Dette er eit spørsmål eg har fått mange gonger under lærarutdanninga og svaret eg gir kan vere forskjellig frå gong til gong. I hovudsak valde eg å gange på lærarskulen fordi eg jobba eit år som lærar ved ein grendeskule i heimbygda mi. Dette trigga lysta til å ta denne utdanninga. Når eg jobba som lærar fekk eg sjå gleda elevar opplevde då dei meistra dei ulike oppgåvene ein møtte i skulen, samt korleis dårleg meistring kunne øydelegge skuledagen. Den gleda ville eg ta del i, noke eg også fekk oppleve. Eg kom rett frå fyrstegongstenesten i HMKG og hadde ingen lærarerfaring når eg fekk jobben, men tidligare erfaringar som elev, samt erfaring som lagførar for tolv mann i millitæret gjorde at eg meistra det å vere lærar, etter forholda, godt. Elevane, lika meg og respekterte meg, noke eg også gjorde, og etter det eg har høyrd fekk elevane mine også eit godt læringsutbytte.
Nå har eg gått på lærarskulen i 3 år, og ser sjølvsagt at måten eg var som lærar ikkje var perfekt. Dersom eg ser på den pedagogiske retninga eg fylgde som lærar, kunne det likne den sosialkognitive retninga med Bandura i spissen. Eg fungerte, på ein måte som rollemodell og lærestilen min var for det meste observasjonslæring. Etter meir pedagogikk og meir fagdidaktikk, så har eg lærd at det er mange måtar ein kan vere som lærar og uttallige teknikkar for at elevane skal få mest mogleg motivasjon og læringsutbytte. Min visjon som lærar er å bruke, kanskje også utvikle, metodar og metodikk som styrkjer elevanes motivasjon og læringsutbytte. Eg tykkjer elevar skal møte på ein varierande skulekvardag som styrkjar motivasjonen til å møte opp på skulen. Sidan det er eit stort mangfald i skulen, er dette eit spanande og komplisera emne innanfor det å vere lærar.
takk, for svar, karar! Petter, eg henta pensum som ikkje stamma frå dette semesteret, ettersom det stend at ein i hovudsak skal bruke pensum frå ped232, så valde eg å gå tilbake i pensum frå fyrste året på pedagogikk. dette fordi eg fant det meir gjeldane. Bilete æ fint veitdu, men skal vell ikkje søkje jobb via blogg, petter?;)
Godt skrevet Arne! Du har gode tanker rundt deg selv som lærer og hvordan du vil jobbe vidre i skolen. Også har du jo med deg gode lederegenskaper fra HMKG. Ser frem til flere flotte innlegg fra deg Mr. Djuve!
Først og fremst. Lekkert bilde, kanskje ikke et du burde bruke den dagen du skal søke jobb, men;) Ingen store overraskelser om grunnen til at du blei lærer i, kjenner deg jo relativt godt nå. Og det at du fungerer som en sersjant i klasserommet kunne jeg i grunn sett for meg. Savner litt at dette skulle være knytta til pensum. Ellers godt skrevet, med gode skildringer av deg selv.