dette er spesielt aktuelt i kjerneelementet tekst i kontekst (NOR01-07). Dei muntlege krava i kjerneelementa og kompetansemåla blir òg gjennomført gjennom at elevane blir oppmodna til å skrive og halde talar sjølv.

Norden i skolen er den nettressursen eg meiner er den mest aktuelle, spesielt viss ein ikkje har arbeida så mykje med nabospråk og ønskjer å kome i gang. Her er det lett å hoppe rett inn i eit opplegg utan å måtte kjenne nettsida noko særleg frå før. Eg er spesielt begeistra for kortfilmane. Dei set tankeprosessane i gang hos elevane, lar dei møte “teksten”, som desse filmane i vid tyding er, med ein “top-down”-tilnærming. Elevane får arbeidde med nabospråka både direkte og indirekte ved å måtte svare på språklege og ikkje-språklege spørsmål.

Ei anna god mogelegheit i Norden i skolen er å finne under fana Vennskapsklasse. Det går ut på at ein får seg ein vennskapsklasse i til dømes Sverige, og kommuniserer med denne gjennom Zoom, e-post e.l. Ein finn mange praktiske tips til korleis ein kan gjennomføre dette på sjølve nettsida. Hårstad trekkjer dette frem som ein god måte å få eit møte med autentiske tekster på nabospråka (Hårstad, 2021, s. 66). I tillegg kan ein tenkje seg at dette er mykje meir spennande for elevane enn teksar dei finn i lærebøkene. Kan hende dei blir så oppteken av å byggje relasjonar at dei «gløymer» at dei lærar. Ein slags «learning by doing» tilnærming i god John Dewey-ånd (Imsen, 2017, s. 148). Personleg har eg stor tro på denne måtan å læra på, der læringa på mange måtar er eit «biprodukt «av aktiviteten.

Bilde generert av KI (Google Gemini)

Oppsummering

Det finst altså fleire gode læringsressursar der ute som ein enkelt kan ta i bruk i samband med nabospråk i skulen. Mine to favorittar er som nemnt Norden i skolen og Virksomme ord. Førstnemnde mykje på grunn av kortfilmane og dessutan opplegget kring vennskapsklassar. Sistnemnde på grunn av mogelegheita talane gir for å oppdage det felles verdigrunnlaget vi har i Skandinavia, som igjen har potensial til å vere haldningsskapande og gi elevane motivasjon til å lære nabospråka våre betre. Som sagt finst det også mykje anna der ute, så eg oppmodar dykk òg til å sjekke ut andre ressursar i tillegg til desse! Kanskje har du nokre andre favorittar enn meg? Kommenter gjerne!

Litteraturliste

Kompetansemål etter 7. Trinn—Læreplan i norsk (NOR01-07) | udir.no. (2024). Hentet 16. april 2026, frå https://www.udir.no/lk20/nor01-07/kompetansemaal-og-vurdering/kv919

Kjerneelementer—Norsk (NOR01‑07) | udir.no. (2024). Hentet 16. april 2026, frå https://www.udir.no/lk20/nor01-07/om-faget/kjerneelementer

Kunnskapsdepartementet (2017). Overordnet del – verdier og prinsipper for grunnopplæringen. Fastsatt som forskrift ved kongelig resolusjon. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020.

Tverrfaglige temaer—Norsk (NOR01‑07) | udir.no. (2024). Hentet 16. april 2026, frå https://www.udir.no/lk20/nor01-07/om-faget/kjerneelementer

Hårstad, S. (2021). Nabospråk og nabospråkundervisning (2. utgave). Cappelen Damm Akademisk.

Norden i Skolen. (u.å.). Innifrån akvariet. Norden i Skolen. https://nordeniskolen.org/nb/undervisningsmateriale/inifraan-akvariet

Virksomme ord. (2023). Talene som formet Skandinavia. Virksomme ord. https://www.virksommeord.no/talene-som-formet-skandinavia


Hårstad, S. & Solheim, R. (2021). Flerspråklighet i et nordisk perspektiv. I M.-A. Igland & M. Nygård (Red.), Norsk 5–10: Språkboka (2. utg., s. 211–229). Universitetsforlaget.

Imsen, G. (2016). Lærerens verden: Innføring i generell didaktikk. Universitetsforl.