Nabospråk er eit av dei mest oversjådde fagfelta innanfor norskfaget. Dette til trass for at kjennskap til nabospråka våre er påvist å vere svært nyttig både på eit praktisk, sosialt og kulturelt plan med tanke på å oppretthalde vårt eigne lingua franca (Hårstad, 2021 s. 11), altså vårt eigne felles språk. I tillegg er det positivt for hjernens utvikling, og arbeid med flerspråklighet generelt er bl.a. knytt til forebygging av demens (Hårstad & Solheim, 2021, s. 217). Fordelene er altså så mange og så viktige at ein ikkje kan la være å lyfte fram våre nabospråk i norskfaget. Eg vil i dette blogginlegget sjå på nokre nettressurser lærarar kan bruke for å arbeide med nabospråk, og så vil eg spesielt trekkje fram og gi ein fagdidaktisk omtale den nettsida som eg meiner er den mest aktuell. Eg vil gjere dette med utgangspunkt i mellomtrinnet på barneskulen.
Fagdidaktisk analyse av ressursane
Først litt om nettsida https://www.virksommeord.no/ (Virksomme ord, 2023). Den inneheld lenker til talar som har vore med å forme politikk og samfunn i Norden, til dømes Jens Stoltenbers tale etter 22. juli 2011, den danske programleiar Sofie Lindes tale om #metoo (dansk) og Sveriges tidlegare statsminister Per Albin Hanssons om korleis det skandinaviske samfunnet bør sjå ut. Dette er ein god ressursside for å gi elevar autentiske nabospråkstekstar å jobbe med, noko Stian Hårstad i fagboka Nabospråk og nabospråkundervisning trekkjer fram som viktig for å utvikle forståinga (Hårstad, 2021, s. 64). Det er også ein god mogelegheit for elevane å arbeide med språka med ein såkalt “top-down”-metode. Det går ut på å arbeide med meininga i sjølve teksten for å tette hol i ordforrådet, framfor å jobbe veldig detaljert med enkeltord (Hårstad, 2021, s. 59). Dette er også i tråd med kjerneelementet i LK 20 hvor det står at elevane skal «[…]utforske og reflektere over skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk, på svensk og dansk […]» (NOR01-07).
Litt kort om nettsida www.sprogpiloter.org , og då spesielt seksjonen www.sprogpiloter.org/p/blog-page.html (Nordiske Sprogpiloter, n.d.). Ved første augnekast gir dette inntrykk å vera ei nokså heimelaga nettside med enkelt design og kjente fontar. Når ein utforskar sida vart det fort tydeleg at dens hovedverksemd er å fremme nordisk språkleg samarbeid, fyrst og fremst gjennom eit årlig kurs som utdannar såkalte “språkpilotar”. Desse holdes i forskjellige nordiske byar kvart år og utifrå det eg har lest virker det veldig inspirerende. Når det gjeldar ressursar så er ikkje dette ein ressursside i seg sjølv, men linker til ekstrerne ressurser via sistnevnte side. Blant dei mest nyttige ressursene er eit språkspill, fagbøker samt nettsida Norden i skolen (Foreningen Norden, n.d.), som er ein ressurs eg skal sjå litt vidare på no.
Norden i skolen er ei nettside som inneheld ressursar for heile grunnskulen og vidaregåande. Her har dei ting som litteratur, kortfilmar, dokumentarfilmar og aktivitetar, og utover norsfaget finnst det også opplegg til dei fleste andre fag. Monge av ressursane innheld også oppgåveark og forslag til korleis ein kan arbeide med stoffet. Dette gjeld spesielt kortfilmane. Ta til dømes den svenske filmen Infrån akvariet av Lina Berger (Norden i Skolen, u.å.). I samband med filmen er det publisert tre ulike spørsmålskategoriar: i klassen og i grupper. Dei påfølgande spørsmåla er då av ein slik karakter at dei passar til henholdsvis plenumsdiskusjon i klassen og diskusjon i grupper. Desse spørsmåla er gode verktøy for å oppfylle kompetansemålet «sammenligne talespråk i nærmiljøet med andre talespråkvarianter i Norge og med nabospråk» (NOR01-07). Eit eksempel er refleksjonsspørsmålet til klassen: «Hvordan var det å se filmen på svensk? Var det lett eller vanskelig å forstå hva de sa?» Eller gruppespørsmålet «forklar med maks tre setninger hva filmen handler om», som gir læraren mulighet til å kartleggje kor mykje elevana har fått med seg av filmen.
Ellers er det fleire spørsmål som tar utgangspunkt i sjølve handlinga og som vil vere med å utvikle elevanes språkforståing ettersom dei blir tvungen til å følja med og tolke kva som blir sagt, samt gruble over ord, uttrykk og frasar dei har utfordringer med å forstå. Dette vil ikkje bare gjer dei betre i nabospråka, men også i norsk og språk generelt ettersom de utvikler sin såkalt metaspråklig bevissthet, som handler om evnen til å se språk både som form og innhold (Hårstad, 2021 s. 15). Dei har også mykje praktisk retta undervisning, bl.a. eit opplegg kor elevane skal lage flettekunstverk av strimla ark med motivar inspirert av kulturen i dei forskjellige nordiske landa (Norden i fletting, u.å.). Praktisk retta undervisning er noko som løftes fram i desse dager fordi det på eit generelt plan er behov for å skapa eit alternativ til skjerm og mykje stillesitting, og i tillegg til å ha den fordela av å vera praktisk legger dette undervisningopplegget opp til kontrastivt arbeid med språk og kultur, altså at ein samanliknar og ser på likskapar og forskjellar og diskuterer desse. Det blir drege fram følgende refleksjonsspørsmål som utgangspunkt for kunsten: “Diskuter hva som kjennetegner livet i Norden. Hvor er vi like, og hvor er vi forskjellige (til dømes språk, natur, kultur osv.)?”(Norden i fletting, u.å.). Slik kontrastering er ein god måte å bli kjend med dei forskjellege språkkulturane på (Hårstad, 2021, s. 67)
Korleis norsklærare kan utnytte desse ressursane best mogleg
Alle tre ressursane eg har omtala i dette blogginnlegget er relevante for norsklærarar. Virksomme ord, med sitt fokus på retorikk og talar, er aktuell å bruke for å jobbe med språkforståing og gir samtidig elevane innsikt i kulturelle og samfunnsmessige kjennetegn i dei andre nordiske landa, ettersom talane som er trukket frem nettopp har dei kriteria for at dei har vært med å forme dei nordiske landa. Dette er spesielt aktuelt i kjerneelementet tekst i kontekst (NOR01-07). I tillegg oppfordres elevar til å skrive og holde taler sjølve noko som kan bidra til å oppfylle det muntlege fokuset som gjennomsyrar både kjernelementa og kompetansemåla.
Sprogpoliter si styrke er kursing og nettverksbygging for lærare og basert på kva eg har lest om tidligere språkpilotkurs som er holdt så verkar dette veldig inspirerande, og det å skape engasjement for dei nordiske språka blant lærare er utvilsomt ein nøkkel for å få engasjert elevane. Noko konkret eg kunne sjå for meg at kunne kome ut av dette er å etablere kontaktar frå andre skular i norden som ein kunne satt i gang brevveksling med. Altså at norske elevar blir brevvenner med en “venneklasse” i f.eks. Sverige. Hårstad trekkjer dette frem som ein god måte å få eit møte med autentiske tekster på de nordiske språka (Hårstad, 2021, s. 66).
Norden i skolen er den nettressurser eg meiner er den mest aktuelle, spesielt viss ein ikkje har arbeida så mykje med nordiske språk og ønskjer å kome i gang. Her er det lett å hoppe rett inn i eit opplegg utan å måtte kjenne nettsida noko særleg frå før, noko som i mine øyne er eit stort pluss. Som lærar er ein ofte pressa for tid, og jo lågare terskel for å sette seg inn i noko jo betre. Eg er spesielt begeistra for kortfilmane: Dei setter tankeprosessane i gang hos elevane, lar dei møte “teksten” med ein “top-down”-tilnærming, og dei medfølgande spørmåla er ypperlege både for å reflektere direkte rundt det språklege, samt reflektere rundt andre spørsmål som også vil gjere at elevane reflekterer inndirekte rundt nabospråka, ettersom ein må ha forstått ein god del for å klare å svara.
Ein kan oppsummera dei tre ressursane med ein fiskemetafor: Virsomme ord er som er ein fisk som vart fanga, men ein må sløye sjølv. Med Sprogpiloter er ein sjølv både fiskar og sløyar: Innhaldet ligg der, men ein må jobba for å få tak på det og bearbeide det (utenom dei ekstrerne ressursane sida linker til). Norden i skolen har både fanga og sløya fisken for lærarane. For dei fleste vil eg derfor anbefale sistnemnde, så må ein sjølv bedømme kor mykje ein ønskjer å arbeide med “fisken” sjølv.

Litteraturliste
Kompetansemål etter 7. Trinn—Læreplan i norsk (NOR01-07) | udir.no. (2024). Hentet 16. april 2026, fra https://www.udir.no/lk20/nor01-07/kompetansemaal-og-vurdering/kv919
Kjerneelementer—Norsk (NOR01‑07) (NOR01-07) | udir.no. (2024). Hentet 16. april 2026, fra https://www.udir.no/lk20/nor01-07/om-faget/kjerneelementer
Hårstad, S. (2021). Nabospråk og nabospråkundervisning (2. utgave). Cappelen Damm Akademisk.
Norden i Skolen. (u.å.). Innifrån akvariet. Norden i Skolen. https://nordeniskolen.org/nb/undervisningsmateriale/inifraan-akvariet
Nordiske Sprogpiloter. (n.d.). Undervisningsressourcer. Nordiske Sprogpiloter. http://www.sprogpiloter.org/p/blog-page.html
Virksomme ord. (2023). Talene som formet Skandinavia. Virksomme ord. https://www.virksommeord.no/talene-som-formet-skandinavia
Hårstad, S. & Solheim, R. (2021). Flerspråklighet i et nordisk perspektiv. I M.-A. Igland & M. Nygård (Red.), Norsk 5–10: Språkboka (2. utg., s. 211–229). Universitetsforlaget.